Norsk mållære/4
§ 32. Setningane er enten hovuðsetninga eller undersetninga.
§ 33. Ei hovuðsetning er ei setning, som gjiv ei full meining og difor kan stå åleine, t. d. Månen er rund. Sola skjin.
§ 34 Ei undersetning er ei setning, som ikkje kan stå åleine, men må knytas til ei anna setning, som då har same gagne av henne som av ein eller annan setningdeil.
Merkn. 1. Hovuðsetninga, som de ikkje er knyta noko undersetning til, vert av mange kalla sersetninga.
Merkn. 2. Ei hovuðsetning (sersetning) kan enten vera snauð eller utviða (§ 24 og 25.); likeso kan de vera með undersetningjen.
§ 35. Undersetningane er:
- Hovuðdeilsetning, som stend istaðen for ein hovuðdeil (§ 23.). At du skriv vakkert (hovuðdeil), er vist, (omsegndeil).
- Motdeilsetning, som stend istaðen for ein motdeil (§ 28). Vargjen veit, (hovuðsetning), at han har tenner (motdeilsetning).
Merkn. Desse tvo slag setninga vert au kalla tingsetninga, diat dei stend istaðen for eit tingorð.
- Tingfyllingsetning, som stend istaðen for ei tingfylling (§ 27.). Den katta, som er grå, er den vakraste (ɔ: den gråe katta er o. s. b.). Den høna, som verp, vil alle ha (ɔ: den verpande høna vil o. s. b.)
Merkn, Desse vert au kalla skapnaðsetninga.
- Omstandssetning, som opgjiv eit eller anna omstande veð omsegnen, slikt som: tið, orsak, vilkår, inrøming, endemål, følgje og likning. (Likn ihop §§ 18, merkn. og 31.).
§ 36. Tvo (eller fleire) setninga av same slagje er ofte samenknytte með siðestellande bindeorð og soleiðs ikkje understelte kvarandre som hovuð- og undersetning. Slike setninga heite siðesetninga. Eg gjek, og han sprang. Når snøen bråne, og markja grønes, kjem blomen at.
- Tverstrek (,) vert set: 1, millom setningdeile av same slagje, dersom bindeorðe ikkje står, 2, etter tiltaleorð, soframt at de ikkje er ut-rop. 3, millom hovuðsetning og tilhøyrande undersetning. 4, millom tvo undersetninga, som høyre til same setning. 5, millom tvo undersetninga, som er understelte kvarandre. 6, millom hovuðsetninga, som er støtte. og høyre nære ihop i tanken, serleg når bindeorðe er og. 7, førre og etter atåtsette (§ 27, merkn. 1.).
- Prik (.) vert set, når ei heil, avgrensa meining er til endes.
- Prikstrek (;) vert set, der tverstrek er for lite og prik for stort teikn. Prikstrek står: 1, millom tvo hovuðsetninga. 2, millom undersetninga, som høyre til kvar si hovuðsetning. 3, millom hovuðsetning og undersetning, når denne siðste høyre til ei anna hovuðsetning.
Merkn. Brukjen av prik, prikstrek og (deilvis) tverstrek er mykje osteð. De tykkjes best å sløyfe ein slik millomting som prikstrek og bruke prik (og tverstrek) istaðen.
- Tviprik (:) vet set: 1, førre ei oprekning. 2, etter den hovuðsetningjen, som gjiv tilkjenne, at eins tanke eller orð vert avskrevne orðret, men ikkje utan at denne hovuðsetningja stend førre avskriften, elles vert de set berre tverstrek.
- Avsrkiftteikn („ “) vert set førre og etter ei orðret avskrift av eins tanka eller orð.
- Spørsmålsteikn (?) vert set etter eit beintframt spørsmål.
- Utropsteikn (!) vert set etter eit utrop, enten de er ei heil setning eller berre eit orð, og etter ei tilsetsetning.
- Tankestrek (—) vert set: 1, når de kjem noko i setningjen, som er oventande, eller som lesaren skal anse vel på. 2, når setningja vert avbrote. I siðste tilfelle vert ofte ei reið með prikka bruka istaðen.
- Klemmo ( ) vert set førre og etter ei setning eller eit orð, som inneheld ei utgreiðning eller merknað, som ikkje er nauðtorveleg for meiningjen og oftast heng noko laust samen með henne.
- Optakteikn(:,: :,:) eller (ǀ: :ǀ) vert set førre og etter orð, som skal lesas eller syngas tvo gonga.