H. Aschehoug & Co. (s. 69-70).

Nybaar’s-Karann.

I gamle Daagaa va Nybaar’ ein sjøl-eigande Gard førr de kom onde Bjølsta og i di Ti’n va de tvo Brør i Nybaar, som va naagaa framifraa hard-sette El’s-Skjyttare. Men døm va tvæ fæle Aagaa-Løyso ou, som ofte foor olikt aat baade me Heie og Kriste.

Den eine ’taa Brørom raakaa fram-i ein Elg paa Sein-Houste, Eingong, som han ikje va Kar um aa kaamaa i Skott ve. Han floug og strennda all Maark upp, høgt og laagt, vidt og breidt og sist vart han saa endin og utkjørd, at han lout gjeva se. Men da forbanna han se te Liv og Sæl paa, at detta skulde Elgen kaamaa te aa umgjelde, naar de vart Skaaraa-Føre te-vaars.

Vaar’n ette jaagaa han upp ei El’s-Ku paa Skaaraa og ho sette han ette paa Skjiom. Kue gjekk sist-paa me Kalve og Skaaran va hard saa El’s-Kue baska hardt me aa kaamaa onda. No ska eg naa meg, for de eg floug i Maafaa i Houst! tenkte Nybaar’n, han saag de vilde ikje gaa lengje, førr El’s-Kue gjekk upp. Um ei Ri’ fekk ho ikje Fot um a’an meir, men da venda ho se midt imot ’om, detta se paa Kne og sytte. Nybaar’n sette Kula i ho, lell, han og me di saamaa ho fekk Skote, kalva ho.

Um Kvell’n da han gjekk paa Heim-Vegen, bar ho te aa kaamaa upp-att i Tankom hans, denna stakkars El’s-Kue han dreiv saa hardt inn-i Douin. Te meir han tenkte paa de, te hardare kravde Samvete[1] han og han kjennde væl, at han ha gjort naagaa saa styggt, at de vilde kaamaa te, aa liggje paa ’om allt, han va te, sia. Og da han kom inn-onde Nybaar’s-Jorde va han saa utu Verd’n og saa lei se sjøl, at han gjekk inn-aat ein stor Stein og skout se. Der fann døm han att me Rifflun ve Sia.

Nybaar’n vart jorda paa di gamle Kjørkjegarde mea’ Heidals-Kjørkja sto i Prestgarde. No ha han aatt ein framifraa go Els-Hond, mea’ han livde, som fylgde ’om, kaar han foor, baade i Fjell og Fyru. Og da han vart jorda, grov Honn se ne-paa Kjist-Laaka hans og la se te der te han svolt ihel. Da detta kom ut millom Bygdafolkje, bar døm te aa tenkje ivi de. Fyst ha døm lagt ein Sjøl-Mordar paa Kjørkjegard’n sin og no ha de dott ein Honn der attpaa – paa denne Visen ha heile Kjørkjegard’n vorte orein. Detta tykte Alle va utokka og saa vart døm te-raa’s aa fløtja Kjørkja fraa Prestgarde aat Bjølsta.

Merkna. Att-aat Fout-Reiknskape for Gullbransdale for 1629 ligg ei Seks-manns-Takst som ly’e saa: „Anno 1628 den 6 Novembris vare vi udi louglig Tilnevning paa en liden Ødegaard kaldis Nyborig, hvorhelst boede en Mand paa forskrevne Gaard ved Navn Olluf, som sig selv udi Enlighed i Skougen haver ombragt og ihjelskjødt foruden nogen Menniskers Kundskab. Efter saadan bemeldte Olluf Nyborigs egen Ombringelse og Aftag, er hans Bo og Gods anteignet og efter alle louglig Gjeld er afbetald, Halvparten at være forbrudt under hans Majestæt. – – – – – – – – .“

  1. Samvet er her brukt ista’n for de lange, stygge Orde me tysk Rompe: Samvittogheit.