Side:Tolstoi-boki.djvu/162

Denne siden er korrekturlest
Brigde


(Istaden for denne siste bolken fraa der Anisja gjeng etter baanet side 154 kan denne utgangen brukast).

(Same utstyr som i fyrste vending).
(Anjutka ligg avklædd paa benken med ei kaape over seg. Mitritsch sit ved bordet og røykjer).

Mitritsch. Jau, dei hev rent godt i seg; giv dei maa faa ein agurk paa tvert i sin hals! Og det hev gjenge likeso mykje paa golvet som i kverken paa dei, fyllebyttorne! Nei, for ein snik! Ein kan ikkje døyva han med tobaksrøyk, desmeir. Allstad like i nasa! (geispar). Aa Herre Jesus! Det er paa tide aa leggja seg. (gjeng burt til lampen og vil skruva han ned).

Anjutka (fer upp og vert sitjande). Kjære bestefar! Du maa endeleg ikkje sløkkja. Ver no gild!

Mitritsch. Kvi maa eg ikkje sløkkja?

Anjutka. Dei held slik sjau ut paa tunet, (lyer). Høyrer du? No kjem dei inn i kammerset att.

Mitritsch. Kva skil det deg? Det er ingen som hev sendt bod etter deg. Legg du deg berre til og sov, so skruvar eg lampen ned.

Anjutka. Kjæraste, søtaste vesle bestefar! sløkk han ikkje heilt. Lat det tora ein liten kjend, so pass som eit lite museauga. Eg er so rædd.

Mitritsch (lær). Haa — haa! Ja, ja (set seg burt til ho). Kva er du rædd for?

Anjutka. Aa, bestefar! Vesle Akulina hadde det so vondt. Ho laag og slo hovudet mot kista