H. Aschehoug & Co. (s. 148-150).
Skaffar’n.

Namne fekk han ’taa di han ei Ti’ va paa Bræe og gjekk i Gardom sa te Skjuss, „skaffa Skjuss“, aat di Reisandes, som foor. Bræe ha no vore Skjuss-Skaffar-Gard sia’ den Ti’e Skottann foor, maa’ta. Han Per Skaffar va stygg paa Vokst, framslutin og baagjin og saa lang i Armom, at Henn hans rokk ein go Mon ne-um Knee. Men sterk va han utu Maata.

De foor ein Post-Embetsmann igjønom Dal’n eingong og da han kjørde fraa Bræe, fekk han Skaffar’n te Skjuss-Kar aat Romongard. Mann kjørde aagaaloust fort og han Per vaaga se te aa gjeta paa, at han va forr-hard ve Øyken. De vart Mann saa sinnt for, at han ga ’om Per Hu’e full me Ska’rs-Ord. Han Per ga Illt att og me di gjekk de ut og ut tess han Per vart saa sinnt, at han ga Postmanne ein Neva-Dask. Og han va saa hard, at Mann somna av og vakna ikje upp-att meir, her i Verd’n.

De kom for Retten, detta, og Skaffar’n vart dømt av me Live, hell te aa sitja i Slavrie si heile Leve-Ti’, slik lydde Heimretts-Dommen. No skulde Dommen sendas aat Fout og Amtmann og kaamaa for Lagtinge og Skaffar’n ha faatt Ve’r ’taa, kaa Ti’ Dommen va ventande i Poste. Han visste ’taa, at Post-Kjørar’n stødt va uppe paa Melems-Hougje og fekk se ein Pæ’l Brennvin kaar Gong han foor og den Stonde let han Hesten staa att me Post-Skreppun i Vegje. Den Glotten passa Skaffar’n, han skar upp Skreppa, fann Dommen og tok han. Ingen vart var di, og Sakje me ’om Per Skaffar do burt, saa ingen høyrde meir um ho sia’ og han Per gjekk paa Bræe og „skaffa Skjuss“, som han ha gjort førr.

Han va saa hard i Mat-Fate, Skaffar’n, naar de stakk ’om, at han saag ut te aa vera bott’-lous, og fekk han forr-lite i Sekken, saa lika han se ille. Og ikje likte han aa vera me i tongt Gards-Arbei’, hell; paa Bræe skulde han vera me og graavaa ut Sou-Tallin, ein Vaar, men da la han se laak. Mea’ han laag fekk han lite Mat, berre naagaa Smaa-Brø og inkort som godt va, men som de va liten Mon i – „slikt mona ikje aat Vomben hans Per, de“, sa han sjøl. Me di sto han upp-att, gjekk burti Fjose aat døm, som grov Talle, og sto saag paa døm. „Ha eg visst, at de ikje va verre aa graavaa Møk, saa, Je’n ta meg, skulde eg lagt meg laak!“ sa’n.

Eingong kom Skaffar’n inn paa Bræe og sette se i Benken; Kjeringje heldt paa aa laagaa Mat aat nogre Reisandes som kvilte der og sette ei stor Panne me Egg og Flesk att-paa Aarin da han Per kom inn i Stugo. Dette va ette han Per Skaffar ha slutta me aa vera paa Garde. „Du ha steikt bra me Flesk du, Kjering,“ sa han Per. „Ja, men detta ska ikje kaamaa for dine Nebb, de, Per,“ sa Kjeringje. Hm, ja ska de ikje kaamaa for mine Nebb, saa, Je’en ta meg, ska de kaamaa for dine hell, tenkte eg, sa han Per, naar han fortalde um detta, – og saa va han te-rei’e, mea’ Kjeringje va ei Ærend aat Stabure, aa sette i se allt i Pannun va.

Da Skaffar’n vart langt te-aars, bygsla han ein Plass onde Bræe kallast Tulut, og her livde han si Ti’. Ette han kom aat Tulut va de ein Maargaa me di saamaa han sto upp, han fekk høyre eit vandskapele Leven og Skreek paa Nørdre Vangje. De va kome eit stort Fant-Følgje der um Kvell’n og no ha døm skapt se galne. Skaffar’n skjøna kaa de va paa-ferd, fann se ein gjild Oulder-Lurk og tok Sprange. Da han naadde fram, va de ein stor fæl Fant, som ha faatt Mann i Huse, han Per Vangje, onde se paa Golve og heldt ein lang Tollkniv upp-ivi ’om. Skaffar’n dreiv te Fante over Avle’en saa Kniven sto i Veggje og sia’ ga han paa han me Oulder-Lurkje saa-lengje, han tykte de trongdes. Sia’ dengde han di hine i Følgje saa fælt, at døm vart liggjande te-sengs paa Vangje i mange Daagaa ette. „Du kann ikje dengje Fant, du, Per!“ sa Skaffar’n ve han Per Vangje, da han ha gjort døm fraa se.

Skaffar’n va ofte paa Soljem i Arbei’ og ein Saamaar va han me ut-paa Øyom i Slaatte; døm. va sjoug hell otte Kare og ha me se ei Kaku te-manns te Maargaa-Verds. Ein Gong døm skulde setja se te aa eta Maargaa-Verd’n, va de ein ’taa Karom som vilde vaage ve Skaffar’n, at han ikje orka eta upp baade si eigje Maargaaverds-Kaku[1] og sia’ aat alle hine. Jou, han Per sette i se sjoug hell otte Kaku, førr han ga se. Seinar ein Dag aat han upp all den Soll’n døm skulde havt te Nons og der-te ein go Dask[2] me Kall-Grout som sto att ette Dugurde. Og ikje berre de, men han aat upp Skreppa, døm ha Soll-Brøe i, ou! Skreppa og Reiminn korva han smaae og blanda i Soll’n og Søljunn slo han sonn og stakk Jønn-Stykkjye inn-i Kall-grout-Beta. Men ikje at du skulde høyre, at han fekk den minste Maagaa-Rift[3] bak-ette.

Aat Nigard-Bu kom han eingong og ba um aa faa laane eit Hal’-Ponn Mjøl, han aatte ikje Mjøl-Saae, bar han se for. Jou de fekk han. Da han kom att me Laane, ha han tikji me se paa eit Raam og me di vart de paa-lag Hal’ta, som gjekk av[4]. Da han saag de, sa han: „Ja, ha eg no havt Mjolk, saa skulde eg sli’i meg upp ein Grout.“ Mjolk skulde han faa, de han trongde, sa Kjeringje, og att-paa fekk han ein stor Avgang[5] me Rum-Grout, ho ha staa-ande. ’Taa Mjøle sine fekk han ei Gryte me Grout saa stor, at han orka ikje aa eta upp allt paa ein Gong; men da la han se i Benken og kvilte ei Ri’ – saa tok han de, som att va. Paa Bræe svøl’de han Skjinne og Hugue ’taa ein vaksin Raakaa-Fisk – han stappa Hugue inn-i Skjinne og tok heile Klompen i ein Svølg. Te dagle va ikje han Per Skaffar verre i Mat-Fate, hell ein a’an medels Kar, og naar han sette paa aa stor-eta, saa va de for Moro og Galningsskap; de er mange Gjerdin paa Morun ou, maa’ta.

  1. Maargaaverds-Kaku: ikje mykje store Omns-Brø ’taa Rogmjøl og Byggmjøl te-samen; de væ Takste, at kaar vakse Menneskje fekk ei slik Kaku me Smør att-aat te Maargaa-Verds, saales, paa Ut-Vinnom.
  2. Dask: Hympe, Slomp.
  3. Maagaa-Rift: Rift (Reev), Illt i Maagaa.
  4. som gjekk av: vart te-overs.
  5. Avgang: Avleive „Levning“.