Summe ’taa Fjell-Følgje hans Jo Gjende

Summe ’taa Fjell-Følgje hans Jo Gjende.

Frama’-for er de nemnt, at han Jo Gjende va vand um, kem han vilde gaa i Følgje me te-fjells; helst gjekk han te-fjells for-utta Følgje, men de va 6 Lalminge som jemnan fyl’de ’om te kaart Aar i lang Ti’. Naar ein tek døm ette Aldere, va de fyst han Jo Rottem, han Svein Bjønnsta, han Gullbran og han Jakup Snele, han Ola Bolsta og han Kristafor Skaar. Alle seks va døm gløgge te aa skjote og væl kjennde i Fjelle, hardsette Kare te aa gaa. Nogre ’taa døm gjekk ette Reine for Nytta Skull, men Fjell-Hogen laag no saa hard i døm alle, at te-fjells lout døm, antell døm ha naagaa for de hell ikje. Alle dreiv døm Gardsbruk saa-ner som Bolsta’n, men naar den beste Fjell-Ti’e kom um Housten, barst de aat Gjende me døm um saa Aaker’n sto att brest-ferdog heime paa Garde.

Han Jo Gjende va no Firi-Mann og Førar’n deres og Meiningunn hans, baade um de eine og de andre, heldt døm se ette paa alle Vis. De kunde vera me inkort smaatt summe ’taa døm vikte lite, slik som me di, at han Svein Bjønnsta og han Kristafor Skaar ha Knall-Laas paa Haglom sine, men du kunde raadt døm te og sett slikt Laas paa Riflunn, ou, saa skulde du faatt høyrt! Fire ’taa døm ha Staal-Pipo og di tvo hine kaar si staal-sette Østerdøle.

Naar han Jo Gjende og desse seks Lalmingann samlast ve Gjendes-Osen og i Leirongs-Bu’n saa baadst de for, at meir hell ein Stor-Bukk gjekk me Feigden i Fjelle. Trast døm kom te-samen og i nogre Daagaa ette, va de Go-Ve’r og stor Venskap me alle ihop og de va Liv og Gaamaa, baade i Bu’n hans Jo og i Leirongs-Bu’n, naar døm samlast te Maals me Nist-Skreppom sine, hell sat og samrødde ve Skaarstein ut-igjønom Kvell’n. Men lei’ de lenger ut-i Leiken, saa va de ikje aa lite paa, at han „Sjøl“ trivdest me aa ha saa mange umkring se; de kunde radt hende han stoms tok me se han Jakup Snele og reiste „nord-um“ og la se te i Bu’n norda’ Gjende. Saa kunde de vippe se, at allt gjekk væl og at Samna’n va go saa-ner som me ’om Gullbran Snele. For me honom og ’om Jo va de gomol Takst, at døm vart O-vini treja hell fjorde Dagen ette døm kom ihop. „Han er saa glup aa vera i Lag me tvo hell tri Daagaa,“ sa han Jo sjøl; „men dragna de lenger, gjere han se saa rangvind og lei’, at de kan ingen Fa’n semjast me ’om, korkje ute hell inne. Han er saa trassog og nødd um aa kjivast, at ein lyt rymme Huse for ’om!“ Rottem’n va Sys’kjinbaan ve han Jo og nogre Aar eldre; han va ein framifraa hennt Kar og ein, som kunde greie se baade i Fjell og Fyru og for de meste samdest han væl me ’om „Sjøl“. Men va han „Sjøl“ reint i Olagje, saa va ikje Rottem’n te-lags hell, han fekk baade de eine og de andre Kyte. Fyst va de no de, at han va saa forbanna laak te aa ro, naar døm skulde nord-ette Gjende i Baat. „Han stikk Aarinn ende ne-me Baat-Barde og sit der kaaraa, som han skulde ha tvæ Bakstve’-Stikko i Hendom og Baaten kjøm ingen Veg.“ Og saa de, at han va „saa helvitis dum og faa-kunnog, at han skjølde ikje Grov-A’-ann Eingong, og ei Bok ha han no ikje havt i Hendom ette han sto paa Golve“. Me di hine va de ou jemnan inkort, som han ikje maatte li’[1]. Han Ola Bolsta va saa sjøl-klok og inn-malisk og full me Sladder, at han Jo „traatta ikje høyre Maale hans, tess-hell“ og han Kristafor Skaar va slikt eit Marmelde[2] te Kar, at han va berre som ei Førkje – han kunde ikje skjøne, „kaa Fa’n han Kristafor vilde te-fjells ette, han er ikje Kar te, aa leggje upp ei skjikkele Kjøt-Kløv, Eingong“. Bjønnsta’n – ja, han va nok den hard-settaste Reins-Skjyttar’n i Bygden nest ette om Jo, men han va ein Fuling og fann radt paa ei Lygn, disom han saag se Mon hell Gagn ’taa di, og va han go-te snikje se te eit Dyr for se sjøl, saa gjorde han de. Difor va de alder naagaa samfast Venskap me Bjønnstae hell, enda di tvo skulde høvt væl te aa halde Følgje i Fjelle.

Lite Ovun-Sjuke[3] vil de jemnt vera baade millom Skjyttare og Fiskare, men døm er for di meste saa fløge, at døm ber ho ikje upp. Naar desse Følgjes-Kammeratann hans Jo Gjende va i Hus og i Følgje me ’om, saa fann ingen a’an ’taa døm, hell han Gullbran Snele paa, aa kjeppast me ’om, døm heldt se som Lær’-Gute for ’om, alle. Men paa Bakje hans kunde de vera eit anna Læte, vissa ha baade Bjønnsta’n og Bolsta’n stor Hog te, aa ha han forr se baade for eitt og hitt. Da ha døm aa fortelja ’taa, at døm ha vore go-te narra han reint upp Domba, summe Gongo. Men ikje naagaa va saa forkunn[4], som naar døm kunde fortelja, at han Jo ha skote imisst paa Rein hell skote laakt te-maals, for de henda ’om Jo, som alle andre Skjyttare, maa’ta, at de gjekk paa skjeivt for honom, ou. Dette va no elles Smaa-Hakk som lite ha paa se, og um han Jo skjøna de og fekk høyre inkort imillom, saa let han se ikje merkje me di. Men Bolsta’n vart han styggt sinnt paa for Kjeften hans den Gongen, han Jo vann Kongsbergrifla si i Primi. Bolsta’n gjorde Narr ’taa di store Høgti’ingen[5] for ’om Jo da han vart bore paa Gullstol og de vart ropt Hurra for ’om. „Eg trudde de ha borest aat Paradis me deg, eg, men ette di, du ikje kom dit da, saa kjøm du no ikje hell dit, nugun Gong!“ sa Bolsta’n.

Di tri ’taa desse Fjell-Mennom va „be-lesne“; Bolsta’n ha lese di saamaa Bøken ette Voltaire, Volney og Hollberg som han Jo sjøl og ha di saamaa Tankann um de Gudelege, som han. Bolsta’n ha lettare Neme hell han Jo og va ein lentog Kar, men han aatte ikje de Aalvore hell den Granskar-Hogen. Bjønnsta’n ha lese um alle Lann og alle Kri’e att-igjønom, og um „han gamle Napoleon“ visste han allt fraa Vogge te Grav. Han las „Maargaablae“ paa Toulsta, ette-som døm vart forr-gamle, og difor visste han aa fortelja um de nye, som ha henda for eit hal’t Aar sia’, baade inna-lanns og utta-lanns. Han Gullbran Snele ha ou Hog paa Lesna og ha lese „Moralske Tanker“, „Kirkehistorie“, „Levnetsløb“ og „Epistler“; Eingong han vilde laane Bøk hjaa Preste paa Sta’e varsla han firi-aat um, at han „las ikje andre, hell filosofiske Bøk“. Di hine tri dugde ikje stort i Bøkom og Lærdomme og døm vart sitjande som døm skulde vore dansa ’taa Golve, naar dessa hine bar te aa herme Volney og Hollbergen og taalaa um Pavin og Gjes’lestann og meire slikt. Te aa lesa inni-bok va han Jakup Snele reint over døm alle og han va den einasta taa døm, som kunde bruke Pen te aa skrive eit Bevis hell eit endeframt Brev naar de kniptest, men Lærdom og Grubling ha han ikje Liv for.

Den, som dreiv Skjoting og Fisking traa-ast for aa gjera se Nytte ’taa di, va han Svein Bjønnsta og han kom te-gards me mang-ei tong Kjøt-Kløv og Fiske-Kløv paa Øver-Bjønnsta. Han va ein grovt stor og sterk-vuksin Kar, tong i Kroppe og vaggot i Gongun; han gjekk tongt, men va namn-spord for aa vera hard te aa „rekkje“ i Fjelle. I Fjell-Bonae sine saag han ut som ein Jutul, berre di store Beksom-Skone hans va som Loupe aa sjaa te og de henda, døm vog go’e 18 Merk! Imillom di andre ’taa Fjell-Følgje hans Jo Gjende, ha han Svein Ord for aa vera blout-øygd og ostø i Kroppe, saa han jemnan skout imisst. Daa Murudale, der han ha Sætre si, gjekk han ofte ette Bjønne, men de vilde alder vippe se for ’om. Han Svein va hoga paa ein Dram, men elles va han ingen Drikkar; naar han fekk uppi Knoppen song han Sange ette Volkvart og Zetlitz um ein-a’an og stødt song han denne Songen: „Bor jeg paa det høie Fjeld“, men den brigda han lite paa saales: „bor jeg paa det høie Fjeld hvor han Svein skout ein Rein saa han kanta paa Si’a“. I 1868 selde han Gard’n og reiste aat Amerika. Her livde han te umkring 1890 og vart over 90 Aar gomol. I eitt ’taa siste Aarom han livde, va de ein Vaagaa-Ver i Gjest hjaa ’om Svein paa „Farme“ hans i Wisconsin og Gamlin va enno røkjin og minnog[6]. De han helst taalaa um va Reins-Fjelle og Skjyttar-Ferdinn sine, Gjende og Høgfjelle gløymde han alder. De er han Svein, som Professor Friis skriv um i „Tilfjelds i Ferierne“, men ve eit Mistak er han der kalla Svein Bjølstad.

Han Gullbran Snele va i di yngre Daag’om sine og ei Ti’ fram-ette, ein Drikkar og ein Styrar ’taa verste Slag. I Fyll’n va han saa aagaa-lous og ovørdin te aa faaraa me Gap og Fantstrøk, at de va stor Fare aa bli forr ’om. Han aatte Sygard-Snele og gjifta se Pening te, men me Gards-Brukje gjekk de att- aa-Bak for ’om, for antell foor han paa Vidden og drakk, hell-ou laag han i Fjelle paa Fisking og Skjoting. Da han kom langt ut-i Aare kjøpte han Steinfinsbø i Heidale og ette han kom der, vart han ein stø og fre’ele Mann. Han skout ikje saa mykjy Rein han, som Bjønnsta’n og hell-ikje laag han saa hardt ette di; ette han vart gomol, va de Fisking han foor me som mest.

De gaar enno att Ord i Bygden, um alle di Gap-Strøkje han gjorde ei Ti’ og de kan vera sliks-Slag[7] um ein tek me eit Par ’taa døm.

De va ein Reins-Skjyttar, heitte Gamel-Gyin, som kaart Aar laag ve Gjende og Leirongen, fiska og gjekk ette Reine, um ein-a’an. Han skulde vera ei stor Lei’e, som ingen ha Hog te aa vera i Lag me, korkje i Bu’n hell i Fjelle, men han Gullbran Snele forsmaadde ikje, aa halde Lag me ’om, han, og der raakaa han ou rette Guten sin. Ein Dag skout døm tvo Bukke inn-paa Holom og fraa der inn-i lyt ein bera ne’ Kjøte paa Ryggje ette nøgre Løypte, som er baade stygge og farlege. Summe Stelle er de saa bratt, att kjøm ein paa Gletten er de berre aa sleppe Børde iveg aa le’ ho faaraa, for aa berge se sjøl. No ha Gamel-Gyin laagaa se te ein Bak-Meis te aa bera Kjøt i, hann va saa lett og snedde[8] og han tenkte, ’n skulde vera overlag lugum aa ha me i Fjelle. Da Karann skulde gaa ne-att um Eftan, la Øyin ei Kjøt-Børd i Meisen, saa-pass, som han tyktest aa orke, og han Gullbran va saa utu Maata beinksamd te aa hjolpe ’om me aa faa Meisen beint og godt paa Ryggen lagt. Saa skjøldest døm, for han Gullbran vilde att-ende, lenger inn-paa Fjelle ette Hønnom og Hu’n ’taa di eine Bukkje; han skulde kaamaa ette me døm og me baae Riflom. Ja, Øyin rugga aat[9] me Kjøt-Børd’n sine og gjekk, te han vart kjei og vilde sløngje Meisen ne-paa Fjelle og kvile, men – Meisen va paa-snørd saa væl, at de va ikje Raa’ aa faa han ’taa. Han vart sinnt og skulde gripe Tollkniven og skjera av Snøre og saa – va Tollkniven burte utu Skjei’om. Jou, de va likt te, han ha havt go Hjolp me aa faa Kjøt-Børde paa se. Saa vart de aa stille og leite se ne ette Skortom og Lega-om, han stræva saa Sveittin droup og kvile fekk han ikje hell, naar han ikje nettup raakaa ein høvele Stein hell ein Seta, han kunde faa hengje Børde innpaa. Saales kom han ne-aat Leirongs-Bu’n te-sist, saa sigga og klar, at han skolv i kaar ein Lem, og da han Gullbran kom ette um Kvell’n, sat Gamel-Øyin fram-me Bu-Veggje me Kjøt-Børd’n paa Ryggje, han ha sparka og spennt me Hælom, saa de va svart langt umkring han. „Slik Satan te Menneskje, som du, ha de alder vore skapt her i Verd’n, du vørde ikje, um du drap Folk!“ sa Gamel-Øyin da han Gullbran endele løyste Børde ’taa ’om. Ein a’an Gong fekk han narra Øyin ne-i Leirongs-Aae og nogre Daagaa ette tverr-tok han Baaten me Aarom mea’ ÆØyin sto i Baat-Stamme og sette Gaan, saa han stupte ne-i Leirongen. No skulde ein tenkt, at Gamel-Øyin ha vorte lei slikt Kammeratskap, men de va de onderlege, at døm jemnan heldt Lag likevæl, hjolp ikje, døm alder va te-samen ei Viku, mindre han Gullbran va ute me eit Fantstrøk. Eingong dreiv døm og fiska paa Leirongje og ha vore paa Vatne og tikji upp-att Gaane um Maargaann. Øyin va gomol og da døm ha greitt og rasta Gaane, maagaa og salta ne Fisken og stellt væl fraa se allt, va han kjei og vilde taakaa se ei go Kvild inn-i Bu’n. Han la se paa Brisken og somna me di saamaa. Da han Gullbran saag detta, gjekk han ut og reiv et stort Fanga me Kjeringkjørr han la inn-paa Skaarstein, tenda væl i Kjørre, gjekk saa ut, stengde Døre og kleiv uppaa Take, la ei Helle over Omn-Pipa. Me di sette han se paa ei Tuve og drygde saa lengje, som han paa nugun Vis tordest, før han opna Døre att. Og da han endele lette upp Døre, laag Gamel-Øyin hu’flat paa Oure og sette Naasan hardast inni ei litol Revo i Dørn. Igjønom den Revo fekk han saapass Ve’r, at han teva, men Bue va saa full me Røyk, at han volt ut. Slikt va de han Gullbran ha største Hogen te aa faaraa me i sine onge Daagaa; somt kunde vera morosamt ou, men mangt va baade saa o-vørde og o-dyrsle, at Moro vart burte.

Han Gullbran va ein nou-go liten Kar me ei Helse, som sto imot me kaa, de va. De einaste, som nagga ’om va de, at han va snøgg te aa bli snjo-blinn; de plaaga han styggt nogre Gongo. Ve Murimess-Ti’e laag han Gullbran og han Sta’e-Lars i Rustli’n ette Reine og ein Dag gjekk han Gullbran att-i Veodal’n, raakaa fram-i ein Reins-Hop og skout eit Dyr. Men førr han kunde taakaa te aa flaa, bar han te aa bli snjoblinn og de va um Live aa trevle, at han sist va go-te finne inn-i Bergenuss-Bue i Veo-dale. Um Dagen ette tok han Sta’e-Lars Skji-Kjolkjin deres og sette att-i Veodalen, han tenkte no, han kunde funne att han Gullbran dou, inkun Sta’n, maa’ta. Han fann Ferde[10] hans fann Rein han ha skote og rekte han[11] inn i Bergenuss-Bue. Da han Lars kom i Dørn, sat han Gullbran sette baae Føt’n uppi den høge Aarin og – greet. Ivi Fjelle fekk han Lars slæpa han me se paa den Gjerde, at hann gjekk firi og drog Kjolkjin me Reinsdyre og han Gullbran gjekk ette og sette Rifla si ne-paa Kjolkjin, for han saag ikje de alle’ minste.

Ette han va nere inn-aat di fjorde Tjuge, laag han og fiska ve Øyangen i Frons-Fjelle i mange Saamre. Ein Houst han slutta og skulde faaraa heim att, kom de stinn Skodde paa han, saa han bar te aa gaa villt. De va kome ein Skraa-Snjog og va graa-kaldt. Han gjekk og gjekk men kom att-paa sine eigne Slag att tri Gongo, saa han skjøna, at han berre gjekk i Ring. Sist raakaa han ei Maasaa-Bu og der gjekk han inn og vilde kvile ei Ti’ te han fekk sjaa, um Skodda letta. Han tok ’taa se Ronn-Trøya som ha vorte naagaa vaat ’taa Skodde og Sveitte, la se paa ein Brisk i Bu’n og balla Trøya umkring Hugue og somna. Da han vakna att um ei Ti’, ha Skodda letna saa han saag Lei’e, men Ronn-Trøya hans ha vorte saa stiv-tela mea’ han laag, at han fekk ho ikje paa se att, men lout gaa og bera ho onde Arme. Men han Gullbran fekk ikje Eingong Krim ’taa di, han.

Bolsta’n va gomol Ong-Kar, som han Jo Gjende, og paa mange Vis ein onderle Einstø’ing; men att-aat di va han ein Fleip og ein ordhittog Selle. Han va hendog og ein framifraa go Skji-Maakaar. I Lag me ’om Svein Bjønnsta byggde han ein Ulv-Gard paa Toulsta-Moom og her tok døm nogre Ulve og ei Goupe hell tvæ. Sia’ ha han Hal’t me ein Prukkerater som budde paa Vaagaa, og dreiv me aa drepa Ulv paa Utlegg[12]. Eingong ha han drepe tvo me Utleggje ei Natt og saa lesste han paa eit stort Lass me La’-Ve’[13], Prukkerater’n ha kjøpt, og tok me di tvo Ulvann me di saamaa. Han kom saa tile fram me Ve’a-Lasse, at Prukkerater’n va ikje uppe enda, men Fruga ba han Ola inn og gjorde ’om te-go’e me Kaffe og Bite-i. Ho ba han vente lite, saa kom nok Mann snart. „Ja, eg ha tvoug Dø’sfall aa melle, eg, naar han kjøm,“ sa han Ola. „Nei, men kjære dig, min Ole! – min Mand har ikke noget at gjøre med den Ting, det er Lensmanden og Presten det!“ sa Fruga og vart reint anna’s ve’. „Ja, de er vel saa de, kanskje, men dette er Tvo, som ha ete ihel se og saa er de nok berre Ulve ou, da, naar de gjell paa,“ svaaraa han Ola, og saa vart de no Moro, maa’ta ’taa di Mellingen.

Han Ola Bolsta slutta me Børsun mea’ han va aa kalle i beste Aarom og livde paa Føraa’ all sin Dag.

Han Kristafor Skaar va ein still-ferle Mann og lite te-munns imot di hine ’taa desse Karom. Han va nouande gløgg te aa skjote me di gamle Østerdølun sine, men han ou slutta me Reins-Fjelle tile i Leikje; att-i Sta’n laag han te kaar Houst og fiska ve Flatningen.

Ho Jo Rottem dreiv hell-ikje Reins-Skjotingje sa stadogt; han va Raa’s-Kar paa ein Gard og ein drivandes Gardbrukar, ein framifraa hendt Kar paa allt Gards-Arbei’, antell de va te-tre’s hell te-sme’s; kaar ein Ambo’s-Ting han gjorde, skjølde se ut me di de baade va troust og vælgjort og lugumt for Brukje. Og saa va han ein ’taa desse, som kunde gjere kaa de va og alder gjorde naagaa fjaskot fraa se.

Um han Jakup Snele er de fortald frama’-for.



  1. maatte li’: kunde li(da), like.
  2. Marmelde: Tufs, liten, veik Stakkar.
  3. Ovun-Sjuke, utt Ougun-Sjuke.
  4. saa forkunn: smaakaa saa godt.
  5. Høg-ti’ing: Stas, Ære.
  6. minnog: som ha godt Minne.
  7. sliks-Slag, utt.: sliss-Slag: eitt og de saamaa.
  8. snedde: lettvinn, snodig.
  9. aat: ivegen, „ad“.
  10. Ferde, ei Ferd, utt. Fæl m. tjukk l.: Slag, Spaar.
  11. rekte han: fyl’d Ferd’n hans.
  12. Utlegg: Aate me Gjift i.
  13. La’-Ve’: Famn-Ve’.