Svenisen
hadde mykji før se, ve han levde; dæ gaar atte mange Seigdne um han enno, o dæ æ no væl mykji over hundre Aar, sia han fall aav. Ein eitte Martheknut va mykji te Vens mæ hono. Ei Gong søto dessa tvo o drøkko aat se. So sa Svenisen: „E vaage ein Pøtt Brennevin, at du kji æ Kar te faa me ut.“ Dena Martheknuten va ein førgjordele stor Gælgji o trek so ein Smiostabbe, ein Heljastrupe o ei Skabikkje taa væste Slage, men Svenisen va ein erendis liten Vagg. Han Martheknut tryste hono utigjøno Døre, so lett so ingjin Ting o smelte Laase atti. Daa han vart stird bakum se, sto Svenisen der o ful-gliste. – Burtpaa Markjo hadde han ein Laave, der sto ei Par taa Husmenno hass o trekste. So tenkte dei se te stela Drøse daa. Den eine stappa mett ei Hit, o den are skull gaa bakum o ta imot, ner hin slefte ho utigjøno Laaveglugge – dæ va væl so, at Døre snudde burti Garden daa, veit e. Svenisen kjende dæ paa se o va te Steis paa Øgnerappe, fjetra so dene Supantrillen, so skulde bakum o ta imot Drøsahiten, o sjøl stelte han se unde Glugge. – „Tæ du imot’n no?“ kviskra dene Kjeivevælin, so sto innpaa Laava. „Ja, no kann du sleppe’n no“, svara Svenisen.
Ein Sumar vøro Tenaradn hass uppi Aase o slogo. No va Brøe deiris baka taa einaste Lettekødn, difør stilte dei se te – no dei vøro einsemælne – o baka Kako taa Grautemjøle. Daa dei komo heimatt, sa Svenisen: „Vart dæ litevøre Brø, ette di de toko o laga te Kako taa Grautemjøle?“ Ingjin hadde gjete noko um dæ, men slekt visste han lell han.
Men dæ alleraraste va no væl, at han kunna baade Græsk o Latting, endaa han alder hadde gange nokor Skule. Kost han hadde lært dæ, veit ikji nokon. Ein Syndasmorgo Presten kom skulde messe i Sveniskjyrkjun, laag dæ ein græsk Bibel i Hægsete der paa Svenis. Er her nogen, som forstaar at læse denne Boke?“ sporde Presten. „Jaha, e les i’n stundo e“, svara han Ola te. Daa kan du gaa paa Prækestolen for me idag“, sa Presten. „Nehi, e duga kji te di“, svara hin, men sia saag Presten støtt burti den Stolen, so Svenisen sat i. Dæ saag mest ut te, han va rædd, Svenisen kunna finne enkort o klaga paa Tala hass. Ei Gong Svenisen va i Kristian, kom han te gaa inn paa ut Apethek o gjekk der o stava o la ihop o las Utskriftidn paa Melesinskuffo. „Jaumen meina e, de ha Melesin før Løppo mæ,“ sa Svenisen, o kleidde se attmæ Øyrae. Daa Apethekmeistaren høyrde detta o sia fann ut, at Svenisen kunna meir Latting en han kunna sjøl, ba han han heim te se o gjorde hono te goe mæ all Slags fin Mat o gøtt Drikke, so han skulde vøre ein Faut ell engon endaa gjildare. Han hadde Moro taa prate ve ein Valdris, so va so høglærd, Apethekmeistaren mæ.
Daa Svenisen døydde, va dæ atte mange Hestelass mæ Bøka ette hono paa alle Slags Maal; dæ ska finnast att engor taa dei enno her o der kringo Bygde. Han hadde ein einaste Son, eitte Tølleiv, men han kunna kji lesa i Bøko aat Faer si; dæ va snautt nokk, han va go fere lære Kakjisma si; men te dragast va han dugele. Daa han va skrevin, gjekk han Frikar i heile Kore.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |