Søgnir fraa HallingdalDet norske Samlaget (s. 52-53).

Vardyvle skulde vera ait Dyrliknils, som fylgde Menneskja som ain Varastudna fyr di i alle Uhøvu, som te kunna raakast, aa alle Menneskju skulde hava kort sitt Vardyvle. De va usynle mest fyr alle, men naar de hende so, at ængor hadde vorte haugtikin aa se’a slapp utatt or Haugi, so vart han syn, som de kallast, aa slike kunna sjaa Vardyvludn aat alle Menneskju.

De va ain Mann, som hadde vorte haugtikin i try Aar aa som slapp utatt ve ait Serfelle. Fan aitte endaa Hans Skjakling, aa han va syn haile i’e ette han kom utatte or Haugi. Han vangla jamt umkring i Reppo aa levde taa di, at han fyr ain liten Svultamun, som dai govo te hono, sa’e Folki, kaa Vardyvle kor hadde te Fylgje. Han gikk jabnan berrskalla, va saamen aa sjaa te, aa de fylgde ai nøggle Kome me hono. Naar han kom te Sætes i Stugo hjaa Folk, sat han aa hyfste aa skrykte paa se aa skinrengde Augu hit aa dit uti Rønadn. Sume Menneskju taa dai, som inne voro, sa’e han, hadde so sæle Dyr te Vardyvlu, at de va taa Ræddhugi, at han vanskipa se slikt som han gjorde Han fortalde, at Vardyvle stødt kjem ait lite Bil fyri de Menne, som de e Fylgjesvain aat. Naar de so e dai som hava Løve, Bjødn ell Draki te Vardyvle, daa tek no Grysken me hardast, let han, men slike voro tryggaste fyr alder aa bi overkuva korki taa Menneskju ell Udyr, men dai, som hadde Harin ell Sau’en aa slike spake Dyr te Vardyvlu, va de faarle fyr, at dai vorto ihelsligin ell røva. Attaat desse rudde han um, at naar nokon gaar fram um ait Naut, aa de so tek te gasa aa olme aa tenja att aa fram, so har stødt de Menne ait stygt faarle Klodyr te Vardyvle, men naar Naute spring ette ain aa vera ell ser ettelaatugt ut, so har de ait taa dai golaatne Dyro, Sau, Hare ell slikt, te Vardyvle.

Naar Stuguhurde tverskvett taa se sjøl upp or Gaatte, ska slikt vera Merki paa, at de kjem inn Vardyvle aat ænkort Menneski, som daa trast kjem te Husann’ ette: men dersom nokon nyle e faren fraa Huso, e de Merki paa, at Vardyvle ha vorte att inne, aa at de vil utatte ette desse Menne sino, som aig de. Naar nokon nyle ha gingi ut or Stugunn, ska den, som e att inne, ait lite Bil ette læta upp Hurde paa Grøtt, so Vardyvle kan faa sleppe ette dai, som faren e.[1]


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Vardyvlet er vida kjent, men det er ymse Vendor paa Namnet. Den Formi, me her hava, synest vera den gamle rette. Fyrste Luten av Ordet maa væl tyda, Verja, Vakting eller Vaktar; jf. vørðr, varða, varðhald og Vor(d), sj. Ordb. ov. det n. Folkespr. Eit ifli, yfli finnst i innyfli, vanyfli, Handyvle og i Stadnamn, som Sunnifli, Sykkifli, Vanifli.