Søgnir fraa Hallingdal
Sogorna, som her koma, ero skrivne paa det Bygdarmaalet, som talast nørdst i Dalen, og som i Uttala skiler seg nokot fraa Maalet lenger ute. Sumt er uppskrivet af meg sjølv etter Fyresøgn men det meste af Hallingar sjølve. I detta heve eg inki gjort vidare Avbrigde med Ordlagi, annat en eg heve skipat paa litet her og kvar til større Greida og Samanheng i Stilen. Skrivemaaten er min eigen. Eg havde gjerna viljat halda meg beint etter Uttala jamt, men eg fann, at detta inki let seg gjera i alle Stykki. Detta skal eg no gjera Greida fyre.
Der som Fornmaalet (Gamalnorsk) hadde rð, er det no, som ein veit, yver heile Austlandet, komet ei Uttala av eit Slags tykkt l-ljod. Aa bruka l her er myket ukvæmt, fyre di at mange Ord, som i Uttala væl skiljast, vilde sjaa like ut paa Prent; til Fyredømes: han va galen, som kjøpte den Galen, (Garden), ei fæl Fæl (Ferd), Tjuvebøle (byrdi), Tjuvebøle (Bustad fyre Tjovar) o. fl. Eit sermerkt l, som sume have brukt, munar helder inki stort; det ser berre ljott ut, og det verste er, at den, som inki er fyre kunnig i Uttala, verd like klok. Difyre viste eg inki onnor Raad, en aa taka upatter den gamle Skrivemaaten, som no med er gjengeleg, naar ein skrivet paa aalmennelegt Landsmaal, og so heve eg skrivet, Gard, Gjerd Ferd, Hurd (garðr, gerð, ferð, hurð) o. s. v. – g og k veikna jamt fyre i og y, tiki, gingi, Kyrkja, Gygr, l. tikji, gjingji o. s. v.; fyre e er Uttala ustød, og difyre er det veike Ljodet. avmerkt med gj og kj, Gjente, Kjerald. – tj uttalast som kj. – Opet o nærrar seg oftast til ø. – Tviljodet oy uttalast aay. – I Infinitiv av Verba som hava g eller k til Rotconsonant og j etter, verd eit fylgjande e uttalat som i, tenkje fylgje (tenkji fylgji). Han, hono og henne verd i Uttala ofta avstytt til en, ho, o, en og ’n; aat o Ola, hjaa ’n Ragnhild.
Til mogeleg Rettleiding skal eg nemna sume av dei merktlegaste Ordformer.
Dativ brukast jamlegt i avmerkt Form av Namnordi og heve dessa Endingarne: a) Eintal, 1) veikt Mask. fær a og sterkt e og i (det sidste etter g og k); til Fyredømes, Skallin, i Skalla, Hagin, i Haga, aat Gute, paa Haugi, i Benki, 2) veikt Fem fær unn, sterkt enn; i Kyrkjunn, Bygdenn (kyrkjunne, bygðenne); 3) Neutr fær e og i som Mask, i Lagi, unde Taki. b) Dativ Fleirtal endar i alle Kyn paa o.
Fleirtalsendingarne i nom og acc ero, i Mask. og Fem., uavmerkt, a, i og u, (ute i Flaa skal det vera ar ir og ur), og avmerkt, adn, idn og udn, t. F. Uxe, Uxa, Uxadn, Sekk, Sekki, Sekkidn, Gjente, Gjentu, Gjentudn; i sterkt Neutr, naar det er avmerkt, e og i, Vatn, Vøtne, Hus, Huse; veikt Neutr, uavmerkt u og avmerkt udn. t. F. Auga, Augu, Augudn, Eple, Eplu, Epludn.
Min heiter i Dativ Mask. og Neutr. mino (minum, minu), Fem. mina (mina, acc.); samaleides din, sin og hin.
Den, de, i Dativ dai og di, (þeim, þeirre, þi) t. F. i dai Skogi i di Lagi; Fleirtal, dai (þeir), Genitiv, dairre (þeirra). Denne, Dat desse (a), hjaa desse Manne (hjaa manni þessum).
Det spyrjande Pronomen heiter keim og kem (hjaa dei Gamle ogso kveim), Neutr. kaa (ko), (hveim, Dat, og hvat.) Kor, kvar, i Dativ korjo; noko taa korjo Slagi, (hvarju, hvarjum), Dipl. norv.
Nokon heiter ogso ængor, ængon ein og annan, Neutr. ænkort (einhvarr, einhvarn, eitthvart).
Tvaa (tvo) heve serskilde Former fyre Fem. og Neutr. nl. tvat og tvau (tvá, acc; tvær, tvau), soleides ogso baa’e, baa’a, baa’u t. F. baa’e tvaa Gutadn, baa’a tvær Gjentudn, baa’u tvau (Mann og Kjering); i Valdets, bæ’i tvau (bæði tvau). tryaa, Neutr. try, (þrjá, acc; þrju).
I di eg gjeve Boki fraa meg, lyt eg takka dei, som hava voret so hæve og hjelpt til med aa samla Søgnerna, navnlega Sander Rø’o, Thor Nestegard, Ola Aadneson Nerhol, Eirik Hansson Sand, Embrik Andresson Haugi, Ola Tolleivsson Solheim og Ola Kitilsson Rygg. Sidstnemnde heve ogso samlat dei Ordtøki, som finnast i Enden av Boki. Um so kan henda, at sume av Aalmugen vilja tenkja, at det var litet verdt at fara i Bøker slike gamle Rispor um Haugafolk og Trollskap, daa maa eg minna um, at det inkje er Meiningi aa faa nokon til aa tru paa slikt, men likavæl kan det vera morott og hugnadlegt aa lesa, og naar det inki gjever seg ut fyre annat en det, som det er, so kan det daa ingen Mein gjera. Jamvæl høglærde Menner meta slike gamle Søgner myket, for det finnst i dei ofta ymse Drag, som minna um sumt, me lesa um i Bøker fraa Foretidom, og stundom høver det so, at ein finn atter sama Trui eller sama Skikken hjaa andre Folkaslag langt burte i Heimen, og daa tykkja dei Lærde stor Mun i aa jamnføra slike Samanhøve, kvart med annat. Korso no detta heve seg, so berer Boki fram eit Bygdarmaal, som er eit av dei hævaste, me hava i Landet, og som stend Gamalnorsk myket nær. Eg vonast difyre, at Boki vil vera vælkomi fyre alle dei, som vyrda Tungemaalet aat sine norsktalande Landsmenner.
- Christiania i Mai 1868.
Utgivaren.
Sida | 4 | Rad | 13, | ligesom, | skal | vera | likesom. |
– | 5 | „ | 32, | da | „ | – | daa. |
– | 7 | „ | 4, | varto, | „ | – | vorto. |
– | 7 | „ | 35, | dikke, | „ | – | dikka. |
– | 25 | „ | 32, | Yrkefar, | „ | – | Orkefar. |
– | 39 | „ | 12, | ova Garde, | „ | – | ova Garden. |
– | 50 | „ | 18, | hurt | „ | – | burt. |
– | 57 | „ | 17, | um at han, | „ | – | um han. |
– | 50 | „ | 31, | fore, | „ | – | fare. |
– | 58 | „ | 19, | ve di, | „ | – | ve de. |
– | 68 | „ | 20, | sturte, | „ | – | sturta. |
– | – | „ | 24, | te di, | „ | – | te de. |
Villandsætte | Sida | 1. |
Um Jutlar aa Bergatrøll | „ | 23. |
„ Haugafolk | „ | 29. |
Jolerai’e | „ | 42. |
Fossegrimen | „ | 48. |
Nykken | „ | 51. |
Vardyvle | „ | 52. |
Um Trøll | „ | 54. |
Svartebok aa Trøllskap | „ | 57. |
Imse Søgnir | „ | 62. |
Ordtøki | „ | 84. |
Dei gamalnorske Ordi ero attvedsette i (). à uttalast som aa, (hàtt = haatt), hv som kv, (hverfa = kverva) og þ som d (th).
Aabrigde, ogso Avbrigde, n. (afbrigði), Umbrøyte, Skilnad.. „E ser ’ki noko Aabrigde i Andlete dino.“
aabue, (àbuða) arbeida paa 2532.
aafaren, trøytt, ogso yverkomen af Sorg, hugill.
aamaga, (àmàga) krevja, bry, gjera Aakvæde.
aathuga, (a-a,) skoda væl etter, giva Gaum (athugi, m.).
Aasvaimo, paa Aasv., halvt ertande og skjemtande. (à sveimum? [sveimr] paa eit Raam, paa Boni?) 1113.
aggarhendes, med Handabaket; fyre avgarhendes, af ökugr, baklenges.
ainsløngd, einstaka, serskild.
alke, (a-a), erta, tjaa, kivast.
Altarskør f. (skör) Knefall. Jf. Sængjeskør, Fjøls framafyre Sængi til aa stiga paa.
ande, (a-a), gita, røda um (anda).
andvakin, Adj. (andvaki), millom Svevn og Vaking.
apa, d. s. s. hapa, hopa. Soleides, lava fyre lova, Kaparr f. Koparr. Hertil, Ap, Laugap. (hopa).
au, (auð) aud, tom, snaud.
Avfardag, (affaradagr), Dag naar ein ferer burt.
avryme, (e-de), taka Rjomen av Mjolk.
avoygje, (e-de), venda Augo ifraa.
Bess, te, til Bords.
bidde, (a-a), naudbidja, telja til.
Borddisk, (borddiskr) Talerk.
Bordstol, Understell aat dei gamle Langbordi.
brigde, (a-a) (brigða) tyna, gjera Ende paa, 7520, 28.
Brot, n. Kornløda, Rum som Loden ligg i.
Brotte, f. Bratta, Brattlende.
Bune, f., mest i Flt. Bunu, Beinknoke.
Burgaang, m. Rannsaking.
Busete, m. Sveinkall, som sjølv eiger Gard og Husbunad.
dailde, (a-a) finna aat, lasta.
drysja, (drys, druste), falla, detta; serlegt um ei Mengd af smaae Ting, Korn, Lauv, o. dl. drysja i Ugynster, falla i Uvinskap.
Dune, ei Mengd, Flokk.
Durgaupe, f. Tvertreet øvst i Dyrrkarmen.
Durski’e, f. (skið) Flt. Durski’u, Sidefjølerna i Dydne eller Dyrropningi.
Drykkne, f. Drikking.
Døsafald, m. Fald nedantil paa Stakken (Døse).
Ekladn, Eklo, fyre, Eksladn, Flt. av Oksl (öxl).
Eldrai, n. Eldsmæle.
elja, d.s.s. ala (ala).
endefeta, (a-a), (endr og feta) taka uppatter, skoda igjønom, rannsaka væl.
Enne, n. (enni) Skalle.
Esl, Etsl, n. Aata fyre Klodyr.
eve, (a-a), (eta), tvela, hugsa seg um.
evle, (e-de) orka. (efla).
Evle, n. (afl, efli) Sterkleik, Avl.
faafaren, faavitug.
fagne (a-a) (fagna), taka væl imot, traktera. Fagning, Jolefagning, Ølfagning.
fergje, (e-de) klemba aat, trykkja; (fergje Næver.)
Finne, Fjell aa Finne, (fjall ok firn,) Fjell og Øydemork.
five, (a-a) skipa til, pynta. 337
fljøte, (flyt flaut fluto) (fljota), rykkja fram, koma til Endes med.
floyt, (fljotr) fljot, snøggføtt.
Flygt, 1) utspanade Vængjer, 2) Famn.
Flædd, f. Slett.
Forskaare, m. so myket Gras, som ein tek med kvart Ljaahogg.
fru, (fryja) eggja, mana, fryja.
Frum, Bate Vinning. „De vart ’ki te Frumo fyr de.“ Hertil frumutt. maka Frum aa Ska’e, stal tyda, „leggja til paa Von aa Vaagnad.“ 3120
Føn, f. Duft, Murkel, Oska.
Fønnstø, f. Flt; idn, Stad, Tuft etter ei Snjofonn, som er aavgjengi. (fönn og stöð).
Gaaning, f. d.s.s. Fagning. (av gà).
gag, (gag) kjeik fatt; hertil, gagryggja, gagskjefta (Øx), Gaghals.
Gald, m. (gald) hardtrødd Snjo og Mark, hard Grunn.
Gauve, m. Storkar, Kakse.
Gaupe, m. (gaupn) Handfull, eigenl. Hand med bøygde Fingrar; jf. angl. geap, krøkt. 4920.
gidde, (a-a) dirra.
gjølele, (gœla) gjæv, gild, hæv.
Glesn, s. Rivna, serl. i Berg og Stein.
Gløpe, f. og Gløp n. d. s.
Grumme, s. 1) stort Hol serl. i Gløp-Urd. 2) storsteinutt Ulende, Ukjøme, mest i Fl. Grummu.
Grysk, (av grysja) Ræddhug, Nøgg.
Hek, m. 1) Grasflekk 2) liten klen Kar = Vaae. hekjen, liten og veik.
Heljoro (i), i Ørska.
helutt, ymislitad, graa og kvit, (af hela). Jf. engl. hoarfrost, Hele, og hoary, helutt.
Herding, Hørding, f. ogso Herde, f., (Høling S. 620 og Hæle S. 574) det Bilet, daa det røyner mest paa, naar nokot skal avgjerast. „de va i Hørdingenn, at han slapp unda.“
himegraa, graa utapaa og ljosare inn under, som t. Ex. Ulven, (av Him).
Hot, n, Dømting, Tokknad, Skyn. hotast, saa eit Hot paa, ei Meining um.
Hurd, f. (hurð) Dyrr.
Husbraia, eit Namn paa Tora.
huskjen, ulik, sjukvoren.
hyssjugraa, ymislitat graa.
Hædne, f. Hovudsvord, Hovudhud med Haar; hertil hædnedragast.
hækje, (e-kte) vaaga seg fram smaatt og med Ræddhug.
Hære, n. eit Haar; hære v. reinska fyre Haar; hære Smør.
høkle, ganga med Høkje? (hœkja Krokstav); høkle paa, skunda seg; Jf. ogso hœkill.)
Hørda, -adn, (herð), berre i Flt., Axler. braihørda, (herdabreiðr.) mjaahørda.
Hoye, f. Flt. Hoyu, ihopsette Grindar som Fenaden stend i.
ill, „han va ’ki ill te faa,“ d. e. det var inki illt, vandt aa faa han til; sterk Tone paa „te“. (illr.)
imse se, snua og venda paa seg.
ire, (a-a) (iðrast) trega, angra.
jarda, (jarða) grava ned (Lik).
Jølg, m. (Gjelg, Gylg?) Gust.
kaa (Høy), snu Høy, som er breidt ut til Turk.
Kallfating, m. den Luten av Taket, som ligger ned paa øvste Stokken i Langveggen.
kjøse, (e-te) (kjosa) velja. Kjøs, n. Val.
kløkkje, (kløkk klokk klukko,)
(klökkja) rørast i Hugen, ogso graata; kløkkjen Adj.
kole (opet o) (a-a) gjera Ende paa, drepa.
Kome, f. Utsjaaande, Aasyn, Tokke, som ein fær av ein, ogso Aatferd. „De fylgje ill, nøgle Kome me hono“.
Krevjand, n. ei liti Byrd, til Ex. eit litet Vedafang o. dl.
krysja, (krys, kruste); knasa; (engl. to crush).
kverve, (kvarv, kvorvo, kvorven) (hverfa), koma burt, or Augnasyn.
kveta, (hvetja) kvetja, kvessa.
Kørlægi, n. “ Sottarsæng, (körlægi.)
Laatt, m. Slaatt, Tone.
Laki, m. ei Filla.
Lauvsnol, m. Lauvkniv, Lauvsnidill, (sniðill).
La’ve, (fyre Ladved) Ved, som er sett upp i Lad.
ljøt (ljotr) stygg. Den Ljøte d. s. s. den Vonde, Tremen.
Loku, f. ovstor Hond.
losa, (opet o), (losa), gjera seg laus til aa fara.
løvdebrai, (lœfðar breiðr), handbreid.
Ly’, m. (lyðr) Husfolk. Husly, d. s.
Lysehelle, f. Hella til aa leggja Tyrilyse paa.
Lø’u, f. Flt. Krossmerki imot Trollskap.
maa, (dde) i Von, kunna vera fyrutan, tola aa missa. „Detta maar e inki i Von“.
Maalsvegg, m. er 8 Mælingstenger, kvar paa sex Alner, altso 48 Alner.
magne, (a-a) (magna) styrkja, kveikja.
Maidd, f. Meidspor.
maisle, (a-a) (meitla) meitla, smaahakka.
Me, m. Lyte. (mið, Merke.)
meli’es, (miðhliðis) midt i Lidi.
me’lungs, (miðluugis) paa Midten.
mjaa, (mjár) smal. Mjaadd, f. Smalliv, Mjaarygg, Mjaalegg o. fl.
Mjærm, f. (mjödm) Mjødn, Mjønn. Mjærmhelte f. (helti). mjærmsi.
Mjølhit, f. (hit) Skinnsekk.
mo, mott, varm.
mosaleta, litad, fargad med Mose (litmosi).
mutast, um Haar, kløyvast i Endom.
møte Preste, ganga og lesa. Møtingsumagi.
Naae, m. (nár) Dauding. Naaluft, Liktev.
Nauarkilling, m. (kiðlingr) liten veik Kidling.
nema, nam, (nema) merka, gaa, verda var.
nø’ge, (a-a) (nauðga) nøyda, naudbidja, 5710.
nøggje, nøgg, nogg, nuggo (hnöggva), kvekka, støkkja, grysja, taka Fæla, Nøgg, m. Kvekk Fæla, og nøggle Adj.
Nøse, n. Mule paa Sauder og Gjeiter.
Om, m. Ljom, (t. Ex. av Toreslaatt, Klokkor o. dl.) ome (a-a), ljoma.
openskaa, (jf. uppskár) opeumaalug, svøllug.
ore, (a-a) rjaala, kurla, (um Ljod i Strupen).
Orkefar, n. stort Arbeid, Itak.
oygde (e-de), (eygja) setja Augo paa, skoda, helst um det som er langt burte.
Raivatarvende, n. Plogg og Greidor til ein Barnareiv; (reifar, þarfindi).
Repp, m. (hreppr) liti Grend. Repping, fraa sama Reppen. reppast, laga seg til Repp.
rødig, rask kverv.
Salbrugde, f. (bruða) Sadelboge. Frambrugde, Bakbrugde.
Setna, m. Samnad av Koppar o. dl., som ero sette i Rad og Skipnad. Mjølkesetna.
Setningskjørøld, n. Koppar, som standa i Setnaden; motsett, Ringjor og Matkoppar.
Setustugu, Stova til daglegt Bruk, engl. sitting room. Jf. setstofa.
sine, sain, sino, sinin; skrida, siga fram jamt og smaatt i Senn. sine aat, um etterkomande Verknad t. Ex. av aafengen Drykk, draga etter. 1115 2926 7434. sjøe, sau, „de sau i Vere“, det kvein i Lufti.
skadde, (a-a) snerta ned aat, koma innat.
Skibrette, f. Hav, Boge framme paa Skid.
skire, (a-a) skira, kristna. Skiragut, ogso Skirnagut. Skirna er daa Gen. av skirn, Daap.
skriputt, tjaakutt, kjeklen.
skrynja, skrunde, dynja.
Skval, n. Avfall, som Jordepleflus o. dl.
slette, slatt, slotto, slengja, driva, fjuka.
slette, (e-te) v. a. kasta slengja. slette se, byksa.
Slo, s. (sloð) Far etter nokot, ein dreger etter seg. Slokubbe, Kubbe, som heng etter Sleden, at han inkje skal renna for myket paa utfyre Bakken.
Sløng, m. Pretta, Fulskap.
sløngin, spræk og ledug.
snarp, (snarpr) 1) kvass, um Smak. 2) snøgg, braad.
snarpe se, nøyta seg.
snerte, snart, snerte (snerta), røra ved, koma innat.
snerte se, (e-te) v. a. skipa seg, fjelga seg.
Sønghushurd, f. Dyrr ut fraa Koren (sönghus).
sprone, (e-te) stara med store Augo.
stupen, ufyretenkt, som stuper braadt fram.
staurutt d. s. s. stupen.
Svaal, m. Staak, som av ein stor Mannamuge.
svaigje, (sveigja) bøygja.
svarpe (a-a), slaa, driva til med all sin Avl. – Jf. svirp, Adj. rask, kverv; Svarp, Slag, jf. ogso, Sorp, Syrpa.
Taakke, f. berr Mark.
tevle, (tevla) springa det meste ein orkar.
time, (e-de), (tima) nenna.
ti’s, kaa som va ti’s (hvat tiðis var); paa Ferde.
tjaa, (þjá), erta, kjekla, kivast.
tjouve, tykkjen, reid; han vard tj. honum varð tjon við?
togne, (togna), tøygjast etter Lengdi.
Tremen, eit Navn paa den Vonde. (tramr, Troll).
Troyt, m., sjaa Sida 24, (av þreyta, streitast, gjera. Itak).
Tro’ski’e, f. Takfjøl. (troð, skiða).
Tuku, f. Skinn, Belg. Raintuku, Ulvetuku. Fyre Stuku? (stöku acc af staka).
Tvaattelaug, Vatn til aa lauga seg i. (þváttr og laug).
Tverg, (dvergr) Dverg. Tvergastain, Krystall.
tviljø’e, (a-a), giva tvau Ljod.
Ufriste, n. Trollskap Uvætter; (jf. Ufriskje og ufreskr).
Uggard, fyre Utgard, Gard um ein Sætervoll.
Uhivil, m. og Vanhivil, Utrivnad, Uheppa.
Umagi, (umagi), Ungmenne.
usnikka f. usnidka; uminkad, uskadd; (af sniða aa skjera.)
utskara, (skara) tett utyver lagd; eigenl. lagd i Rad som Tigl og Næver.
Uvle’, m. (ulfliðr) Handled.
Vaae, m. ein Vesling, Stakkar.
vaatte, (a-a), meta, vyrda.
vai’e, (veiða) veida. Rjupevai’ar.
vakte, (a-a) (Kyr) mjolka. Vaktekrakk.
Varaveitsle, f. (varðveitsla) Varetekt.
Vellaslæpe, f. (slæpuvegr) Slod, Vegafar.
Veitsle, f. (veitsla) Gjestabod.
Vele, f. (vel) ei Raad, Tilstelling.
velle, vall, vullo, volle, vera maalug, røda i Eining.
Vetsmuni, m. Flt., (vitsmunr), Vit, Tankar, ogso Tilhug. 27, 5613.
vilkast, kraana, batna, vitrast.
væse se, verma seg.
Vørr, f. (vörr) Lepe. 853.
yte, skuva hardt ifraa seg. Yt m., Støyt.
Ævu, f. Tid (æfi).
Ørvæne, f. (örvæni) Vonløysa, ogso eit vonlaust Arbeid o. dl. 3521.
øse se, (œsa) gjera seg reid, illskast. uppøst, sinnad.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |