Vor Sprogudvikling/Etterskrift til Maalmenn

Etterskrift til Maalmenn.

Ikkje Strid, men Arbeid! — det hev vorte Hær-Rope oss sjølve imillom og no.

Prof. Storm lær ein Stad aat Usemja vaar; men kanskje dei skal kje læ so mykje aat den helder heretter. Just det, at me no unner kvarandre Fridom i dei mindre Ting, gjer at me kan staa dess fastare saman i det som er det store.

Og etterkvart som me vinn i det store, so kjem Semja i det mindre med. Me er langt paa Veg alt no; for mykje av det, som Storm trur er Usemje, er berre liksom Forslag og Spursmaal — Leiting etter det beste og lettaste i Stavemaate og Form, men ikkje Paastand elder Krav, som ikkje skulde kunna forsonast.

Skilnaden millom Bygdemaali er helder ikkje so farleg som Motmennerne vaare gjerne vil tru.

Storm driv hardt paa med den. Austland og Vestland kan ikkje semjast. Han minner her om Hertug Skule i »Kongsemnerne«. »Samla! samla heile Folket til eit! Vestlending og Austlending, Sogning og Trønder, Telemarking og Nordlending, — samla dei til eit! Det er umogelegt. Vanvit! Slikt melder aldri Norigs Soga um fyrr!« — Men Ivar Aasen, han hadde Kongstanken. Han saag Einskapen gjenom all Skilnad, og for honom var Samlingsverke lett — »som for Falken aa kløyva Skyerne.« 

Me, som forstend Kongstanken, tykjer det same.

Lett — ikkje i den Meining at det er noko ein kan sova seg til. Der er Vanskar nok, og Arbeid vil der til, liksom Falken maa bruka baade Vengjer og Bryst, naar han skal »kløyva Skyerne.« Men lett likevæl, — for den som hev Krefterne og Viljen.

Det er ein Ting, dei altid gløymer, naar dei soleis prøver aa eggja Bygd mot Bygd og reisa Smaarike-Aanden mot Samlingstanken; dei gløymer, at me Maalmenn — tenkjer nationalt. Me held nok paa vaare Bygdemaal. Og me vil halda paa dei likefullt, um Riksmaale vert aldri so norskt. Men det er langt ifraa, at Maaltanken gjer oss til Bygdepatriotar. Det er ikkje det, som er Hovusaki for oss: at »mitt« Bygdemaal skal vera Landsmaal. Nei; til Landsmaal vil me ha det beste, det rikaste og mest fulltonande norske som Lande eig. For i det kjenner me og att det beste i vaart eige, det djupaste, det, som kanskje ikkje lever so klaart og fullt lenger i vaar Bygd, men som me kjenner so underleg att naar me høyrer det, som halvgløymde Tonar fraa Barneheimen. Og her er daa vaart fyrste Krav til Landsmaale. At det attaat maa vera so lett og praktisk som Raad er, — det vert daa vaart næste Krav. Men vaar Glede er aa søkja fram — ikkje det utskjemde elder forvende, helder ikkje dei skiljande Smaating i vaare Bygdemaal, men just det beste og ægtaste, det upphavlege og verdfulle; det er det av »vaart eige,« me helst vil sjaa att i Landsens Maal. For denne nationale Tenkjemaaten vert det daa noko framandt og rart dette, at Austland og Vestland ikkje skulde kunna semjast um ein a elder ein e i ei Landsmaals-Ending; me forstend det ikkje; det er som Tale fraa ei framand og mindre Tid, fraa Smaakongetidi, daa dei sa »Vanvit!« til Tanken um aa samla Norig.

Me skal altso, meiner eg, halda fram som me stemner. Lata Bokstavar vera Bokstavar og skriva norskt, kvar ut fraa sitt Bygdemaal, og etter den same Skrivemaaten so vidt me med godo kan. Vaare tvo Bokmaal fær daa veksa jamsides, so lengje Lande hev tvo Talemaal; — for det er Talen, som skaper Skrift, og ikkje Skrift Tale.

Aa halda den norske Talen uppe er daa av alle Grunnar det vigtigaste.

Meir en um du skreiv ei heil Bokhylle full kan du gjera for det norske Maal, berre du altid talar det, hugheilt og greidt. Den Skikken, som no meir og meir kjem upp, at Landsfolk held paa Maale sitt i Byen med, og um dei vert Lærarar elder Embættsmenn, den er det no, som gjev størst Von for Norsken. Grunnen til, at det gjeng so seint med aa fornorska Byarne, er den, at Byfolk mest aldri fær høyra skikkeleg Norsk; fær dei høyra den, og merka, at det er eit livande Maal og ikkje berre noko som »Aasen hev laga,« so vert det snart annleis; for sjelden raaka eg eit Bymenneskje, som ikkje lika aa høyra norskt Bygdemaal. Det er i Grunnen med Byfolk som det er med oss fraa dei mindre gode Maalbygder: inst inne hev dei ein Saknad etter det som er fulltonande norskt. So me vil koma lenger paa denne Maaten en med aa slaast i Bladi og »koma or Bøker med Grunnar«; der er nok meir god Vilje til Norskdom en det tidt kan sjaa ut til.

Lat norsk Tale breida seg yver By og Bygd, so kjem nok det andre! Og daa vil det, som no mest er eit Ynskje, Vonom snarare klinga som eit Siger-Rop fraa Landsende til annan:

Ingen Maalstrid meir!