Vor Sprogudvikling/Minnekvad um Ivar Aasen

Minnekvad um Ivar Aasen.
(Skrive til ein Fest i Vestmannalaget. Her gjenomset og prenta i si rette Form.)
Tone: »Yderst mod Norden«.

Trøytt naar Soli ho gjeng i Hav
Stridsmann søkjer sitt Svæve;
sæl no søv under Hovustav
Ivar Aasen hin gjæve.
Minne vil vaka ved denne Grav
i all Æve.

Lang var Dagen og Vinna vand;
djup var Grunnen aa grava;
alt laag nedvelt i Aur og Sand;
tungt maatte Mannen kava,
fyrr han naadde det me og han
vilde hava.

Ràm han rudde i Yrde stygt,
reiv baade Rot og Runnar,
til ein Dag han fekk Huse bygt
just paa dei gamle Grunnar.
Der skal det staa i Tiderne trygt
millom Lundar.


Der skal Symra um Veggen gro,
Symra og alle Blomar;
der gjeng Ervingen staut og god,
vyrk baade Vinter og Somar.
Men millom Blaaberg i Solfalls-ro
Songen ljomar.

Song um Heimen, der Hugen er fest,
dit den trøytte vil skunda,
Heimen, der Baane seg hyggjer best,
og der Gamling vil blunda,
dit me alle, i aust eller vest,
stødt maa stunda.

Heimen er tufta paa godan Grunn;
kom lat oss heil han byggja!
Høg skal han lysa i vene Lund,
fredsæl og trufast tryggja.
At han kan til vaar siste Stund
um oss hyggja.

Heimen er tufta ved godan Manns
Strid gjenom Møda og Æra;
yver oss enn sviv Anden hans,
ser kva no me vil gjera.
Gjev han all Tid fekk glad sitt Lands
Gardvord vera!