Børgarfrua
Ei Gong va dæ tvo Børgara, so fuldist aat te Sjøs: men so skjerseilte den eine. Han levde daa ut, atte dæ han vilde gjifte se mæ dei fyste Gjentun, han trefte, anten ho so va ring ell rik, est han skulde faa laust atte Skjepe sitt. O, jau, dæ gjekk væl, han kom frelst o fri te Lands, Innpaa Fjøren møtte han ei Fatigjente, so gjekk der sanka Skuresand aat dei rike Fruo der ikring. Han ba ho koma te se o sporde ho, um ho vilde ha hono. De va no alti kji te segja nei imot di, ein sleke Kar va kji missbjøand henne, o hona laga se te o vart mæ hono heim. Bryllaup held han mæ henne trast, so so han hadde løvt se te. Heimafulde va kji mykji stor ell gresk, før ho hadde kji meir en dæ, ho sto o gjekk i; men ho va ei nausin Gjente o ferm o netthendt, i ko ho to se fere mæ.
So levde dei ihop i Hugna o Gle’e i væl so eit Aar, o han hadde likt henne bere Dagen kor, før ho va tru o snill imot hono.
Den Børgaren, so hadde vare mæ hono, daa han skjerseilte, va Grannin hass. Dei aatte kor sin glupe Gard eit lite Snertand ovafyr By’n, o grekst oj grepa hadde dei dæ baae tvo. Ei Gong to denne Grannin hass te orda uttum, um, at dene Børgarfrua, va vørti, inkje va so tru o snill, so Mann hennar meinte, o bau se te vaaga alt, han atte o hadde paa dæ, at han skulde vera go fere faa taa henne Gulkje’e hennar. Mann vaagde imot; dei sette Gard mot Gard: den, sa vann, skulde hava baae Garadn mæ Bu o Bøling o kor biande Dust o Grand, so fannst o va baade heime o burte, baade ute o inne. Den, so, tafte, skulde kji ha Løv te taka mæ se meir en Pløgge paa Skrøtte.
O ja, detta va gøtt o væl, men ein Kveld laga Mann se te gaa burt eit Ærind. Daa kom. Grannin snertand o te frega ette Gullkje’e hennar. Han hadde kji før gjeti di, fer ho kjekste ei Ølkrus, sto paa Borde, o slo isund i Huvue paa hono, o han laut ta Føtadn te vare dæ fortaste han hadde lært.
Men dæ æ meir en ei Falskheit te i Verd’n. Ein Kveld trast ette paa kom de rekandis ei Strætarfente o ba um Hus hjaa hono. „Ja Hus ska du faa“, sa han, no est du æ go fere narre taa Grannkjeringen minnar eit greskt Gullkje, ho æ eigande, so ska du faa fytislaust Levebrø te din døyande Dag“. Jau hona sette i Vegen o ga se i Svall me dei unge Børgarfruun; hona va fælt ful o kringsvallandis, so dæ va kji lengji, før ho va go fere liste se inn mæ henne o fekk ho te Slutt te leggje Huvu sitt i Fange hennar, so vilde ho pynte Haare hennar, sa ho. Um ei liti Ri søvdna Børgarfrua; daa va hi sakte kji sein te løyse Gullkje’e taa henne o taka Hyven mæ di. Frua gaadde dæ kji, ho va følli i ein Tunge o va kji go fere ørrette se.
Um Morgo’n kom Mann hennar heimatt. Grannin gjorde Bø ette hono o ba han koma te se, so vilde han syne hono eit rart eit; han kom, o der fekk han sjaa, at Grannin hadde dæ greske Gullkje’e aat Kjeringen hass i si Vareign. Han gat no sakte kji, kost han hadde faat Tak i dæ, han akta se vel fere di. No laut Mann gaa ifraa Gard o Grunn o alt, han aatte o hadde, so han ikji vart eigande nakne Naale i Vegge tissheld. Borgarfrua vart dømd te lise Live, taa di dæ vart upptake fere dæ, at hona havde vøre otru imot Husbone seno, o ein Mann skulde ta hona mæ se inni i ein murk Skog o drepa hona o ta att mæ se Haarfletta o bæi Brjøste hennar, so kor o ein kunna sjaa, han hadde gjort dæ, so paa hono va lagt.
Men ho hadde rae vøre snill o gjemeinsle baade mot høg o laag, difør va ho taahaldi, o alle syntist dei Synd i henne. Den, so skulde drepa ho, kløktist ogso over ho; dæ va kji Raa, han va go fere drepa eit so ungt o snilt Miniskji; men han va livrædd, o han visste, at han laut lise sitt eie Liv, est han kji hadde Teikne me se heimatt. Hatt skar soleise taa henne Haarfletta o bæi Brjøste hennar o le ho so gaa.
Mann hennar gjekk vingla hit o dit i Ørsskun i lang Ti, ette han hadde vøre ute før desse Olykkun: langt um lengji kom han te ein Kungsgard o sette se Tenist der; han skulde vera Stalldrengen aat Kunga sjøl. Den Ti Kjeringe hass to te bli nokolein go atte, klædde ho se i Karmannsklæo o trefte so te koma vinglandis aat dei sama Kungsgaarde. Mann hennar kjende henne inkji, atte; men ho dro Kjensl paa hono, trast ho sette Auga paa han; ho gat inkji noko, men fekk han te tinge Tenist aat se i Kungsgarde. Ho hadde oversle gøtt før di o var flink o ferm i alle Maata, so dæ kji va lengji, før ho steig so ho vart nemmaste Kungen sjøl i heile hass Land o Rikji.
Den Børgaren, so no aatte baae dei glupe Gardadn, vart kaut o stolte, kann ein veta. Han slo støtt paa o held se mæ dei store; go Raa hadde han ogso; dæ traut hono kji korkji etand ell drikkand, korkji eit ell anna; men te gjildare han fekk dæ, te gjildare vilde han ha dæ. So kom han paa dæ ei Gong, at han vilde gjera Gjestebo før Kungens nemmaste Raa; ner han fysta va vørtin kjend mæ hono, kom han trast i Kjennskap me sjølve Kunga ogso. Kungen tytte no alti dæ, at han kji maadde i Von si nemmaste o beste Raa, men ga hono lell Løv te fara te dei Gjæstebøe o vera burte i nokre Daga. O ja, han reiste, o Stalldrengen to han mæ te Skjussgut. – Daa dei vøro komne mest fram, sa han dæ, Kungens Raae, te Skjussgute: „No ska kji du svalle stort i Kveld da; du ska prøve faa sett de før de sjøl burti ei Ron o teikne upp dæ, so e o Børgaren koma te prate mæ inan um.
O jau, detta va gøtt o væl! Dei rokko fram um Kvelden o vørto greskt imottakne, so ventande va, ner Kungens høgste Raa va ute o ferdast. Dæ vart sakte ikji spara paa fin Mat o gøtt Drikke, so dæ kji to lang Heto, før Børgaren o Kungsraae vørte baade morosamne o svøllogne. „Men sei me no eit, kost fekk daa du din store Meddel i Verd’n, min Børgar“, sa Kungsraae, „fortel me dæ!“ Ja hin va trast viljog te di o sa taa, kost de hadde gange te ifraa fysste Upptake, atte dæ han o Grannin hass hadde vøre ute seilt, o ko han hadde løvt ut, est han skulde faa laust atte Skjepe sitt. „Dæ fekk han ogso“, sa han, „o gjifta se sia mæ ei Fatigjente, so gjekk innpaa Fjøren sanka Skuresand. „Ja, men kost fekk daa du din Meddel i Verd’n“, sa Kungsraae, „førtel, førtel!“ Ja hin va viljog o lo o tala um Vaagilse deiris, „men ho va tru mæ, den Skarvefilla“, sa han, „før ho slo sund ei Ølkrus i Huvue paa me, daa e kom o froga henne ette dei greske Gullkje’e hennar“. „Men kost fekk daa du din Meddel i Verd’n, min Børgar, førtel, førtel!“ sa Kungsraae atte, maaveta. Ja hin lo o tala um, ko ful o sljøg den Strætarfenta hadde vøre, at ho hadde stilt se te taka Gullkje’e ve Børgurfrua søv, „men ho fekk ogso Like før dæ“, saa han, „ho ska ha sytislaust Levebrø hjaa me te sin døyande Dag“. „Men kost fekk daa da din Meddel i Verd’n, min Børgar“; sa Kungens Raa, „førtel me dæ!“ Ja so tala han um, at Grannin laut gaa ifraa Gard o Grunn o alt dæ, so i hass Vareign va, o at den unge Børgarfrua vart drepi burti ein murke Skog, o Haarfletta o bæi Brjøste taa henne skørne: „men no æ dæ mest dæ raraste dæ, at dæ her paa Garde, so den Børgaren aatte, finnst eit Hus, so dæ ikji æ Raae skaft, nokon kann koma inni; dæ æ omogele faa Lykkla, so høve aat Laaso, Oraa æ dæ faa brøte Døradn upp, o inkji finnst dæ Varme, so vil brenne dæ upp“. „Ja, men kost fekk daa du din Meddel i Verd’n, min Børgar, førtel, førtel!“, sa Kungsraae atte. Daa hadde kji hin meir segja, men daa hadde han sagt nokk. „Ja“, sa Kungens Raa, „der sit Mann min, e æ den Skarvefllla, du bar de so aat imot, o her æ Lykkladn so høve i Laase paa Huse, du tala um.“ No va dæ vørte uppedagele alt sama. Børgaren vart dømd te lise alt, han aatte o hadde; den gamle Hurpa vart rulla ihel i ei Spikartynne. „Ei glup Kjering æ meir værd en ein greske Gard“, men dene Kjeringe va værde tvo Garda. No fingo dei atte alt dæ, dei før hadde aatt o hatt, o slekt te, o levde ihop i Hugna o Gle’e, o era det kji daue, so leva dei enno.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |