H. Aschehoug & Co. (s. 361-382).

Bjønnsta-Ækte.

1528 va de eit Kvinnfolk som aatte Ner-Bjønnsta, heitte Ingri, ho va trule Gardjente hell ong Enkje. Eit Par Aar ette vart ho gjift me ’om Anders Kleppe, Son hans Jon Andersson; me honom kom List-Ækte paa Garden og heldt se der i 350 Aar. De er elles mest ikje naagaa att te Minne um han Anders; ette som de ser ut te, ha han tikji Toulsta i Bygsel ’taa henne Gyrvhild Fadersdotter som den Ti’e aatte Garden, og de er Von te, at han budde paa Toulsta og sette burt Jorda si i Ner-Bjønnsta paa Leige. Han ha ei einaste Dotter som heitte Aagot ette Mor hans. Han Anders maa ha fulle av i sine beste Aar og ho Ingri vart sia’ upp-att gjift me ein Mann, heitte Per Kokk, men me honom fekk ho ikje Bon, ette di, som er kjennt.

Ner-Bjønnsta gjekk i Arv aat henne Aagot Andersdotter, men ho kom alder te aa bu paa Garde. Da ho vart vakse Jente paa Lag i 1575, vart ho gjift me ein Mann, heitte Paal Kristensson. Kaa han va for ein Mann og kaar han er ut’stokkjin fraa, ser de ut te aa vera Oraa’ aa faa Greie paa. I 1572 ha han gjort Tenest paa Akershus og um Housten gjorde han ei Ferd aat Hei’marken, Østerdale og Ha’lann i Ærend for ’om Nils Krabbe, som da va Hovi’s-Mann mea’ Statholdar’n sjøl, han Paal Hvidtfeldt va burte. Reise-Passe hans aat di Ferd’n er enno te, de gaar ut paa, at alle ska skaffe ’om Paal Kristensson den Skjuss’n han trøng baade te-lanns og te-baats, fram og att-ende aat Slotte paa Akershus. Han Paal ha ette desse vore en Kar saa go-te se, at han kunde sendast i store Ærendo. ’Taa ei Rets-Sak lenger fram i Ti’n, um Bygselretten aat ein Gard i Heidals-Skogbygden, syne de se, at umkring 1595 ha de butt ein Fout paa Toulsta, som heitte Paal Kristensson, og de kan ikje vera naagaa Misstak, for de er fleire Vitne som samstava me di. No va de denne Ti’e, millom 1595 og 1600, ette Lensreknskapom, ein Fout i Gullbransdale som heitte Paal Leth og de kan vera mog’le, at de er den saamaa Mann. Kaarles dette no kan haa se, saa er han Paal Kristensson fulle burt ve Hondredeaars-Skjifte og ho Aagot sat att Enkje me 5 Bon, 3 Gute og 2 Jento. Mea’ summe ’taa desse Bonom va omyndoge, va Sys’kjinbaane henna Aagot, han Endre Kleppe, Vergje for døm og kaarles de gjekk av se er førr nemnt (sjaa S. 341). Da alle Bone vart vaksne umkring 1612, skjifta ho Aagot Jord-Eiga si imillom døm og da syne de se, at de er Farsarven henna fraa Kleppe, ho er eigande for, og Mann henna, han Paal Kristensson, kan ikje ha vore Eigar ’taa nogor Jord. Den eldste Son, han Kristen, fekk Ellingsbø i Heidale, den nest ’om, han Anders, fekk Bjønnsta og den yngste, han Jo, fekk Rottem. Di tvæ Systen fekk se te-laataa naagaa i ymse ’taa desse 3 Gardom og i Kruke, Kleppe, Valbjør og Mo, den eine ’taa døm va gjift aat Odlo i Ringbu.

Han Anders Paalsson Bjønnsta ha fløtt aat Ner-Bjønnsta i 1609 og vart ein Mann som va mykjy umtaalaa um de ikje nettup va for di Go’e, allt. Han fekk Namne „Galn-Anders“ og de Namne bar han nok hell-ikje for inkje; han drakk og naar han va drukkjin, va han ein aagaa-lous Ovørding som va baade stygg og farle, og Grannann hans va jemnan verre hell ille ute for ’om i Lag og Sam-Kommo. Paa Baarsta va han Eingong me i ei Ligjerd[1]; han laag go og drukkjin i Benkje inna’ Borde og best de va kom han i Ordkast me ein ’taa Grenns-Mennom sine. De eine Orde tok de andre: „Di Benkje-Rekkje, du ligg der!“ sa Mann. Dime reiste han Anders se, greip Ølkruse si og slo Mann i Skallin saa Krus-Bott’n satt att i Skalla. I eitt anna Lag gjorde han ’om Berdon Skaar „Blodvide[2]“ og lout bøte 35 Riksdale paa Tingje. Saales va han Anders eit stort Ofre’s-Brev, kaar han foor, og han va ein ’taa di faae Norddølom, som Kniven sat loust i Skjei’om hjaa. Bjønnsta-Gardann laag i Teig-Byte[3] den Ti’e og Øver-Bjønnsta ha eitt grepa Slaatt-Eng fram-me Husom paa Ner-Bjønnsta; detta ha han Anders ofte harma se ivi. Saa va de ein Saamaar da Slaatt-Onne begjynda, Over-Bjønnsta-Mann kom og bar te aa meje og slaa ut-for Glasom paa Ner-Bjønnsta saa ti’le um Maargaan, at han Anders laag i Sengen enda. Da han høyrde Mann va saa maargaa-røk, trudde han nok, de skulde vera ei Snei’e aat se for de, han laag lengje um Maargaan; han vart ovende sinnt, rende ut og ga Manne tri Styngje ’taa Tollknive sine. Øver-Bjønnsta’n vart liggjande for Doua ette, men da vart han Galn-Anders redd og tok te Rymmings. Han sat uppi Fjelle, vesta’for Skagsnebb ein Sta’n, som kallast Vole, der heldt han se i 6 Viku. Grannin hans kom se att ’taa Saarom og da han Anders høyrde de, kom han ne att utu Fjelle og fekk forrlikt se; me di slapp han aa kaamaa for Retten den Gongen. Men de lagdest te for ’om aa bli drigji for Retten og de er fortald, at han møtte paa 10 Ting i Ra’ og bøtte 10 Riksdale paa kaart Ting for Udygde og Ogagn, han ha gjort. Da han reidde ut den tiande Bote, sporde han Skrivar’n (Peder Riber hell Mouris Jonssøn) kaa ein Neva-Dask kosta. „Tie Daler, min Anders!“ svaaraa Skrivar’n. Me di ha han Anders upp Haande og ga Skrivare einn onde Øyra, saa han datt ne-me Tingborde. Da Skrivar’n aarekte se att, fann han Anders upp 10 Dale og flidd ’om og Skrivar’n lout ly’e sin eigje Dom. Men da gjorde han Anders eit Ronn-Kast saa de skrangla i Sylvspenn’om hans: „ja, no har eg bøtt tie Dale paa tie Ting og ikje Ting imillom, men enno dansa eg i sylvspente Sko og sit Bjønnsta like radt!“ sa han. Han sat i Vælstann paa Garde og umkring 1620 er han i Skatt-Manntale rekna me Odelsbøndom, og ’taa døm va de ikje meire hell 8 i Bygden; han aatte 412 Hu’e me Jord. Han Galn-Anders er dø paa Lag 1650 og ha att 6 Bon ette se; ’taa døm va de berre ein Gut, heitte Paal Andersson, og han fekk Gard’n ette Fare. Han Paal va ein fre’ele Mann og likna ikje Far sine paa nogor Gjerd. Jorde paa Bjønnsta vart saa smaabytt millom ’om Paal og Systom hans, at han aatte berre de halve i Garde mea’ han livde. Han dø i 1673 og ha 7 Bon. Døm brukte Gard’n ihop me Mor sine radt te i 1693; da fyst heldt døm Skjifte og eldste Son, han Kristen Paalsson vart ve Gard’n. De va Rikdom paa Bjønnsta da dette Skjifte va halde og de va han Kristen, som ha styrt saa væl, at Bue ha ouka gjillt sia’ Far’n dø.

Han Kristen Paalsson ha stødt i Folke-Minne bore Namne „Gamel-Kristen“ og de vise se, at han ha vore ein framifraa dug’le Mann. Daa Vokst va han ei Kjempe og sterk som ein Jutul, men han va ein fre’ele og go-eint Kar, som ikje va mykjy Illt i. I dagle Lag og for de Snøgge, saag han ut te aa vera ein stor Go-Sou, og de Lage fyl’de mange ’taa Bjønnsta-Ækten fram-igjønom; men elles visste han Kristen kaa han vilde, naar de galdt paa, og va allt anna, hell eit Lokkar-Baan. Da han tok Gard’n, bar han te aa løyse inn alle di smaae Erve-Lotann i Garde ette Sys’kjinom aat Far sine; fine eigne Sys’kjin løyste han ut me Pening og um ikje mange Aar aatte han Ner-Bjønnsta allt upp. Han ha go Raa’ paa Pening ette Ti’n og de, han tente Pening me, va Kvenn-Hogging i Kvennbergje paa Toulsta. Førr Kaftin kjøpte Toulsta, fekk kem, som vilde, Lov te aa rødja se Berg og hogge Kvenne der, naar døm la fjorde-kaar uthoggjin Stein i Tiend aat Grunn-Eigare. Og han Kristen Bjønnsta ha 5–6 Kare i Kvennbergje Aare rondt og sjøl kjørde han Kvennsteinann aat Kristian um Vintrann. De ha enda vore sagt, at han kjørde Kvenne inn i By’n tri Vintre ette ein-a’an og ikje ha Snjo-Sokke paa Føtom paa nogor Ferd. Likesaa va de sagt, at han gjorde saa trouste Vi’ju-Drætte[4] i Skjækom sine, at Eingong han kom att fraa ei Byferd, va døm enda saa faste, at Skjæken spennte upp-att frama’, da han løyste fraa i Garde paa Bjønnsta. Me desse Kvenn-Handele sine tente han Kristen go’e Pening.

Da han Tostin Kleppe vart gomol, tok han Kristen Bjønnsta att ’taa ’om og va Le’smann i nogre Aar. Han va mykjy go-te se og va ikje fri for, at han ha Hog te aa drive Sakje for Rette. Ei Sak, han dreiv, vart han namn-gjetin ’taa. Fraa eldgamle Ti’e ha Bjønnsta-Gardann og Snel-Gardann datt Skogen paa Rusten, og de va baade ei stor Vidd og gjill Timber-Skog. Men Snel-Gardann ha enda ei stor Skogvigg i Holongs-Maarken. I Finntryun og Uppgardom uppi Vaagaa va de lite me Skog og Bygnings-Fang da, som no, og i di Daag’om va ikje Skogen saa mykjy votta. Difor henda de jemnan, at summe ’taa Gardmennom deruppi fekk Lov te, aa hogge se eit Husvyrkje[5], inkor Tylte me Aaker-Trø[6] hell aa brenne ei Kol-Mile paa Rusten. Summe tok se te me dessa forutta’ Lov, ou, baade paa Rusten og i Holongs-Maarken; vart de gjort mykjy ’taa di, saa henda de, at Snele hell Bjønnsta tok att Aavyrkje, men for di meste fekk døm haa de. Men saa bar døm te aa gjera meir ’taa di hell førr og da han Kristen Bjønsta slo Forbaa paa tvoug Husvyrkje, som vart hoggje paa Rusten, sette Bøndann i Finntryun og Uppgardom se i Trætte og paa-sto, at Hollongs-Maarkje og Ruste va Aalmenning. Detta saag ut te aa bli ei lei Sak, og Mann paa Øver-Bjønnsta og Mennann paa di tri Snel-Gardom ha litol Utkomme te aa trætte ve alle desse vælberga Nordbyggjingann[7]. Men da bou han Gamel-Kristen se te, baade aa føre Sakje og koste ho, disom baa’e Bjønnsta-Gardann fekk Laat i Hollongs-Maarken ette Skjyld’n paa Gardom. Og de va Snel-Mennann væl nøgde me, maa’ta. Saa barst de aat me ei lang Trætte som vaaraa i 6 Aar. Han Kristen ha Skrivar’n paa Aasta’n tvo Gongo og Lagmann ein Gong; Sakje vart dømd ve Heimretten, Lagtinge og Oberhoffretten og derfraa vart ho anka inn for Høgsterette i Kjøpenhamn. Paa Bygdatingje va de Sonn’-Skrivar’n, han Hendrik Smidt, som va Dommar og Dommen lydde paa, at Ruste fraa Bygda-Vegje og te-fjells va Aalmenning baade aat Finntryun og Uppgardom og aat Snel-Gardom og Bjønnsta-Gardom. Lagmanns-Dommen kjennde Heimretts-Dommen ogjyldog og dømde Ruste for full Eige onde Snele og Bjønnsta, de saamaa gjorde Oberhoffretten og la han Hendrik Smidt i ei Bot paa 10 Riksdale for di, han ha dømt i si eigje Sak ette di, han aatte Haakaasta og Haagan i Uppgardom. Han vilde elles haa de te di, at han berre ha leigt Haakaasta ’taa Enkjun ette Preste Henning Munk, ho Anne Glostrup, men, da de gjekk i Herdingje, va han heilt Eigar ’taa Garde. Høgsteretten sta’festa Dommen og i 1704 gjorde han Gamel-Kristen ei Ferd aat Kjøpenhamn, for aa taakaa imot Høgsteretts-Domme og rei’e ut Kostna’n.

Da han kom aat Kjøpenhamn spordest de trast, kaa denna store, førvuksne Nordmann foor i, og Fatti’folk ringa se um han paa Gatun og ba han um ein Skjilling i Guds Namn. „Du norske Mand som har vundet Sag, und os en Skilling af Pungen!“ sa døm. Detta ha han Kristen havt i Ventom og ha laagaa se paa me 8 Riksdale i Tvoskillinge som han delte ut, kaar ein, ’taa, og Byfolke tykte, han va ein stor-tøk Mann. Fraa desse Kjøpenhamns-Ferd’n sine tykte han de skulde vore hogle, aa havt me se naagaa heim att te eit Minne, og saa kjøpte han ei Mat-Gryte, ei Skjeppe og ein Bismar. Da han ha kjøpt Gryta møtte han ein Mann paa Gatun, som sa ve han: „den Gryde springer, min Mand!“ „Trur du de,“ sa han Kristen, „enn du ikje skulde vilja vore me meg og bytt um att Grytom!“ Jou, de va Mann viljug te og døm valde ut ei, som Mann forsikra ’om ikje skulde „springe“, men han Kristen lout gjeva 8 Skjilling i Millom-Lag. Og sannt va de, som han sa, ho sprang ikje, men de va saa blout Malm i henne, at ho surta Maten all sin Dag, og sist vart ein ’taa di seinare Mennom paa Bjønnsta saa lei ho for di, at han gjekk ut-paa Dørahella og slo ho i Stykkjy. Men Skjeppa og Bismar’n va paa Garde ette ’om te for førretjuge Aar sia’.

Førr, for han tretta um Rust-Maarkje, sette han se i Trette ve Toulsta-Kaftin um Kvennbergs-Retten. Kaftin kjøpte Toulsta i 1686 og me di saamaa sa han utu Bergje alle, som førr ha drivi Kvenn-Hogging. Detta va ikje han Kristen hoga te aa gjeva se me og saa let han de kaamaa for Retten. Toulsta’n bou ’om te aa halde me 2 Kare i Bergje, um han saa vilde Aare rondt, imot aa svaaraa gomol Tiend. „Nei førr eg gjere eit skamle Forlik, vil eg felle for ein Dom!“ svaaraa han Kristen og ve Heimretten tapte han Sakje og me di ga han se.

Trast ette han ha vunne Sakje um Ruste, sette han upp ei ny Stugu paa Bjønnsta, Ourbu-Stugo, som ho ha vore kalla i seinare Ti’. Denne Stugo skjøl se fraa di vanlege Stugu-Gjerd’n, som va i Bruk her i Bygden, de Bele. For de fyste va de mura Ourbu onde Stugun og saa va ho sond-jølmnt me ein Vegg ette Lengd’n. Eine Rumme er delt att, saa Stugo me di har 2 Kleva og den eine Klevan har Dør ut i Svale. Ourbu-Stugo er paa halv- annor Høgd me Flat-Tak og eit stort Rum uppi Røste, som va kalla „Ull-Huse“. Svale er i eine Tverr-Enda paa Stugun og uppaa „Ull-Huse“ gjekk de ei Vind-Tropp. Ourbu-Stugu er ein Millom-Lekk imillom di gamle Aas-Stuguom paa ei Høgd og di, me Høgstugu, som tok te aa kaamaa i Bruk ette 1750. De er mest ikje aa tvile um, at han Kristen ha tikji se Mønster aat desse Stugun utta-bygdes og de er beste Vone te, at han ha funne ut den Stugu-Gjerde, da han gjorde Ferde aat Kjøpenhamn. Ourbu-Stugo er byggt i 1708 og er enno like go, for de er overlag te gjilde Timber i henne. De er ventande, at baade ho og alle di andre gamle Huse paa Garde, vil bli fløtte aat di „Sandvigske Samlinger“ paa Vetlhaamaar og uppsette att der. Tvo gamle Stabur paa Garde er ou uppsette ’taa ’om Gamel-Kristen.

De va han Kristen, som rødde Sæterbol aat Bjønnsta i Sjoli’n, Steinbrusætre, som ho kallast i gamle Daagaa. Bjønn va saa stygg i Sjoli-Maarken den Ti’e, at de gjekk mest ikje forr se aa sleppe Øykje umkring Sætre. Men saa ol han Kristen ein ulvsblakk Skjuthest, ein overlag før og gjill Hest paa all Vis, og han va saa hard, at Bjønn sto se ikje for ’om; døm skulde gaa Hardkulo rett som de va um Saamrann. Ein Houst, me di saamaa døm reiste me Bølingje, va de ein Tenestgut, som skulde faaraa burti Sjolie og taakaa heim Øykjinn. „Finn du Øykjinn og sleppe døm paa Kvee, saa maa du ikje setja Fitil paa Blakken!“ sa han Kristen aat ’om. Men da Guten ha funne Øykjinn og fekk

Fig 46. Stugune paa Ner-Bjønnsta, Ourbu-Stugo er den med den store Omn-Pipa.
døm paa Kvee, sette han Fitil

Fig. 47.
Grunnplane aat Ourbu-Stugun.
paa Blakken lell, han, for han ottast ’taa, at Blakken skulde rymme ’taa Kve’n. Og um Natte kom Bjønn og ga se i Kast me Blakkje og de vart slik Donder og Leven ut-paa Kve’n at Guten vakna. Han forsto kaa de va paa-ferd, men de va ’kje de Mo’e i ’om, at han tordest aa leggje ut me ein Brand hell eit Spik-Log og løyse Take. De vart baade eit langt og eit hardt Basketak førr de endast, og no, da Blakken va fengsla, lout han misse Live te-slutt. Bjønn ha sli’i ihel han og bore han langt syn-um Kvee; der Slagsmaale ha staatt, laag de att Haar og Hu’-Remso baade ’taa Bjønne og Blakkje, og de ha nok knipst, at Bjønn vart Mestar, enda Gampen va helda, ou. Da Tenestguten kom me Øykjom sy-i Toulsta-Jorde, saag han Kristen me Eingong, at Blakken ikje va me. „Ja, no er ikje Blakken me, ser eg,“ sa han, „skulde han berre ikje ha rokje me i Fengsel’n!“

Ein a’an Houst vart alle Øykjinn hans Gamel-Kristen burte, de sto ikje te aa faa Sporlag paa døm kaa døm grov og leitte paa alle Lei’e. Han Kristen ha 12 Øykje og no saag de ut te, at han ha vorte snøgt av me døm. De lei te Jul og han Kristen ha longe gjeve upp Vone um, aa faa sjaa nugun ’taa Øykjom sine meir; Jul-Eftan gjekk han Kristen ut og inn jemnan og va som saa orole i Hogje. Best de va, han kom inn-att, sa han ve Firistandar’n sin: „nei, no tykte eg, at eg høyrde Øykje-Bjølla mi sy’-i Skaarsbrekkun!“ Aa, alder de, meinte ho, men han Kristen tyktest vera viss paa, de va saa. Um lite kom Øykjinn hans ut-ivi Skaars-Øye og rekte ut-paa Isen ette ein-a’an, alle tolv, og kom heim aat Bjønnsta i Skymmingen.

Han Gamel-Kristen Bjønnsta va ogjift; eine Bror hans gjifta se aat Viste i Norhera’ og eldste Son’n hans, heitte Paal, tok han Kristen aat se da han va fram-vuksin. De va nok Meiningje, Guten skulde faatt Gard’n slik han sto ette ’om, men da han Kristen tykte, de va lite Mete i ’om Paal da han vart fullvakse Kar, gjorde han ikje meire ve de. Han Gamel-Kristen dø trast ette Nyttaar 1719 berre 62 Aar gomol. De ha vore sagt um han, at de va hann, som „gjorde Gard ’taa Ner-Bjønnsta“, og i mange Maate va de sannt, for han arbeidde upp Garden saa Avlingunn va meir hell tvi-ouka da han slutta. Bue ette Far hans i 1673 va i vore Pening paa 14 500 Krono, men hans Kristen va paa 40 000 Kr.

Han Paal Anderson fraa Viste kjøpte Bjønnsta paa Skjifte ette Fa’bro sine for 80 Rd. Hu’e og da Garden va paa 6 Hu’e vart de 480 Rd. hell um-lag 9 000 Kr. i vore Pening-Verdaagaa. Han Paal va ein avraa’e stor og sterkvuksin Kar, væl-hendt baade te-tres og te-smes, men Hugue skulde ikje vera ’taa di beste paa ’“om. „Jøsses fri os’! Jøsses fri oss! han har go’e Henn, han Paal, men Hugue hans er som de skulde vera i ein Sekk,“ sa han Gamel-Kristen um han. Gardsdrifte la han Paal se lite ut um, de han ha mest Liv for va Fisking. I 1736 bygsla han Sjugurdsjø’n og Sjohølann og sia’ ha døm liggji onde Ner-Bjønnsta; Nouster og Fiskebue sette han upp alle Sta’ann han naadde te aa fiske, ve Flatningen, Sjohølom, Sjugurdsjø’n og ve øvre Sjaadal’n. Og paa øvre Dørastokkje skar han stødt Namne sitt P. A. og Aarstale; den Ti’e skreiv alle ein S for „Son“ i Namne sine og da han Paal alder gjorde de, kalla Folk han „Paal-Anders“ for Moro Skull. Ein Houst, han vilde upp-aat Hølom og fiske, møtte han Bølingje sine i Steine-Lykkjun, døm va paa Heimferd fraa Sjoli’n. Men da kjennde ikje han Paal sin eigje Bøling, men sporde nugun, han raakaa ne-i Rinnhøl-Grenn, kem som aatte den store Bølingen. Men de va Lykka hans, at han ha ei Kjering, som styrde baade paa si Si’e og hans; ho heitte Anne Paalsdotter og va eitt ’taa di tolv Bonom aat Dragon-Lutnane paa Toulsta. Ho va ei gjild Kjering som styrde heile Gardsstelle og fram-te gjekk de me døm. Sjøl va han Paal eit fre’ele Grends-Menneskje og eit stort Go-Menne. Han ha ein Son heitte Kristen, ette ’om Gamel-Kristen, og fire Døtt’; han dø i 1770 da de vanta ’om tvoug Aar førr han fyllte fjorde Tjuge.

Han Kristen Paalsson vart Brukar og Eigar ’taa Bjønnsta i 1753 og da va de allt 4 Aar sia’ han gjifta se me henne Mari Olsdotter Uppigard Sør-Sambu. Me henne Mari kom de ’taa Gjæsling-Ækten paa Gard’n. I Storleik og Styrkje va han Kristen den saamaa som Far’n, men han ha be’re Hugu hell hann og ette som de ha vore sagt, va han ein stor Sløging som ha go Hog te aa gjera Ap og Gaamaa naar de høvde se. Baade han og Sys’kjinbaane hans, Mann paa Toulsta, han Hans Paalsson, va ikje frie for, at døm ha Hog paa de Sterke og døm gjorde jemnan ei og a’an go Drykkje-Kule. Toulsta’n va Le’smann og godt go-te se, men paa summe Vis va han hell einfoldog og go-trugje og kaar Gong, dessa tvo kom ihop, sette han Kristen paa aapaast ve Toulsta’n te han fekk han sinnt. Eingong dreiv døm og hyggdest um, kaar Arbei’sfolke ha beste Kosten, paa Toulsta hell Ner-Bjønnsta. Toulsta’n vart tykkjin saa han gjekk og me di saamaa sa han Kristen: „naar Arbei’sfolke mitt gaar inn te Maargaa-Verds paa Smør og Kaku, saa sit Karann dine att paa Ha’fellom og gjæl som svoltne Kraako, døm!“ og me saamaa blekte han me di store Graavest-Flakom og gool ette Kraakun. Detta vart Toulsta’n styggt arg paa han Kristen for. Ein a’an Gong døm raakaast, gat Toulsta’n paa, at han ha ein fir-ærings Grong saa gjill, at han vilde vaage, at de fannst ikje Ukse paa heile Lalm, som ha forr aa stangast ve han. Ja, Bjønnsta’n ha ingen Ukse da, som han tordest vaage, men han ha ei Ku, som han va viss paa, ikje kryssa Uksa hans. Detta gjorde døm Vaagan um og taalaa av aa møtast ein viss Dag i ei Lyu i Bjønnsta-Jorde. Da Dagen kom møtte Toulsta’n me Uksa og Bjønnsta’n va ou kome, men ista’n for Kue ha han me ein Brennvin-Donk, som di tvo tok te aa stangast ve inn-i Lyun. Donken vart deres lange Mestar og yngste Son hans Kristen lout kaamaa me Øyk og Sle’a og kjøre di tvo Karann upp aat Bjønnsta, da de lei’ te Kvells.

Denne Ti’e budde de ein Kaftin Grønner – Grüner – paa Ourbu-Stugun paa Ner-Bjønnsta. Grønner drakk og ha eit leitt Ord paa se for aa vera louslynd; paa Bjønnsta ha han me se ei Slure som heitte Spell-Ingri som elles skulde vera ’taa ei ’taa Stor-Æktom i Bygden. Namne sit ha ho faatt ’taa di ho leet paa Langleiken. Grønner og Bjønnsta’n va goe Busse og naar døm fekk Toulsta’n me se, heldt døm go’e Lag uppaa Ourbu-Stugun. Ein Kvell sat dessa tri i godt Møle og drakk, ho Spell-Ingri leet og allt som jemnan gjorde Karann se ein Sving burtpaa Golve. Best de va kom Toulsta’n og Grønner i Ordkast og, førr nugun visste Orde ’taa, ga Toulsta’n Kaftine ein go Nevadask midt i Skallin, saa Nakkjin hans svaaraa att-i Veggje. Grønner vart rasandes, floug upp og slo Døre i Laas og greip Kaara si paa Veggje. „Nu skal Øyne og Øren drive af dig!“ sa han og vilde bruke Kaara paa Toulsta’n. „Ja no er mitt Liv ute!“ sa Toulsta’n men han Kristen tok Grønner i Bringa og Toulsta’n hengde se paa han baka’paa og saales styrde døm ’om, te ho Spell-Ingri fekk upp-att Døre. Da skout Toulsta’n te-dørs, men i di saamaa fekk Grønner lous høgre Haande og hyggde ette ’om; Kaar-Odden naadde uppi ein Aas i Flat-Takje saa Flisinn dreiv. Ha ikje Kaara tikji uppi Aasen, ha Toulsta’n faat Hogge imillom Ekslom. Grønner og han Kristen va like go’e Venner og Lage vaaraa me Drykk og Dans langt ut-igjønom Natte. Men um Maargaan gjorde Grønner Baa paa Toulsta’n at han vilde faa taalaa ve han. Og da de lei paa Dagen kom han leiande me ein gulblakk Faalaa[8] han ga Grønner, og som skulde vera verd 40 Riksdale. Me di va allt godt og væl att imillom døm.

Alle Bjønnsta’ann ha havt stor Hog paa Fisking og saales va de me ’om Kristen ou, han laag stødt ve Flatningen kaar Houst. Eingong ha han me se ein halvgomol, einra’e Kar, heitte Næpreitin, og ein Maargaa døm rodde sø’-over Flatningen, kom de stygg Vinn paa døm. Næpreitin sat i Aarom og han Kristen saag, at han va hjertele redd. Dime la han Kristen se ne-i Baaten og skapte se saa redd, at han skreik uppi Høgt og Næpreitin trudde, de heldt paa vart Endin deres. Han sta’na me Aarom og tok te stouke paa ei Salme: „o salige, evige Naade, nu er det paa Tide at tænke sig om – –!“ – „Nei, men saa Guds forbanne deg, Næpreite, berre driv paa og ro!“ sa han Kristen og sette se upp att.

De er han Kristen, som ha sett upp di tvæ store, tvihøge Stugunn paa Bjønnsta, den nørdre har di „tri Sjougann“[9] – 1777 – og den søre er 10 Aar yngre. I baae er de framifraa te store Timber. Han Kristen ha 6 Bon og ’taa døm va de 14 Gute, store, sterke Kare alle, men den eldste, han Paal, og den yngste, han Iva, va di føraste. Far deres kalla desse Gutann for „Vetl-Gutann all sin Dag og de tykte Folk høvde saa halt i Falle[10]. Eingong kom desse „Vetl-Gutann“ burti Sjolie, tile um Vaar’n og raakaa han Anders Slave der, saales som de førr er fortalt (sjaa S. 253). Um Vinter’n ette kom han Anders aat Bjønnsta ein Dag, han gjekk og selde ’taa Arbei’e sine. Da han gjekk att sa han Kristen: „Kom ver me meg paa Stabure no, Anders, ska eg gjeva deg ein Hal’mæle Kønn for de, du ikje gjorde Vetl-Gutom mine naagaa burti Sjoli’n ivaar.“ Jou de skulde vore Føre for ’om Anders aa gjort di „Vetl-Gutom“ naagaa! Men slike va dessa Bjønnsta’ann.

Han Kristen Paalsson dø i 1798 77 Aar gomol; seksten Aar førr selde han Garden aat eldste Sone, ’om Paal Kristenson for 390 Rd. Han Paal likna mykjy paa Bestefar sin, han va ein slik avraa’e stor Kar og ein stor Go-Sou, men han va paa-passog og driftog me Gards-Arbei’e. Kjeringje hans Paal va kome fraa Nigard-Aassaare, ho heitte Guri, Dotter hans Gottorm Bjølsta, og saales va ho baade ’taa Bratt-Ækten paa Bjølsta og List-Ækten paa Kleppe og ha lite Gjæsling-Blo’ i se. Sjøl va han

Fig. 48. Nørdre Stugo paa Ner-Bjønnsta, bygt 1777.
Paal baade ’taa List-Ækten og Toulsta-Ækten og Gjæsling-Ækten. Ho Guri Aassaare ha stor Heimafyl’d baade ’taa Pening og Lousøyre, ei dugele Menneskje og framifraa før og stor paa Vokst.

Han Paal va utu Maata baade stor og sterk, men de henda ikje ofte, han synte de fram. Mea’ han og di hine „Vetl-Gutann“, Brør’n hans Paal, va i Ongdomme, brukte døm paa aa gjera ei Ferd ne-paa Romsdalsnese ette Salt, ein Gong i Aare. Mang-ein Gong va de grovt oført paa Lesjaskogje og de va stor Vande aa kaamaa um ein-a’an, naar Ferdmenn møttest me tonge Lass. Eingong møtte Bjønnsta-Gutann 4 hell 5 Døvre paa høgste Skogje, døm kom fraa Romsdalsnese me Salt og Fiskevare, va fulle og sette paa hue og skrike, at ha ikje Gutann se kvasst ’taa Veggje, skulde døm faa bra Hogg. Ja døm ga no Halv-Veg og ikje meir, for døm ha tonge Kønn-Lass paa; men Døvrann vilde brote se fram, for de va Kare som leit paa se, og sette paa, vilde velte Kønn-Lasse deres uttum Vegen. Men da vart Vetl-Gutann sinte og Døvrann kom uttum Vegen sjølve. Eldste Bror hans Paal, han Gamel-Anders, fortalde um den Kula sia’: „Oss tok fyst kaar sin ’taa Karom og kasta langt ’taa Vegje og, ja Gu’ss-De, tok oss Lasse og Øykjinn deres og velta uti Snjogen, ou!“ sa han, men han tykte nok, døm foor hardt fram, den Gongen. Døm brukte stødt paa aa gjø’e 3 og 4 vaksne Svin paa Ner-Bjønnsta i di Ti’n, og Svine gjødde døm me Heil-Kønn[11] og reiv alder aat døm. Eingong Bjønnsta-Gutann reiste paa Nese, ba døm Hus paa ein Gard paa Lesja. Kjeringje sporde kaar døm va fraa og de fekk ho veta. „Er døkk fraa di Garde, der, døm gje upp saa mykjy Kønn paa Purkom?“ sporde ho. „Aa ja, oss gje upp mykjy Kønn paa Purkunn, men saa har oss att saa oss bergast,“ svaaraa han Paal.

Da han Tord Kleppe og ho Guri Tofte gjifta se i 1777 va han Paal me i Gjestboe deres paa Tofte, han va no Trimenning ve Brure, maa’ta og saamaa Folke ve Bru’gommen ou. De va eit Storlag ’taa fyste Slag og de Gjestboe va mykjy umgjete. Naar de kom ihop Folk fraa fleire Bygde i eit slikt Lag i di Daag’om, onge og sterke Kare, summe, saa va de lett gjort de kunde bli eit Tvidrag me inkun, naar døm gjekk um ein-a’an Viko te endes; langt va de nok alder millom Drammom, hell. Og saa ha no stødt kaar Bygd vilja aatt di beste og evlogaste Karann, maa’ta. No va han Paal Bjønnsta den største og føraste Kar’n i Lagje og i sine beste Aar, han va 27 Aar, den Gongen. De va eit grovt Vyrkje, tykte Døvringann, men han va saa grann i Leggjom og speta ne[12], og der-te va han fælt raale[13] og seinførd og va likt te aa vera berre ei Kusse[14]. Ska ondrast paa, um ikje denna store Vagver’n er berre Ruve[15]? Saa tenkte mange ’taa beste Døvrom i Lagje og de va nogre onge Kare der i Bygden, som ha Ord for aa vera Stor-Kjempo. De va ikje fritt for, at døm hekk ette ’om Paal i Lagje og sette upp Uggen aat ’om naar de fall se saales; men de vart ikje meir ’taa di førr Stabbe-Dansen ha vore.

Stabbe-Dansen va helde andre hell treja Gjestbo’sdagen; da vart Stabbin sett midt paa Golve og Brure og Bru’gommen dansa fyst ein Leik umkring Stabbin. Saa steig døm uppaa han, fekk ein Dram og Bite’-i og sto der, te de neste Pare ha dansa umkring, da va de Ra’e deres, aa staa paa Stabba og faa ein Dram mea’ eit nytt Par dansa. Va Foreldre aat Bru’gom og Brur saa friske og røkne, at døm kunde gaa ein Dans enno, saa va de døm, som va di neste paa Stabba ette Bru’folkom og de va ei Ære ve, aa vera saa go-te se, at døm gjekk Stabbedansen ette døm ha fyllt fjorde Tjuge. De va Kjø’mester’n som sto for aa pare ihop døm, som skulde uppaa Stabbin og for aa faa Moro i Lagje, para han ihop de mest ohøvlege, han kunde finne; men va de onge Folk, som ha Ord for aa haa eit godt Ouga aat kaarandre, va døm visse paa, aa kaamaa paa Stabbin. Va Kjø’mestern’ naagaa ovørdsle, kunde han paa denne Visen plaage illt summe i Lagje og de va nok meir hell einn, som gruva se for Stabbedanse. De siste Pare paa Stabba va Kokka og Kjellar-Mann, Kokka me Turu og Sleiv i Haann og Kjellarmann me ei Øl-Trøys hell ein Tvi-Tapp[16]. Stabbin va stødt saa stor og tong, som de sto te aa finne han og den Ti’e vanta de ikje store Tre i Skogom. Og naar Stabbedansen va ende va de gomol Skjikk, at den, som kjende se magtog nok te di, skulde bera ut Stabbin.

Daa Tofte ha gjort naagaa Nids-Verk te Stabbe, han va lagga og fyllt me Sann og lista ogo’ og ne’a’, han va saa utu Maata tong, at de ’taa alle va hulde for Oraa’ aa bera han utu Stugun. Da Stabbe-Dansen va ende, va de einn ’taa di magtogaste Døvrom som va saa kvass te aa spørgja, kem som no skulde bera ut Stabbin. „Denna store Vag-Ver’n lyt gjera de, hann, men eg ottast ’taa, at han er forr-smal i Stettom,“ va de ein a’an einn ’taa døm te-rei’e aa svaaraa. Aat dessa vart de Skratt og Glis paa Folkje. Han Paal Bjønnsta vart illande rou i Anlete og før nugun venta gjekk han burtaat Stabba, velta han i-koll og tro’ ’taa om di kvasse Listinn, greip Stabbin i Fange og gjelk te-dørs me ’om. Kaart eit Liv i Huse fyl’de ette ut og vilde sjaa paa – ingen ha tenkt se, at Stabbin skulde vorte ut-bore. Da han Paal kom ut paa Garden, peikte han mot Tofte-Gjele og døm skjøna, at han tenkte se te aa bera han radt dit. Kjø’mester’n i Lagje va ein Skulmestar fraa Vaagaa, heitte Iva Ellansson Teigje; han va gjill Kar te aa syngje og no gjekk han bakfor han Paal og song saa de svaaraa i Høom. Han Paal snudde paa Hugu og taalaa aat ’om Iva: „Spør døm du, Iva, um døm trur Stettann held!“ Me di saamaa han kom ut-paa Gjel-Bakkjin og slepte Stabbin aat Gjele, sa han: „Bussh“! dette Orde ha gaatt att sia’: bussh! sa Bjønnsta’n, slepte Stabbin aat Tofte-Gjele. Men da han Paal kom inn-i Gjestbo’s-Stugo att ette, va han ikje bli Gut –: han hoppa uppaa Bordkrakken og tro’ han tvert av og sporde, um de va nugun som lysta paa, aa freiste di smale Stettann hans, saa va de berre døm kom. Men de vart saa stillt i Huse, at de knatt ikje i eit Liv.

Saa sinnt, som den Gongen, saag døm alder han Paal. Far hans gjorde han sinnt ein Gong paa Bjønnsta, de va enda da døm heldt paa aa tøfta søre Stugo. Laftstokken i søre Langveggje va fram-kjørd og laag paa Styttingje ferdog te leggjast uppaa Laft-Steinann; alle fire Brøran heldt paa me kaar sin Hannspikar og skulde lyfte Stokken ’taa Styttingje, men de tok ikje Tak for døm. Da kom Far deres rutlande og sto saag paa. „Enn aa vera saa mange Kare paa einn Stokk, da!“ sa han. Detta beit han Paal – han kasta Hannspikar’n, tok onde Stor-Endin paa Stokkje og kasta han uppaa Laft-Stein. Gamlin rugga inn att, „de er naagaa Magt i ’om Paal,“ sa han, da han kom inni Stugo att. Men han foor ikje væl ’taa di Lyfte, han Paal, han skulde faa Brokk ette di.

Døm vog se, Eingong, han Paal og yngste Bror hans; døm kom fraa Romsdalsnese og saa gjekk døm burt-paa den store Lem-Vegte aat Lesja-verkje. Detta va nok i 1793, da va han Paal 43 Aar og han Iva 25, men de va Gute som heldt Vegte: døm sto 7 Vogje – 126 Kg. – kaar se. Men de va de rare, at han Iva va tyngst, for han va meire turrlagd hell han Paal og ruvde ikje braatt saa mykjy, Høgde me dom skulde vera som kaart-um-anna.

Han Paal Bjønnsta va ein stor Arbei’s-Træl som laag i seint og ti’le me kaa Slag Arbei’ som fall, men han ha tongt Hann-Lag og Arbei’e gjekk me Drev og Tyngs’l for ’om. Og hell-ikje ha han stor Tankje forr se. Da Skriunn gjekk som styggast i 1789, sto han Paal i eit ’taa Glasom i nørdre Stugun paa Bjønnsta og saag paa kaarles Skriunn sopte me se Gronn-Skogen burti Sta’e-Li’n, paa hi Si’a aat Lalms-Vatne. „Nei sjaa Gronne, kaa ho stupa burti Sta’e-Li’n, du!“ sa han, „harde Dyre-De, de va te-høvs aat Gronn, du.“ Kjeringje gjekk og høyrde paa og tykte nok detta Snakke va lite ohøvele og illt aa høyre paa. Nord og ogo’for Garden paa Bjønnsta saag de ut te, aa vilja brotne ut ei Skrin, og, ljøp ho ut, vilde ho kaamaa beint paa ein stor Rog-Aaker. „Du fær gjeva burt ei Hal’tynne Kønn no, Paal, saa kanskje Vorherre berga Rog-Aaker’n vor!“ sa Kjeringje. „Aa nei, Gu’s-De, de agta eg ikje, førr eg fær sjaa!“ svaaraa han. Jou, kalle for i saamaa Stonn losna Skrio ut nord-i-Bakka – „aa ja, no da!“ sa han Paal; da vart Kønn-Hal’tynna fal, men Skrio tok de meste ’taa Rog-Aakre, lell, ho. „Aa Gu’s-forbanne deg, da, lell!“ sa han. I Slaat-Onn ein Saamaar va de saa hardt um Høy-Turk, heile Ti’e, at Folk va reint uppraadde me aa faa i Hus. Alle gjekk og venta paa, at de Eingong skulde letne og kaamaa Klaar-Ve’r. Da va de ein Dag nugun paa Garde fekk sjaa han Paal gjekk ute og einstirde uppi Himil’n. „Berre paa Trass, berre paa Trass,“ sa han for se sjøl – de saag nok ikje rart ut, tykte han. Sia’ ha Folk detta te Ordtøkje: berre paa Trass! sa Bjønnsta’n, han saag uppi Himil’n.

Han Paal dø i Skurd-Onn 1837. Saamaa Dagen, han dø, senda han Bo paa ein ’taa Husmennom sine paa Rusten, at han skulde kaamaa ne og hesja upp Ertre som laag ne’re. Da Mann kom um Maargaan gjekk han uti Klevan aat ’om og sporde han, kaar de sto te, for han ha ligji laak ei Ti’. „Du er visst hardt laak no, Paal,“ sa Mann, han saag, at han Paal ikje kunde ha langt att. „Aa, eg er ikje saa grovt laak, hell, eg har illt naagaa for Bringun; eg lyt faa deg te aa kjøre ne og hesja upp Ertre mi, eg, Ola – bli ho liggjande nere lenger no, saa eet Skurd-Folke upp ho,“ sa han. Da de lei’ te Dugurds-Leite um Dagen gjorde han fraa se. De va 4 Bon ette ’om, 2 Gute og 2 Jento; eldste Son heitte Kristen og fekk Garden, den andre fekk 80000 Krono i rei’e Pening og Laat me hine i Lousøyre, Jentunn fekk 4000 Kr. kaar se i Pening og Likt i Lousøyre. Han Kristen Paalsson vart den siste Mann ’taa Ækten som sat paa Garde Mann ette Mann; han gjifta se me ei ’taa Gjæsling-Ækten paa Sambu og me henna fekk han eitt einaste Baan, ei Dotter. No er Garden kome paa framonde Menns Henn.

Den yngste ’taa „Vetl-Gutom“ hans Kristen Bjønnsta, Bror hans Paal Kristensson, lyt der gjetast lite meir um. Han heitte Iva og va att-kalla ette om Iva Gottormsson Sambu. Han va fødd 1768 og gjekk og las aat Monkje; ette han Iva va vakse raakaa han Monken i Lands-Prestgarde Eingong og helsa paa han. „Du har vokset over mit Hode, nu,“ sa Monken som elles va ein stor, høg Mann. De va de beste Hugue paa honom ’taa desse Brørom og han va den, som va mest go-te se; i Ongdomme dreiv han me Fehandel og laag i Heimdale me Fe um Saamrann. Som di hine Bjønnsta’ann va han tøyg og go’vordin men naagaa meire To va de i ’om, hell i hine Brørom hans. Paa Bymarkna’e um Houstann raakaa de summe Ti’e te aa bli ei og annor Hard-Kula imillom Fe-Karom fraa di ymse Bygd’-Lag. Vissa va de jemnan Onaa’e imillom Vag-Verom og Øy’-Verom denne Ti’e, saa imillom 1785–1812, og Øy’-Verinn ha Ord for, aa vera naagaa Rengjo og leie Folk aa faast me. Og naar Norddølinn og Øy’-Verinn raakaast i Buom hjaa Brennvins-Kremarom i By’n, enda de oftast me Ovenskap. Han Iva Bjønnsta heldt se fraa, men ein Gong kom han uppi ei Roso, saa han vart sinnt. De va tri Vag-Vere som ha gaatt inn-paa ei Brennvinsbu, heitte „Skulibanken“, ein Kvell, de va han Iva, ein heitte Jehans Glømsdal og einn te. Her kom døm i Lag me nogre fulle Øy’-Vere som gjorde se range, va stygge i Kjefte og bou døm Hogg. Tvo ’faa dessa Øy’-Verom skulde vera Kjempo, den eine va ein utu Maata stor og førvukse Kar og den hinn va saa lang, at de va lengste Kar’n døm nugun Gong ha seett, han va enda fraa Mosshus. Han Iva Bjønnsta va no go’e sine tri Alne høg, „men eg lout glaame ende te-vers eg, naar eg skulde sjaa inn-i Ougo paa Mosshusa,“ sa han. Han Jehans Glømsdal vart mest forr døm og no va han ein baade stor og go Kar, men han ottast for aa rise ihop ve døm; men da ha de biti ’om Iva, saa han stakk ’om Jehans i Øyra, at de va berre han heldt se hard og me di va døm paa-veg te aa bera ihop. Me di saamaa kom Verten paa Skulibankje og jaagaa ut heile Hopen saa de vart ikje meir ’taa. Kvell’n ette kom døm ihop att hjaa ein Brennvins-Kremar heitte Imbertsson og her skapte Øy’-Verinn se like galne. Da gjekk han Iva sta’ og sporde Imbertson, um døm fekk laane eit Rum hjaa ’om, men han nemnde paa, at de snart gjort kunde bli lite Rusk i Bøle. „Jo, da! saalænge Væggene holder!“ svaaraa Imbertson. Og saa barst de ihop me di tjukke Øy’-Vere og ’om Jehans. Karann kjennde nok aat Veggjom, for de sto mesta likt me døm, va sjaa-ande te. Nei da rouk Glømsdal’n paa Kne! „men eg va kvass te aa faataa i Graa- vest-Flakje hans og reise han upp att, og de va som de skulde gjort Mon,“ sa han Iva. Og da Glømsdal’n kom paa Føt’n att, vart han Mestar – han brout Øy’-Ver’n att-aa-bak imot ei Dør saa ho spratt upp og Kroppen vart liggjande over Dørstokken. Me di saamaa fekk han nogre go’e Daske i Hugue og me di va han ferdog. „Ja no ska eg taakaa paa meg Haanaa-Tarmen fraa Mosshus, eg!“ sa han Iva, men da han skulde sjaa te, ha han smetta se ut og strokje sin Veg, baade hann og di hine Øy’-Verinn. „Ha eg faatt i han da, skulde han faatt Hogg um han saa ha vore like lang ogo’ Ougunn som han va nea’for,“ sa han Iva, for da va han nok løtta.

Han skulde vera naagaa framifraa frisk i Ongdomme, han Iva. De va ein her i Bygden den Ti’e som kallast Aaseng-Iva, som va helde for den friskaste Kar’n i heile Norddale, slik Skji-Loupar va han ou, at de va umtaalaa ivi alle Bygde: Han sto beint paa den høgste Skjigards-Hafella og skout se over som ein Fug’l. Ette honom sprang han Iva Bjønnsta, ein Linterkvell, fraa Husom paa Bjønnsta og ne-over Lang-Aaker’n ne-paa Bjønnsta-Yvjo. Der lout han Aaseng-Iva gje se. „Eg trudde ikje, de skulde funnest Kar i Gullbransdale, som ha tikji meg paa Sprangje!“ sa han. Um Maargaan mælte han Iva Skjøyve deres i Snjogje ne-ette Lang-Aakre og døm ha tikji 3 og 4 Famne i Sprangje, um ein-a’an, men saa va han Aaseng-Iva berre ein liten, lett Kar.

Han sto alder ette aa syne fram korkje Magte si hell kaar frisk han va, han Iva; va de saa han tok eit godt Tak ein og a’an Gong gjorde han de, saa ingen saag de. Ein Reins-Skjyttar sto Eingong att-for eit Nouster ve Sjaadal’n og saag paa han Iva drog Baaten sin paa Lann, han ha blaase full me Vat’n. Han tok eitt Tak fyst saa han kjennde han fløttest, saa tok han se fullt Tak og drog han upp paa turrt Lann i Eitt, saa Vatne fossa ut-ivi Baat-Barde. „Puh! ja grovan de, va han tong, han va rigtog tong ou, denna!“ sa han for se sjøl. Han Iva va hendog og ha stor Hog te aa krote og skjera ut; Hengje-Skaap, Skattoll og Stole gjorde han mykjy ’taa og ’taa ’om Per Veggjem lærde han aa maale og forgjylle, saa han va ikje burte te di. Kjørrin va Firi-Bilæte hans og sumt, ’taa di han skar, er rein, go Skurd, men mykjy er slik og slik; han ha slik Hog te skaapaa se nye Gjerde paa di, han gjorde, og me di va han jemnast oheppin. Handlage og Fingre va go’e men Ougo hans va ikje gløgge nokk, Arbei’e hans er saa ustø’ugt og mangt han gjorde er midt imillom vælgjort og vannskapt. Best han skar paa den tonge, klompote Skurd’n aat Kjørra, rann de forr[17] ’om eit Bla hell eit Blomm’-Stoup[18] ette Klukksta’e som bli staa-ande i Skurde hans og vanntrivast. Ein og a’an Ting ette ’om er godt Arbei’ og som syne, at naar han fann se sjøl, skar han ein grei, go Norddøls-Skurd. Likesom Kjørrin dreiv han mykjy og skar Bilæte ette Bilæt-Bibele hans Kr. III., og de vøre Synd aa seja, at Bilæte hans Iva va be’re. Paa sume ’taa Skaapom hans va Spilann sett me Bilæte, fraa di gamle Testamente paa ei Si’e og di nye paa hi. Folkeskapna’ann hans va jemnast reine Bytinge, men naar han fekk maala døm og ein sto langt fraa

Fig. 49. Klukk-Hus ette ’om Iva Bjønnsta.
skjolla døm fælt, og Folk gjekk lange Vegjinn for aa sjaa allt de rare han gjorde. Som de ofte er me vælhendte Folk, va han hoga te aa freiste all Ting; han va Timbrar, Snikker, Sme, Laas-Sme, Børsmaker, Sylvsme, Treskjerar, Baatbyggjar, Maalar og Gardbrukar. Og som alle, i Ækten hans, va han reint utgjord te aa liggje i Fjelle og fiske. Han va den einaste ’taa Bjønnsta’om ette han Gamel-Kristen va te, som ha Hog te aa lære se naagaa utta-for di, som høyre Arbei’e te. Difor las han Snorre og Jonas Ramus og kunna skrive og rekne bergele te aa vera i di Ti’om. Han Iva dø i 1856, otte Aar paa femte Tjuge.

  1. Ligjerd (Li-Gjerd): er full helst eit Øl-Lag Grende va te-samen um aa gjera; kanhende de va de saamaa som Dona.
  2. Blodvide: tok ut Blo’e, Blo’-Ska’e.
  3. Teig-Byte: Teigblanding.
  4. Vi’ju-Drætte: Drætte (Drag) i Sle’a ’taa Vi’ju („Vidjer“).
  5. Husvyrkje: Timber aat eit Hus.
  6. Aaker-Trø’, Trø’ Fleirt. taa Tro: Vas-Renno.
  7. Nordbyggjing kalla Lalmingann ein Mann fraa Finntryun, Uppgardom, Skogbygden hell Nordhera’.
  8. Faalaa: ong, o-skaarin Hest.
  9. Di tri Sjougann (di tri Sjou-Tale) ha ou vore kalla „di tri Øksinn“.
  10. hal’t i Falle: hal’t um hal’t, høvde saa og saa.
  11. Heil-Kønn: heilt (ogrøypt, o-rivi) Kønn.
  12. speta ne: kvesste, smalna ne.
  13. raale: sein, langsam.
  14. ei Kusse (Kalv): redd taa se og me lite Mo’ i.
  15. Ruve, eit Ruv: Skrøyv, som tek stort Rum.
  16. Tvi-Tapp: Ture; dubbelt Tapp.
  17. rann forr ’om: rann ’om i Hogen.
  18. Blomm-Stoup, er eit laagaa Ord for „Blomsterbæger“; for di eig ikje Vaagaa-Maale naagaa Ord.