H. Aschehoug & Co. (s. 358-361).
Kvarbers-Ækte.

Paa desse tvo Gardom ha de vore saa mykjy Ihop-Gjifting, baade Gardom imillom og me Valbjør og Sambus-Gardom, at de er mest Oraa aa rekkje Ækt-Føl’jun. Hell-ikje kjem ein langt att-ende, knapt lenger upp hell te 1570; Gardann ha lengje høyrt te Eigom aat ’om Eirik Rosenkrans og kom seinar i Henn paa ei Fruge, Pernille Gyldenstjerne. Ho lout pantsetja Gardann aat ein Kjøpmann i Kjøpenhamn for Skuld og Son hans, Hans Haagensøn, „Borger og Indvaaner i Kjøbenhavn“, selde døm att umkring 1639. Nigard-Kvarber vart kjøpt ’taa ein heitte Jakup Larsson; kaa Ækt han va ’taa er ikje funne naagaa um, men baade han og Far’n ha havt Garden i Bygsel. Han Jakup lout ti’le i Leikje vera ein vælheldin Mann, for i 1628 „forstrakte han kgl. Majst. med 150 Lod Sølv til den tyske Krig“ (minst 1800 Krono ette Pening-Verdaagaa no). For dette Sylve fekk han Pant i 212 Hu’ Krongods i Raasta og imot aa faa Visse paa Bygs’le i Raasta for se og Bonom sine, let han Kongen faa Sylve. Han va gjift me henne Jaartru Ivasdotter Sambu. Son hans, han Lars Jakupsson, ha nok i si Ti’ vore ein ’taa di fremste i Bygden og va einn, som Bønndann ha firi se naar de va naagaa de galdt um. Da Einevalls-Kongen Fr. III skulde hyllast i 1661, va de te-sett aa møte 2 Bønn’ fraa kaart Gjeld og fraa Vaagaa møtte han Lars Kvarber og han Jehans Blessom. Ve dette Hyllings-Mote fekk den namn-kunnoge Frons-Presten, Magister Iver Pedersøn („Petrus Adolfus“) di meste ’taa Hyllingsmennom fraa Gullbransdale te aa skrive Klage baade paa den førre Fouten, Jørgen Filipson, den nye, Jens Madsen, og baae Skrivarann i Dale. Ette desse Klagom vart de eit fælt Styr, og da Klagunn skulde granskast paa Bygda-Tingom um Housten, sette Dølin upp Uggen, saa Ting-Mote paa fleire Stelle lout flutte i Hu og Hast, førr Sakje va ferdog. Baade Kvarber’n og Blessom’n va nok tvo Stribystinge og de va full Aarsakje te, at døm vart valde te Hyllings-Menn og at slike, som han Tostin Kleppe, han Ola Ivason Sambu hell Toulsta-Kaftin vart skote for Glugg[1]. Toulsta’n skulde elles vera godt te-vens baade me Magistere og ’om Jørgen Filipsøn; Klepp’in va Le’smann og vilde full nou’le gjera se te o-vens, korkje me Skrivar hell Fout, og Sambu’n ha kanhende hell-ikje stor Hog te, aa bite se ut me døm.

Kjeringje hans Lars va kome fraa Uppigard Kvarber, me henna ha han tri Bon, ein Son og tvæ Døtt’. Son fall av i Ongdomme og eldste Dottere, heitte Rønnog, fekk Garden i 1696. Ho va gjift me ’om Iva Jehansson Sambu, „Uppigar-Nord“, han va baade ’taa Gjæslingom og ’taa Lonnde-Æͤkten og Trimenning ve ho Rønnog. Han Iva Jehansson laag ute da han tente Kongen og va trule me i „Løvendalsfeiden“ 1711. Eldste Son hans heitte Jakup ette di Sone hans Lars Kvarber, som dø ong, og me di vart ikje Jakup-Namne burte paa Garde. Han Jakup Ivason va gjift me henne Guri Paalsdotter Tofte fraa Dovre; døm tok Gardin umkring 1740. Ho Guri ha stor Heimafyl’d og ette henna finnst de enno att ein Ullskjinn-Fell paa Garde like go, som da han va gjord. Son hans Jakup og henne Guri, han Iva Jakupsson, fekk ei einaste Dotter som vart gjift me ’om Ola Paalsson Toulsta umkring 1800. Den gamle Ækt-Følgja paa Garde er no brote.

Paa Nigard-Kvarber va ein Mengde Sylv som va kome somt fraa Sambu, somt fraa Tofte og somt fraa Toulsta. De finnst no paa „De Sandvigske Samlinger“ paa Vetlhaamaar.

Paa Uppigard Kvarber heite den fyste Mann, som no er kjennt, Tore Tostinsson, Namne er skrivi baade for Tore og Tord um ein-a’an. Han er „Bondelensmand“ i 1608 og va ein rik Mann, for i 1610 er han Eigar for 912 Hu’ Jord. ’Taa di Jord’n laag 3 Hu’e i Killi paa Dovre, 2 i Haave i Rustbygden, 2 i Groupe i Kvikne, 1 i Bryn paa Sydorp, 12 i Røysem i Kvam og 1 i Fouksta i Heidale. Paa Kvarber sat han Leiglenning og „Landherren“ va for de fyste Rosenkrans, sia’ ho Pernille Gyldenstjerne og saa te i 1646 Mads Pedersen, Fout i Baahuslen.

Han Tore, hell Tord Tostinsson er te full Visse ’taa Brattom og ’taa Valbjørs-Ækten, for ette ei Lagtingssak i 1612 va han i nere Skjylde me ’om Tronn Valbjør og ’om Gottorm Heringsta. Han dø i 1622 og ha da ouka Jord-Eiga si me 3 Hu’e Jord i Fron, Gousdal og Ringsaker; Bone hans va 5, tvo Syni og tvæ Døtt’. Gutann ha nok baae fløtt ut, den eine trule aat Haave paa Fron; Ækte livi nok enno paa fleire Garde i Frons-Bygden.

Ette han Tore Kvarber va avfullin ha Soknepresten Kristen Mule bygsla Garden og ette honom Ettemann, Fredrik Glostrup[2], som ha Bygsle te umkring 16560. I 1665 er de kome ein Mann paa Garden som heite Eistin Eiriksson, og som da va 26 Aar gomol, ette Folketeljingen aat Glostrup. Han er Eigar ’taa Garde og ha kjøpt han ’taa Ervingom ette Kristen Mogensøn, som va Fout i Gullbransdale og aatte fleire Garde paa Vaagaa. Han Eistin er kome fraa Kongsli paa Fron; um han er ’taa di gamle Ækten paa Kvarber kan ikje sejast for visst, men de er all Von te di. Han va gjift me henne Ingjeleiv Jakupsdotter Valbjør. Ette honom ha Ækte hans sute paa Garde, Son ette Far, og Namne Eistin og Eirik ha stødt fyl’t ette ein-a’an. Ækte er ve Gjiftarmaal i Skjylde me di gamle Stor-Æktom paa Valbjør, Sambu, Toulsta og Bjølsta.

  1. skote for Glugg: forrsmaadde, forr-kasta.
  2. Fredrik Glostrup, Son aat Oslobispen Simen Nilssøn Glostrup, va Prest paa Vaagaa 1645–1667 og gjift me henne Else Mikkelsdotter, Enkje ette Firi-Manne Kristen Mule.