Budeia i Kampesæter’n

Budeia i Kampesæter’n.

I Kampe-Sæter’n va de ei Budeie, som fekk ein otyle Doue. Ho heitte Guri, denna Jenta, og va ong og mo’og saa ho tykte, at ikje Naagaa skulde vinne ivi se. Ovørdin va ho ou og tykte de sto’st se[1] kaa, ho sa og kaa, ho gjorde. Saa va de ein Sondag i Slaat-Onn; Slaatt-Folke sat inne i Sele og Budeia heldt nettup paa me aa stampe Dugurds-Grouten. De hekk Skodde upp i Tinndom og øvst uppi Kampe laag de ein Dodd[2] som klengde se inn-aat Bergje og steig smaatt og seint te-ver’s. De va nugun som kom te aa seja, at de gjekk smaatt han va go-te aa klive Kampen, denna Skodd-Dodden, ou. „Ja saa fort, som denna, skulde, Bitter-Dø, eg klive upp Kampen, ou!“ sa Budeia. Slaatt-Folke spaaraa, at de kom ho nok ikje fraa, men ho sto paa Sitt og for aa syne døm, at ho va Megge, som kunde gjera de, ho sa se go for, la ho burti Kampen og sette paa klive upp-ette hogg-bratte Bergje. Ho kleiv høgre og høgre saa Slaatt-Folke sto der reint forr-fjamsa – for døm venta se ikje, at ho ha gjort Aalvor ’taa di, ho kjytte paa. No va ho kome saa høgt, at døm tordes ikje eingong rope og bea ho snu. Lenger og lenger upp kleiv ho og di andre sto og heldt And’n og venta Stonn for Stonn at ho skulde glette og kaamaa paa Kanten. Ho kom nerar og nerar Toppe – nei, der glatt ho, og alle tenkte de ha vore gjort me henne, men ho kom se att og dreiv paa like traatt. Sist va ho so nere uppe, at ho greip ette ein Kvist uppaa øvste Eggje for aa hekte se inn-paa ette: „upp ska eg, um Fa’n ska føre meg upp!“ sa ho. Men da slitna Kvisten for henne, ho misste Fotfeste og trilla Kant i Kant ne-igjønom heile Berge-Veggen. Ne-onde vart ho liggjande sonn-sli’in og livlous.

Folk tykte, ho bar se saa stygt og ovørdsle aat, at ho ikje skulde ha vigd Jord aa liggje i; difor jorda døm ho paa eit Stelle ikje langt fraa der, ho datt ne og paa di Flekkje, ho ligg, ha de alder vukse eit grønt Straa enno.

  1. sto’st se, aa staast: høve se, „anstaa“.
  2. Dodd: Krull, Flok.