H. Aschehoug & Co. (s. 94-98).

Tri Stor-Ljugare.

Naar ein vil ljuge, saa ska ein gjera de saa, at ingen trur, sa di Gamle og saales gjorde Kaas’n de, hjolp ikje han sjøl visst vilde faa Folk te aa tru de, han fortalde. Men Lygninn hans sa stødt fraa sjølve.

Kaas’n va ’taa ei gomol Stor-Ækt, heitte Kaas; døm ha vore Kri’sfolk langt att-igjønom Ti’inn; Far hans va Kaftin og budde paa ein ’taa Sambu-Gardom og sjøl skulde han nok vorte Sjø-Offeser. Da Hollstein-Karann laag ute, va Kaas’n Kadett paa Flaataa, men lenger kom han ikje hell. Her i Bygden gjekk han for ein Selle som Folk ha Moro ’taa naar døm fekk han te aa fortelja, um alle di Stor-Hende, han ha vore fram-i.

Fraa di Daagom han va me paa Flaataa, ha han mangt grepa aa fortelja, men de forrmeste va no um den Vill-Galtin, han eingong fekk vera me ilann og skjote i ein Skog i Hollstein. Døm va ei heil Tropp som ha tikji paa se aa gjera Ende paa di Galta – han heldt paa og vart verre, maa’ta, hell ei ’taa di sjoug Lann-Plaagom i Ægyften. Og da Kadettann fekk sjaa han, va de ingen, som tordes løyse Skot. Men da smella han paa fyste Skote, lell, Kaas’n, og sia va de Skot i Skot som i eit Slag og Galtin do som ein Stein. De va no væl, men aa faa de Beiste heim utu Skogje, de vart eit svare Brøkjand. „Vi fik os fat i en umaadelig Vogn, da, tilsidst, ja hun var Dj. synke mig, lengere end Laaven paa Klognæs,“ men enda hekk Galtin ne-paa Maarkje me baae Endom. Men va ’kje de Beiste grovt farle, da? va de nugun som sporde. „Jo, farlig!“ svaaraa Kaas’n, „da vi maga han op laa der, Dj synke mig, ellve voksne Karer i Magan hans!“

Kaas’n va upp-alin ut-paa Hei’marken og der ute va mest all Ting mykjy gjildare hell her uppi Norddale; Jorde va no saa vokstom der, at de va Ingenting heruppi. Berre saales som Hampen voks upp – Kaas’n saag ein Hampeaaker „derute paa Hedemarka“, som han alder i sit Liv ha seett Maakan te. Og ein Hamp va reint framifraa: de vart tvo Skjeppo Hampe-Fro ’taa ’om, og, da døm kolla Toppen taa ’om um Housten, baaraa døm Pinne inn i Stilken og kleiv ette. „Dj. synke mig, var han ikke akkurat som ei diger Gran!“

Og der ute saag han gjildaste Sau’n, han Nugungong ha seett – um ein la ihop seks ’taa di gjildaste Gjeld-Veddom her i Bygden, saa kom døm enda ikje der! Men de va no eitt Te-Fall for se sjøl ou, me di Saue. De va ein Hest, maa’ta, som ha kome saa hardt i Klø’n’ paa Bjønne, at heile Hu’e flakna ’taa ’om – Bjønn sto att me Hu’n i Labbom og Hesten sprang sin Veg forutta ei Hu’-Fille paa se. Detta va de ei gomol Husmanns-Kjering som fekk sjaa og ho tykte saa Synd i Heste, at ho tok ein gomol, slitin Skjinn-Fell og breidde paa han. Men du skulde seett den Hesten da de lei’ fraa eitt Aar! „F. gale mig, fandtes det Make til Uldsau paa hele Hedemarka!“

At Kaas’n va Skjyttar ha oss høyrt, men han va Fiskar, ou. Eingong ha han me se ein og drog Not, antell de va i Ottun hell i naagaa ’taa Fjell-Vatnom, ska ikje vera sagt. No gjekk de reint laakt me døm, de eine Varpe ette di andre – døm fekk ikje Beine og den Kar’n, Kaas’n ha me se, vilde, at døm skulde gjeva se. Men Kaas’n fekk han da endele truga te, aa vera me aa draagaa eitt einaste Varp. Og da døm begjynda aa draagaa, sette de paa „aa gjøre Vipper i Nota, og, da vi fik den tillands, tog vi, Dj. synke mig, en, som vei’de elleve Bismerpund“.

Slik Kar va Kaas’n. Men han Endre Aaseng sto ikje mykjy att[1], han, hell, um han ikje nettup ha vore me i Hollstein. Han Endre va upp-alin paa Lo i Ruste[2] og Far hans va kome fraa Bjølsta; da han vart vaksin Kar budde han si meste Ti’ paa Aaseng i Heidale. Men mest alle Stor-Hende han fortalde um, ha gaatt forr se „hime paa Lo“. Der paa Garde sette døm upp ein Skaarstein-Omn i Fjose, eingong, og de va Omn me Drag i –, de va stor Vande aa kaamaa burt-aat Aara. Ja han drog saa, at „Gud ford. meg, foor ikje Hønunn upp-igjønom og Drykkje-Kalvann vart staa-ande paa Kne!“ Eingong mea’ han „var hime paa Lo“, va de ein Kvell han fekk høyre den Stygge sjøl „sat og hulla[3] ut-ve Vinster-Aa-a; dime gjekk eg burti Beit-Kaasten[4] og spikka meg ei go Bjørke-Slo’ og sette sta’ aat honom – jou, Dj. besetja meg, va han ikje gla, han tagna, Kar’n!“

„Hime paa Lo“ ha døm ein Vedde[5], som va baade stor og gjillt ulla og ein Houst bar han 3 Merk Ull paa Spæle. „Nei, men va de ikje fire, da?“ sa Son hans Endre, han sat og lydde paa, kaa Far’n fortalde. „Snyt deg no, Gut!“ sa Far’n.

Ette han kom aat Aaseng va de ein Houst, han gjorde saa orimele store Pylso ette Slagtingen. Døm lout bruke ein Bjørke-Hann-Spikar aa taakaa døm upp utu Kje’le me, da døm eingong vart igjønom-kokte. Men da han hengde upp desse store Pylsun, datt de ne att ei og ho foor ne-igjønom Staburs-Golve og trilla ne-over de bratte Jorde. Saa peikte ho te aat ei Foor-Lyu som ho slo ikoll og drog sia ut-ivi Sjobergje, midt utti Sjoe saa Pulln sto ette henne.


Han Hans Haarelsta livde saamaa Ti’e som Kaas’n og han va saamaa Guten som Kaas’n te aa ljuge, ou. De hekk i ’om fraa fyste Ti’ at de skulde sjo’ ut-ivi[6] for ’om, trast han ha naagaa aa fortelja; men saa va de eingong han kom i Lag me Kaase i eit Gjestbo nord-i Vaagaa-Bygden, og ette di vart han mange Gongo verre, hell førr.

Han Hans va baade Reinskjyttar og Fiskar og laag mykjy i Fjellom um Saamrann. Eingong skulde han upp-aat Gjende paa Fisking og ha me se ein vaksin Tenestgut te Hjolp. Da døm kom upp-me Sjo’n, ein Sta’n, vart han var ein Fisk saa o-bragdsle stor, sto ne-me Lann-Bakka – han ha alder seett saa stor Fisk, han va som ein over-fødd Gris. Denna Fisken kjennde han se ikje Kar te aa gaa fraa, men kaarles skulde han faaraa aat aa faa i han, naar han ingor Ambo ha? Jou, han Hans fann paa de, hann! – han drog ’taa se paa Føtom, gjekk ytst paa Lann-Felle og fekk Tenestguten te aa helde att-i Fota-Bla’e sine. Saa stupte han se ne-me Lann-Bakka og greip Fisken i Syltunn[7] og saales lout han bli me upp, de store Beiste!

Ein Houst vart Rein saa søkkjandes burte i alle Fjell, baade norda’ Gjende og syna’, at de va ikje eitt Liv aa finne. „Jaggu er de no Valdersann som ha funne paa inkort Spele, ska du sjaa,“ sa han Hans og la ivegen burt-ivi Valdersflye me ei stor Matskreppe paa Ryggje. Han sta’na ikje, førr han kom burt-paa eit Hell i Valders som kallas Kvenushei – jou da va de ikje vandt um aa sjaa, kaa de hekk i me Reine! Mena du ikje, at Valdersann ha strekkt Lino og Tog og Bennde ette heile Fjelle, saa Rein sto innstengd som i ein Nou’gard! Og attpaa ha døm hengt fullt me Bjøllo i Linom saa berre Ein snart inn-aat døm alder saa lite, leet de, som naar de kjøm skjenande tie Bølinge. „Men da va eg ikje sein paa faa utu Tollkniven og gjera Le’ paa, saa de gjorde Mon! Og Rein kom att saamaa Dagen – han kom, harde-brennande-De, lynnande saa tjukkt, at han aat upp Aaker’n øvst i Skaabu!“ Ja, han va fram-i mangt og saag mangt rart, han Hans. „Døm sii, at Haran er saa redd og er eit slikt Tuffs,“ sa han eingong, „men eg ska vaage Haran, eg, han er ikje grei, naar han berre vil. Eg saag de ha sliist ein Hara og ein Ræv heim-i Vassrusten ein Maargaan, men Ræven ha no faatt møtt den Gongen. De laag att baade Haar-Toppe og Hu-’Remso ’taa Ræve men, Dj. brenne meg, ha han misst eitt Haar hell, Haran!“

Han Hans va ein Vælstanns-Mann og ha gjenne Hog te aa vise de fram, ou. Eingong ha han Framon i Huse og de va enda tri ’taa gjildaste Mennom paa Stor-Fron. Detta tykte han Hans va grepa og no skulde dessa Gouvann faa sjaa, at de va Folk der i Bygden ou, som ha Gjerd paa Gardsdrivten sine. Hjaa honom skulde døm bli var, at Folke slapp for aa gaa draagaa se og klaataa[8] burt Ti’e. Um Maargaan da Framon-Mennann va uppe, kalla han Tenestguten og tvo andre Arbeids-Kare uppaa Høgstugo. No vilde han fyst skjenkje døm ein go Maar- gaa-Dram og saa vilde han setja døm forr, me di Arbei’om døm skulde gjera um Dagen, saa desse Stor-Frøningann høyrde paa. Men no va han slik, at han miss-taalaa se snøgt, vissa naar han skulde gjera se vi’ attaat. Han sto morsk midt paa Golve og sette døm forr: „Du Ola, ska truske idag men fyst lyt du hogge tri gjilde Hogg inn-ija Omn; du Lars ska kjøre te-gards eit Sagbord-Lass fraa ne-ij Mo millom Stalle og Soufjos-Veggje og du Per ska kjøre utu Fjose, men du lyt gaa ne-i Kvenne no me di saamaa og sjaa te saa ho gaar tom!“ Ja, Karann letst bli som forrskremde Høno og la ivegen kaar paa sin Kant: han Ola tok ei Hogg-Øks, gjekk inn i Stugo og hogde tri vandskapelege Hogg i eine Omn-Kjinne – han lets ikje skjøne, at Mann meinte 3 Fango me Raabjørk. Han Lars kom te-gards me eit stort Sagbord-Lass han kjørde saa fast i di tronge Skote millom Stalle og Soufjose, at døm arbeidde i lang Ti’ me aa faa lous att Øyken. Og han Per gjekk ne-i Kvenne, stengde Sko’n[9] og let ho gaa tom – trast ette høyrde døm Kvenne gneldra heilt upp paa Gard’n.

  1. sto ikje att: va ikje ringar, laag ikje ette.
  2. Ruste: Rustbygde i Nørdre Fron.
  3. hulla, aa hulle: tralle.
  4. Beit-Kaast: Kaast ’taa Bjørk som er heimkjord um Vinter’n for at Noute kan faa bite ’taa Rise.
  5. Vedde: Han-Sou.
  6. sjo’ ut-ivi, de sou ut-ivi: vart formykjy; voks upp som naar Gryta sy’ ut-ivi Breddinn.
  7. Syltunn: Toknin, Ganann.
  8. klaataa burt: somle burt.
  9. Sko’n, Kvenn-Sko: den Troe Kønne renn i Kvenn-Ouga ette.