Den kloke Olsta-Kjeringje
Paa Olsta va de lengje sia’ ei Kjering som va saa go-te se i Bøkom, at ho va umtaalaa ivi heile Nord-Sell og vi’ar, au. Antell de va i Bibele, ’om Petter Dass hell i Dorte-Boken, saa va de ingen som ha Bo aa tenkje paa, aa setja ho fast. De va Prest-Holl paa Olsta den Ti’e og naar Presten kom i Huse va de mest visst, at hann og Olsta-Kjeringje kom i Ordkast baade um Live og Læra. Presten va no ein lærd Mann, hann, maa’ta, som tok de djupt og va væl kjennd i Skriften; men Olsta-Kjeringje sto alder svar-lous, ho, hell, og de va ve de Lage, ho bikka likt me Preste.
Eingong døm dreiv og andhygdest, trudde Presten han skulde døyve den kloke Kjeringje; han la ut for henne saa de folda og tok Sprok utu Bibele fraa alle Lei’e. „Men saa sij ikje han etter Dass,“ svaaraa Olsta-Kjeringje og rekna i Presten, kaa hann sa um detta, som døm heldt paa stridd’ um. Da vart Presten sinnt og ha ikje anna aa svaaraa hell di Orde: „aa, han Petter Dass va berre ein Slarvekjeft, hann!“
Snartenkt va ho au, den Kjeringje. De kom ny Skrivar i Bygde i henna Daagaa og den Gongen, han kom te-bygda, va han inne paa Olsta og kvilte. „Eg høyre du er den nye Skrivar’n vor,“ sa Olsta-Kjeringje, „og Gu’ gje du maatte bli ein rettferdog Dommar over oss!“ „Jo, jeg skal faa Rævene ud af sine Huler, jeg, Mor!“ svaaraa Skrivar’n. „Gu’ lat du ikje krek inn-i att sjøl, da!“ sa ho.
- ↑ Dette og de neste Stykkje er ve ei Misfaring ’taa Bokskrivare vorte att-gløymt og fær difor kaamaa som Te-Legg.