H. Aschehoug & Co. (s. 399-402).

Romongards-Ækte.

De Orde ha gaatt fraa gomol Ti’ at Romongard va gamlaste Gard’n paa Nord-Sell; de skulde kaamaa ein fre’lous Stormann fraa Dannemark og han tok se Gard-Emne paa Romongard. Mann heitte Raamon og ette honom fekk Gard’n Namne; ette som di gamle fortalde, ha Ækte ette di fyste Rødjings-Manne sute paa Garde te i vore Daagaa. Gard’n ha all sin Dag vore hulde for ein framifraa lugum og lettvinn Jord-Veg og ein ’taa vakraste Gardom i Bygden.

Firi 1530 laag Romongard onde Erkebispe-Stole i Trondhem og ha 3 Slag Jord-Skjyld: Romongard skjylda 12 Alne Vønmaal og Bolongen, eit Ut-Eng som høyrde te, skjylda 12 Hu’ og 18 Merk Fisk. Ette Reformasjone va Gard’n Krongods te Fr. III. paa Lag 1668 selde han aat Ovest Ditlef Brochdorff; denne Mann kjøpte upp mykjy Jord i Gullbransdale de Bele, og ette honom fekk Son hans, Ritmester Christian August Brochdorff, baade Romongard og de meste ’taa di andre Gardom Far’n ha kjøpt.

Den fyste Brukar’n ein no kan rekkje attende aat paa Garde, heitte Ola, han sat Leiglenning paa Romongard millom 1610 og 1640. Son hans heitte Paal Olsson og va gjift me henne Mari Jakupsdotter fraa Bræe; i 1666 er han „Postbonde“ og klaagaa se paa Tingje ivi, at han ha „stor Bekostning med Gjæsteri og reisende Folk“ og at han ha kosta upp ei Stugu for di Skuld og som Bygde ikje ha skote naagaa te aat. Den Stugo er full den, som enno staar paa Garde og som fraa gomol Ti’ ha vore kalla „Herr’mann“. Han Paal kjørde Posten sø-over aat Bræe 1 Mil og nord-over tvo „store Mil“. Denne Ti’e sto Sells-Kjørkja ve Laargard men Prest-Holde va stødt paa Romongard for ho Mari Romongard va kjennd for aa vera ei glup Kjering aa vera i Hus hjaa. Ein ’taa Prestom paa Vaagaa dette Bele va saa utu Maata matkjær og naar han heldt Messe paa Sell fyl’de stødt Romongards-Kjeringje me ’om te Kjørkje. Naar han da sto paa Stole og va kome mest te-endes me Preikun, lutte han se fram-ivi Preikstolin og taalaa aat henne Mari: „Ja nu, Mari Romongard, kan du gaa hjem og skynde paa Kaalen, for nu er Prækenen straks slut.“ Denne Presten las stødt Preikunn sine utu ein Postil og ein Gong, han va kome aat Romongard, gjekk han av-og-te paa Golve og las paa Preika han skulde helde Dagen ette. Best de va, lout han burt-i Kaal-Gryta aa smaakaa paa de feite Sø’e Kjeringje kokte, og me di saamaa datt Postil’n ne-i Gryta for ’om. Han greip att Postil’n og sløngde paa Golve og saa va Honn te-rei’e og glækste i se nogre Bla’ som ha vorte go’e og feite – nettup di Bla’e Preika for Maargaa-Dagje sto paa. Da han kom paa Stol’n um Maargaan tok han saales te-ords: „Ja, idag bliver det en kort Prædiken, mine kjære Børn, for de Ord, som Menigheden idag skulde havt, er allerede faret gjennem Hunde-R.“ og me di va Preika slutt den Gongen.

I 1681 fekk han Paal Romongard ny Lannherre, for de Aare kjøpte han Tostin Kleppe Gard’n taa Ritmester Brochdorff for 300 Rd.; nogre Aar ette er han Paal fulle av men den eine Dottere hans, heitte Ymbjør, vart gjift me Son hans Tostin, han Tord Tostinsson, og han fekk Romongard paa Skjifte ette Far sine. Me honom kom List-Ækte paa Gard’n og sia ha baade Tord-Namne og Tostin-Namne hulde se paa Garde, jemte me Paal-Namne, radt te i siste Ti’om. Han Tord Tostinsson va Postmann, hann, som Verfar sin, og Romongard va den einaste Post-Gard’n i Bygden paa Lag i 200 Aar. Siste Aare han Tord livde fekk han eit brysamt Odels-Søksmaal paa se ’taa ein Ovest, heitte Kruse, som ha gjifta se inn-i Brochdorff-Ækte og difor kjennde se odels-rettog aat Romongard og alle di andre Gardom Brochdorffann ha aatt paa Vaagaa. De va heile 9 Garde han kjæra paa Retten aat, og enda Brochdorffann ikje ha faatt Odelshævd paa Gardann, vann Kruse Søksmaale ve Heimretten. De va Skrivar-Løyse paa Vaagaa den Gongen ette Sonde-Skrivare og de va Skrivar’n paa Toten, David Sommerfeldt som sa av Dommann. Alle 9 Sakjinn kom for Lagtinge i 1719 men da fekk Kruse døm ut-sett for di, „han var i Kongens Tjeniste begreben“. De saamaa freista han paa neste Lagtingje, men da fekk han de ikje fram og alle Dommann fraa Heimrette vart gjorde um-inkje. Før Lagtings-Dommen fall dø han Tord Tostinsson og Enkja brukte Garden te eldste Son deres, han Tostin Tordsson, tok imot ’om 1730. Ette honom kom Son, han Tord Tostinsson, men da han fall av i sine beste Aar og baanlous, fekk Sys’kjønbaane hans, han Tord Persson Sambu, Garden ette ’om. Han Tord va Soneson hans Eina Hole (S. 308) og va gjift me ei fraa Garmo paa Lom. Eldste Son deres heitte Tord og gjifta se me henne Ingri Fellese, Dotter hans Iva Kristensson. Gjestboe deres va mykjy umtaalaa; de sto paa Romongard men døm vart vigde i Vaagaa-Kjørkjun og Bruhopen va snøygt nord aat Fellese og fekk lite i Live. De va Kapp-Ri’ing sø’over Vollann’ og Ruste og han Paal Blessom (fraa Toulsta) vart Mestar me di gjilde Skjutheste, han ha stallfora i fem Viku firi-aat. Ho Ingri Fellese va baade ’taa Gjæsling-Ækten, ’taa List-Ækten og Toulsta-Ækten paa Tofte; i Heimafylgd ha ho me se den Kleppe-Brurkrona, som kom aat Tofte og sia’ va kome aat Fellese – ho vart te Slutt seld aat ein dansk Greive Raben. Ho Ingri og Syst’n henna ha lært naagaa meir hell Gardmanns-Døtt’n plega, for de va ei Jomfru Bay (’taa Bay-Ækten, S. 397) som heldt te paa Fellese, og ho lærde Jentom der baade aa skrive og mange Slag Handarbei’. Romongards-Kjeringje va namngjetin baade for Husstelle sitt og for Haagaastelle sitt, ho va nok paa Lag den fyste her i Bygden som ha ein skjikkele Haagaa. Ho fekk se Bær-Kjørre fraa lange Lei’inn og ha nogre Søteple-Tre ou; ho va ou ’taa di fysste som avle Jordeple i Bygden.

Ein ’taa Brørom hans Tord Tordsson, han Gamel-Jo Romongard, va ei Kjempe paa Vokst og va i beste Aarom hans hulde for ein ’taa magtogaste Karom som va i Bygden den Ti’e. Fleire i desse Ækten paa Romongard va store, stoute og sterke Folk me go’e Evne; han „Sigurd fraa Sell“, som Vinje skriv um i „Ferdaminni“, va nettup den eldste Son i ein ’taa Ækt-Le’om paa Romongard. Han ha ein ygre Bror som va eit utvalt godt Hugu og Prost Krag stræva mykjy me Foreldrom hans, at døm skulde le’ Son studere, han bou se enda te aa lesa me ’om sjøl, men døm vilde ikje gje Javerde sitt paa de – Son skulde vera Bonde, som hine i Ækten.

I di siste Manns-Aldre er Romongard fraa Ækten kome, men enno har ho mange Greine aa helde se uppe ette paa fleire Stelle.