H. Aschehoug & Co. (s. 398-399).

Formo-Ækte.

Formo er ou ein ’taa di Gardom, som jemnan skjifta Eigar i gamle Daagaa; den fyste Eigaren som no er kjennt er ho Gyrvhild Fadersdotter og me di ha nok Garden firi henna Ti’ høyrt te Jord-Eigom hans Alv Knutsson. Fraa 1582 va Garden Krongods te Hannibal Sehested umkring 1645 fekk han lagt onde Koparverkje paa Sell. Fraa 1651 va Formo Krongods att men laag onde Koparverkje saa lengje Celius Marcelius dreiv de. „Stiktmestern“ Nikolaus Grein, visst ein Tysk, budde paa Garde te i 1675. Aare førr heldt han Aabotstakst ivi Husom paa Formo og den Gongen sto de ei gomol Ramloft-Stugu der, som va reint te Ne-Falls. Um ho staar de saales i Rettsboken: „Stuen med Ramb paa er meget udsig(e)t saa Næverne er brøsten, Tag, Torvoller og Vindskeder ilde forraadnit uden nogen døktig Vinduer eller Indredning hvorover den er utjenlig at reparere og derfor en ny behøver som over alt i det ringeste vil koste til 50 Rd.“ Di andre Huse va ou utslitne mest alle. Da Gjyll-Løva i 1687 fekk Koparverkje te-gjevandes ’taa Fr. III. fyl’de Formo me og va da i hans Eige og ette honom aat Sone, Greiv Daneskjold-Laurvig.

Den fyste Bygselmann paa Garde, som te full Visse er ’taa di Ækten som sia’ ha sute paa Garde, heite Anders Sjugurdsson og lyt vera fødd paa Lag 1650. Han har full tikji Garden i Bygsel ’taa Gjyll-Løvun og trast ette vart han gjift me di einaste Dotter’n aat Kaftine paa Toulsta, ho Kari Hansdotter. For Arven sin paa Toulsta fekk ho 184 Riksdale i reie Pening o’framt Heima-Gaava. Han Anders lyt vera Sell-Ver fødd og er lik te aa vera komin fraa Søre Kleivro me di, han va odels-eigandes ei halv Hu’ Jord der.

Baade han Anders og ho Kari dø firi 1717 og de Aare tok Sonen Hans Anderson Garde i Bruk. Han heitte ette Toulsta-Kaftine, gjifta se me henne Ragnhil Tordsdotter Romongard ’taa List-Ækten og dø paa Lag 1780. Ette døm ha de vore Anders Hansson og Hans Andersson stødt te denne Ti’. Ein Hans Andersson som dø i 1845 va gjift me henne Marit Hattrem fraa Dovre; ho va ei ’taa di fremste millom di faa ’taa Houge-Vennom, som va her i Bygden. Som di meste ’taa di gamle Hougianarom, va ho framifraa dug’le og ei glup Menneskje som alle ha baade Vørna for aa Væl-Likan aat; ho va ikje ’taa døm som sytte, att-i Sta’n song ho kaar ho foor ute og inne me di store Hus-Stelle sine. Ho Marit va kjennt vidt og breidt imillom Houge-Vennom her Synna-fjells, og i Bygden kjennde alle Fatig-Folk ho, for ho va eit Menneskje me godt Hjertlag.

Paa Formo held Ækte se som ho ha gjort.