Gjestbo’s-Hopen paa Staalom. Ho Eli Fugelsang

Gjestbo’s-Hopen paa Staalom. Ho Eli Fugelsang.

De va ein Mann i Heidale, som heitte Vetl-Frik. Mea han va berre eit lite Baan va de eit Fantfølgje, som la han att ette se i ein Plass uppi Sjo-Baksiun og saa lout Bygde aalaa ’n upp. Da han Frik vart vaksin, fekk han Lov te rødja og byggje aat se burti ve Ellingsbø-Ruste, og mea han heldt paa me di, va de ein Gong han skulde snerte se heim-i Bygde. Han gjekk beinast over ve Staalann og da han gjekk forbi Kruk-Sætre, fekk han høyre slikt Læte og Dans inn-i Sele, som i di grummaste Gjestbo’s-Stugun. Og da han vart sjaa-ande umkring se, sto heile Traae full me paa-sala Heste, alle slikjande svarte, me Ormehugu-Beksl og me slik Stas paa Salom, at de va rart aa sjaa de. Han Vetl-Frik skjøna væl, at de va eit Hulder-Gjestbo’ som sto i Kruk-Sæter’n og han tenkte me se: skulde berre ikje Brure vera kome ’taa Kriste-Folk! men han vart saa anna’s-ve, at han haatta se ikje te aa kaste Staal ivi Sels-Take. Og de harma han se ivi mangein Gong sia.

Nei da va han anna-slag saa snartenkt, ein Gut paa Fugelsang i Valders. Han raakaa frami eit Hulder-Gjestbo’ han, ou, paa saamaa Gjere som han Vetl-Frik, men han va kvass te aa taakaa Eld-Staale sitt, han, og kaste ivi Sels-Take og da va Huldrinn og Hulderkallann som sokkje ne me di saamaa og berre Brure va att, for ho va inn-tikjin, maa’ta, og ’taa Kriste-Folk. Guten og Brure likte godt kaarandre og de enda me, at de vart eit Par ’taa døm. Jenta heitte Eli og de skulde bli ei overlag glup Kjering ’taa henne. Ho va meir go-te se paa mange Vis hell andre Kjeringo, vissa va ho framifraa raa’og for Krytyr-Illsko, saa døm henta ho lange Lei’inn baade inna-bygdes og utta-bygdes. Mea ho Gamel-Mari styrde paa Bjølsta, va de i nogre Aar ho ha slik Oheppe paa Krytyrom, at de va likt te døm vilde berre burt[1], baade Smaatt og Stort. Kalvann do i Binga og Fjor-Kalvann fekk Skot og di Føstre, som vart te-livs, kom Koten[2] paa, trast døm kom paa Tuva. Da va de nugun, som raadd ho Mari te aa faa ho Eli Fugelsang paa Gard’n og ho vart henta. Og ette ho ha vore paa Bjølsta og gjort aat for dessa Otrevna’e, va de, som de skulde snutt se me einn Gong. De kom Trevna att baade paa Smaatt og Stort og Føstre livde og vilde te[3] baade i Baas og i Beite. Døm skulde faa slik Ty’e[4] aat ein-a’an ho Gamel-Mari og ho Eli, er de sagt, og ho Mari skulde nok faa veta mykjy den Gongen, som ho ikje ha visst førr. Døm sto tvo-eine ei heil lang Vaarnatt og taalaas ve paa nørdre Høgstugu-Sval’n paa Bjølsta.

Mann’n henna Eli skulde vera lei ve ho i Fystningen, han tykte nok, at ho ha att som ein Bøv[5] ve se ’taa di Onde-buandes. Saa va de Eingong ho Eli kom ette Manne aat Smiun, han sto og kvesste Hestsko. Han tok nettup ein Hestsko utu Avle me di saamaa Kjeringje kom, og da faataa ho den roue Hestsko’n og retta han ut me Hendom. „Saamykjy met[6] eg deg ou, um eg berre vill!“ sa ho. Men ’taa di tok Mann se andre Tanke forr og sia va han vitug og snill saa døm livde godt ihop, all si Ti.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. vilde burt: va ingor Heppe me, lykkas ikkje.
  2. Kot(oo): Vantrevna.
  3. vilde te: lykkas.
  4. Ty’e: her Go-Hog.
  5. Bøv: Hjelm, Taakkje.
  6. met, aa meta: agte, endse; Meiningje her er: saa lett kan eg rette deg ou, um eg vil.