Prestberg-Jutul’n og Blessom’n
Trast ogo Prestgard’n paa Vaagaa er de eit Hoggberg, som kallas Prestberge. Staar Ein ne-ve Kjørkja og ser uppi Prestberge, kan ein sjaa mest som Likjend’[1] te ei stor Dør i slette Veggje. De er Jutul-Porten, døm kalla, for i di gamle Ti’om budde de ein Jutul me Kjeringen sine i Prestbergje.
Da Vag-Verinn tok ve den kristne True, den Gongen han Sante-Ola foor igjønom Dal’n, gjekk døm inn paa aa byggje se Kjørkje og ho sette døm upp paa Tiste i Nordhera’. Men saa tykte Folke i Finntryun[2] og Uppgardom, Sjaardølinn og Lalmingann, at Kjørkja sto saa reint avsi’es te der paa Viste, at døm samdest um aa fløtja ho nedst i Prestgardsjorde, der ho no staar. Detta vart Prestberg-Jutul’n forrtrote paa; Kjørkjeklukkunun maa ikje Jutulle og Bergtroll lii og utu Klukk-Ljoma lyt døm haa se, um døm lyt fløtja alder saa langt.
Saa va de ein Sondagsmaargaa Kjørkjeklukkunn bar te aa laate fyste Gongen ne-paa Ha’land[3] og Ljomin lyddest saa klaar og kvell uppi Prestberge. Di tvoug derinne dreiv kaar me sine og ha ikje naagaa slikt i Ventom, Jutul’n sjøl sat og maksla paa eit Skaak-Emne og Kjeringje ha nettup tikji ei dugele Smørknoe utu Kjinnun, lagt ho i Smørtrouge og skulde te elte. Me di ’saamaa fekk døm Klukk-Ljomin i Øyro og da kan de hende, de barst upp me døm! Kjeringje vart saa tvingande sinnt, at ho senda Smørknoa si ne-over mot Kjørkjun saa de berre kvein og Jutul’n kjørde ette Skaak-Emne saamaa Vegen. Men ikje nugun ’taa døm raakaa, Smørknoa rokk ikje heilt fram og Skaak-Emne gjekk baade forhøgt og forlangt; Smørknoa staar like innve Kjørkjebaalken den Dag idag og Skaak-Emne ligg langt sø-paa Vollom. Men gjillt Vyrkje er de i døm baae, saa ha døm raakaa, som meint va, ha de nok vorte Ende paa Klukk-Læte, den Gongen. Elles ha ingen oftare merkt naagaa te, at Prestberg-Jutul’n og Kjeringje hans ha liggji ette Gudshuse paa Ha’land, og hell-ikje fløtte døm, for mange Hondrede Aar bakette Eingong skjussa Prestberg-Jutul’n heim att han Jehans Blessom fraa Kjøpenhamn. Men de va ou siste Gongen han viste se.
Blessomen va i Kjøpenhamn og løyste ein Dom i ei stor Sak, han ha havt, og no fallt detta saa obeine for ’om, at han ikje kunde sleppe utu Sta’e att førr um Juleftan. Han va ovæl ’taa di, han ikje kunde faa helde Jul heime paa Blessom, men de va ingor Raa’ me di, maa’ta, og saa bar han te aa gjera se reisferdog, tile Juleftas-Maargaan. De fallt se saa, han lout eit Ærend ut i By’n og da han kom ut-paa Gato, fekk han sjaa att-i ein Nord-Døl fram-i Gatun. Nei, sjaa meg den, du, er de ikje fleire Nord-Døle hell eg, ou, som er i By’n saa nere Helgen! tenkte han Jehans. Han onna se ette og da han naadd ’om sporde han kvasst, kaa Landsmann han va. „Aa, eg er nok Vag-Ver eg, ou,“ sa Mann, „og oss er nok Granne ou, eg og du. No tenkje eg du stonda bra heim att, Jehans, og vil du ha Skjuss me meg, saa ska oss ikje vera lengje paa Vegje, for eg vil no heim att te Kvells.“ Jou de va no mykje paa Ferd aa faa baade Skjuss og Følgje radt heim att, sa han Jehans han vart no elles fortusta[4] paa, at han skulde ha ein Granne, han ikje kjennde, men de va no sagte berre Fleip[5], maa’ta, baade de og de andre, han sa, um aa vera heime att te Kvells. Han va nok gaamaa-full, denna Mann.
Da de barst ivegen me døm, fekk han Jehans stige bak-paa og no fekk Blessom’n slik Skjuss, at han alder ha fare saa fort i sine Leve-Daagaa. De gjekk strake Lei’e baade ivi Lann og Strann og de sto ikje te for ’om Jehans aa skjølja, antell de va paa Jord’n hell i louse Ve’re døm foor. Heile Ferde vart no mest berre som ein Draam[6] for ’om Jehans; ein Sta’n kvilte døm som snøggast og der tyktes han Jehans aa minnast, at de va saa utu Maata vakkert, men nogor Skjel-Grein kunde han ikje faa paa di, for de lyste og glema, saa de va Oraa’ aa feste Ougo paa nugun Flekt. De gav ein Søkk i ’om Jehans, da døm tok ivegen att der fraa, for han saag de skjimta paa eitt Mannhugu paa ei Stong. Trast ette misste han eine Votten sin og da de vart styggt kalt paa Fingrom, ba han um aa faa stige ’taa som snøggast og finne att Votten. „Nei han er de ikje Brye verdt aa endse, for han ligg att halv-vegjes millom Vaagaa og Kjøpenhamn,“ svaaraa Mann. Men da bar han Jehans Blessom te aa skjøne, kaa de va for ein Vag-Ver han va komin i Følgje me.
De gjekk som ei Pil me døm og de va ikje Raa’ skapt for ’om Jehans aa veta, kaar dom foor, hell draagaa Kjenns’l paa Dale og Fjell førr døm va kome nor-paa Sandbu’s-Vollann. Da vart han gla baade ’taa di han va atti Heimbygde kome, og taa di de trast va Ende paa desse Skjusse, for han bar te aa tykja, de vart meir og meir ohogle, tess lenger de lei’. Ve Finnbrue sta’na døm, for der skulde han Jehans stige ’taa og gaa upp aat Nordigard-Blessom. Han takka for Skjussen og Følgje, de likaste han raakaa paa, og leet um, at slik grepa Skjuss ha han alder havt. Me saamaa døm skjøldes sa Mann: „Um du no skulde faa høyre ein Smell, naar du kjøm uppi Bakkann, saa maa du ikje snu paa Hugue og sjaa deg att-ende. Disom du gjere de, vil du kaamaa te aa sitja ette[7] di, saalengje du livi.“ Nei, de skulde han sagte agte se for, meinte Blessom’n, og me di skjøldes døm og ynskte ein-a’an ei gledele Jul. Da han Jehans kom uppi Bakkann eit lite Stykkjy ga de ein hard Smell burti Prestbergje og saa gløymde han se og snudde paa Hugue for aa sjaa burti. Og der sto Jutulporten paa vi’an Vegg, de lyste fraa Elldstae og skjein og blenkte ’taa Gull og Sylv, saa de gjorde reint illt i Ougom; de skjygde ’taa Folk som gjekk att og fram inne der og han Jehans saag Mann, som ha skjussa han, gjekk inn-igjønom Døra-Ope. Da smell Porten att saa de skolv i Høom og Prest- berge laag i Myrkne som førr, han Jehans skulde snu Hugue te att men – Halsbeine va stivt i Leom saa Hugue og Bol’n peikte kaar paa si Lei’. Og saales vart Blessomen gaa-ande me Hugue paa sneitt te sin Døyan-Dag.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ Likjend’: Skapna te, Nordhera’: Grende paa Nordsi’a aat Vaagaa-Vattne; Nordherad.
- ↑ Finntryo (Finna-Tridjungen) og Uppgardann: Grende millom Maalun og Grønun paa Nordsium aat Ottun og nord-me Finn-Elven eit Stykkjy.
- ↑ Ha’lann: eit stort, flatt Jordstykkjy som trule er kalla ette „Hadeland“.
- ↑ fortusta: forondra.
- ↑ Fleip: Gaamaa, Spøk.
- ↑ Draam: Draum.
- ↑ sitja ette: ha Mein ’taa, kaamaa te aa minnast.