H. Aschehoug & Co. (s. 252-255).

Han Anders Slave.

Han va kalla „Slavin“ ’taa alle i Bygden for di Skull, at han sat paa Slavrie de meste ’taa Ti’n, han livde. Han va saa grov te aa stela, at han va i Straff den eine Venda ette di andre og sat i aar-vis, kaar Gong. Naar han ha lidt ut ei Straff og kom heim-i Bygde att, saa kunde de vaaraa baade tvoug og tri Aar, som ingen merkte, at han stal, da gjekk han antell i Arbei’ paa Gardom hell satt og arbeidde Øskjo, Sleive, Rulla-Gongje[1] og fleire slike mindre Ting, som han skar ut. Han budde mykjy i Steine i Heidale, men kaa Folke-Ferd[2] han va ’taa, er de ikje

Fig. 24. Smør-Øskje ette ’om Anders Slave.
nugun som veit. Naar han ha helde se i Bygden att ei Ti’ saales, og livt paa ærle Maate ’taa Arbei’e sine, va de me Eingong, som de skulde vore gjort Illt paa ’n og de saag saales ut, som han ikje va go-te aa raa’ me se sjøl – han bar te stela att saa vørdesloust, at Folk lout melle de og faa han Anders i Straff att. Ein Vaar ha han sett uppi Sjodal’n og fare Sætrinn for-ende, brote se inn og tikji allt etandes, som han fann og sia’ kaa han tyktest, aa ha Bruk for. Da han ha fare over alle Sta’ann, brout han se inn i Bjønnsta-Sojoli’n og budde der i mange Viku, radt te di 4 „Vetlgutann“ hans Kristen Bjønnsta (sjaa Bjønnsta-Ækte) kom burti Sætre og skulde slø’e Møkje. Og døm kom nok oventande paa han, for han vart styggt illhyfsin da døm kom inn i Sele aat ’om. Han sat paa ein brei Benk fram-ve Omn og spikka paa ei Treskjei’, men da Gutann kom, datt Skjei’e utu Hendom hans, han vart sitjande og stinge me Knivsodde ne-i Benken og fekk korkje Maal hell Tal forr se, ei lang Stonn. Han skolv saa Armann hans ristast, for han trudde nok, døm ha vilja tikji se; men Bjønnsta-Gutann tykte Synd i ’om og ingen ’taa døm gat eit illt Ord. Døm ga ’om Mat me se og letst ikje Eingong merkje, at han Anders ha brote se inn og tikji den Maten, som fannst att i Sæterhusom, og han va i Huse hjaa døm saa lengje døm va der. Detta gløymde nok ikje han Anders saa snart. Ette den yngste ’taa Bjønnsta-Gutom va gjift og ha vorte Gardbrukar, va de ein Vaar han Anders kom aat ’om og ba um aa faa vera i Arbei’ hjaa ’om ei Ti’. Han kom beint fraa Slavrie og ha sute der att i mange Aar. Ja, han Iva let han faa vera paa Garde eit heilt Aar og han va baade fre’ele og vitug og dugele Arbei’s-Kar. Sume Ti’e fekk han Anders skjera ut ein og a’an Tingen, for han Iva va Treskjerar, han, og han ha Hog te aa sjaa Kroten hans Anders, ou, maa’ta. Han tykte ikje viare saa væl nettup um Kroten hans, „men te aa skjera Faks paa ei Løve, ha eg alder seett Maakan hans,“ sa han. Han Anders gjorde Løve te Hann-Tak paa Rulla-Gongjinn sine, han, i Sta’n for Hest, som mesta va brukele, og de er sannt, som han Iva sa, at Fakse paa Løvom er godt skaare. Da han Anders fløtte ’taa Garde sa han Iva desse Orde ve han i Skjølna’e: „No, Anders, du ha seett saa mykjy styggt, sliti illt og vore fram-i saa mykjy leitt, no skulde du vare deg væl og ikje gjera naagaa gale meir, saa skal du sjaa de bli bra me deg paa dine gamle Daagaa.“ „Aa, døm ha full inkort aa seja da, ou“, svaaraa han. Hitt Aare bar de aat Slavrie me ’om Anders att og da saag han ikje Bygde meir, han dø paa Akershus fram-igjønom ve 1825.

De Arbei’e hans Anders Slave, som han va mest kjennd for, va Grout-Æmberann hans, „Slav-Æmbere“, som døm kallast og som de nok enno finnst att mange ’taa. ’Taa døm gjorde han upp ein stor Mengde naar han va lous fraa Straffen og døm va gjæve, saa han avhenda døm ette Hann. Kroten hans va grov og lite forr-se gjord men han ala se godt, lell. Skurd’n hans va de Slage, som døm kalla „Bonde-Rokoko“, den Gongen ha døm ikje naagaa eigje Namn paa ’om og her i Bygden va han berre lite i Bruk. De va inni By’n han Anders ha faatt Ouga paa den Gjerde paa Krote og saa ha han maata han te ette sin eigje Smak. „Rokoko’n“ hans er grov og snøgg-gjord, mangein-Gong berre nogre snøgge Knivdrag, men enda er han viss-saa andsynle som mykjy ’taa di, ein jemnan ser, og som de er lagt meire Arbei’ paa. Arbei’e hans syne, at han ha vore baade hennt og havt eit godt Ouga; men saales som han livde for de meste, va de ikje vente, at han kom dit me Konsten, som han ha Evnann te. Slavin er mest den einslege ’taa Treskjerarom i Bygden, som heldt se aat Rokoko-Skurde for Einingen; di hine kunde bruke han av og te.

  1. Rulla-Gongje, ei Rulla-Gong (de gamle Gogn):, Mangletræ“.
  2. Folke-Ferd: Ækt.