Han Iva Skudal
Denne Mann va ou ein ’taa døm, som gjekk i Lære i By’n. Han va Son aat Gamel-Houga (S. 150) og fødd 1790; da han va 10–12 Aar gomol kom han aat Gamel-Le’smanne[1] paa Haamaar te Gjætar og da Le’smann saag, at Guten ha godt Næmme og ha stor Hog te aa lære, tok han se te me aa lære ’om aa skrive. Og mea’ han va i Gjætl-Maarken um Daagaane laag han fram-me flate Steine og Stubbe og øvde se me aa skrive Bokstavann. Da han va framsluppin kom han i Tenest paa Sygard Snele og der kom han fram-i naagaa Ogreie um ei Stri-Skjurte, som vart burte. Han Iva skulde elles vera oskuldog i di, men da den strenge Far hans fekk veta ’taa di, gjekk han aat Snele og risdengde Guten. Detta gjorde han se saa illt ’taa, at han foor utu Bygden saa ingen visste ’taa di og sta’na ikje, førr han kom aat Trondem. Her ga han se i Pottmaakaar-Lære og sto ut den te han vart skrivin te Sylater, da let han se kverve te Gardison i By’n. Saa kom Ofre’en i 1814; da va han Iva heim-i Bygde att kome og ha nyst gjifta se, men no lout de berast imot Svenska me ’om. Han gjekk nord aat di gamle Hosbone sine, ’om Iva Bjønnsta paa Snele, og sporde, um han tordest laane ’om 20 Dale te aa tære paa, og de fekk han. Fraa Ofre’e kom han att oskadd og ikje lengje ette greidde han att-ende Laane.
No dreiv han Pottmaakaar-Arbei’e i mange Aar og fekk avhenda saa mykjy, han vannst aa gjera; han laag ve Mela og arbeidde, for de va der, han fann beste Leir’n. De heldt paa skulde vorte eit heilt Verk der i di Daag’om, for de va i di Ti’om han Lars Brustugun sette upp Staaltraa-Verke sitt der. Men baae di Karann va naagaa ostøoge og ha Hog te skjifte fraa eitt og aat hine, og da han Iva ha halde paa me Pottmaakaar-Arbei’ i 9–10 Aar, ga han upp. No bar han te aa gjera Grout-Æmbere og døm fekk han ou Avhending paa, for han va saa framifraa før te aa gjera døm, at han kunde gjera godt Kjøp. Og Folk likte døm; um nogre Aar va de „Skudals-Æmbere“ ivi heile Bygde og finnst att mange ’taa døm enno. Utskurden paa desse Æmberom er snøgg-gjord og grov, som paa „Slav-Æmberom“, men han er ikje olugum; de er Dølaskurd, grov Krill-Krot og der, som han ha gjeve se Ti’ og gjort se meire forr, kan Skurden hans vera vakker. Men di meste syne, at de ha gaatt forr snøggt, for han gjorde radt fullferdog ein Grout-Æmber paa ein Dag, naar han skonda se.
Han Iva Skudal ha eit godt Nemme te mangt; han dreiv mykjy me aa dikte Viso um alle Olykko som henda, baade her i Bygden og lenger av, og i 1814 dikta han Viso um Kri’n og di Kulunn, døm ha me Svenskom. Den Gongen va Visunn hans Iva gjæve, for de va naagaa o-vandt, maa’ta, at ein Bygda-Kar dikta Viso. No vilde nok ingen bry se um døm, for han greidde ikje rart aa bruke Bokmaale, som ventande va me honom, som ingor Uplæring ha havt. Ha han helde se aat Bygdamaale, me Visom sine, kan de hende, summe ’taa døm ha livt den Dag idag. Da han laag ute, skreiv han i Hougetal me Brev heim aat Kjeringen; desse Breve gjekk Folk og vilde høyre fraa vi’e Vegne umkring og heile Grende tykte, han va eit Stor-Hugu.
Pottmaakaar va han full-go og di Rosin han brennde inn i Glasseringje me kvite, gule og grøne Leti, va vakre; jemnan sto de eit Vers ne-i Botte paa Koksom[2] hans og som han sjøl ha rima ihop. Like te i sidste Ti’om ha de funnest att ’taa Arbei’e hans, no er de full burte. Han Iva fall burt firi 1840 og sia’ va de ingen, som freista tok upp att Pottmaakaar-Arbei’e ette ’om. Han er visst den einslege Pottmaakaar’n som ha vore i Gullbransdale og kanhende vi’are ut-ivi Lanns-Bygdinn.
- ↑ Gamel-Les’mann: Knut Trosdahl, fødd i ein Plass paa Dovre, va fyst Kantor-Kar hjaa „Justitsraad“ Pløyen, Skrivar i N. Gullbransdale, vart Le’smann paa Lom og sia’ paa Vaagaa fraa umkring 1790–1828. Han va gjift me henne Kristine Wang, Dotter aat Sokneprest Wang og Syster aat Bokskrivar Storm-Wang.
- ↑ Koks: flaa Leir-Skaal me Haanko.