Han Knut Nyrnes og han Lars Trælviken

Han Knut Nyrnes og han Lars Trælviken.

Desse tvo Karann va ou me ute i 1814 og ette Stor-Leikje va døm baae saa goe Kare, som de gjerest Kle’e paa. Han Lars Trælviken va namn-spord te aa gaa paa Skjisso[1], han gjekk fortare paa Skjissom ette Vaagaa-Ise me ei Hal’tynne Konn paa Ryggje, hell nugun a’an lous-reipa. Han gjorde eitt Vaagan eingong i Vaagaa-Prestgarde og tok paa se aa gaa paa Skjisso aat Garmo paa Lom og att-ende aat Prestgarde mea’ Kokka kokte Grouten te Kvells. Han gjekk me di saamaa Gryta vart hengd paa Skjerdingje og da Grouten va kokt og Gryta tikji att-paa Golve, kom Trælvikjin i Dør’n. Paa Garmo ha han tikji me se Blend-Skaale[2] for aa syne fram, at han ha vore der. De va godt gjort de, for Vaagaa-Vatne er halvannor Mil langt. Ein a’an Gong kapp-ljøp han ve ein Ulv paa Vaagaa-Ise; de va Klaar-Is og Trælvikjin faataa se ein Raa-Stour[3] i Haande, da han sette ette. Ulven strekte ut saa de ha Lag, men Klø’n hans glatt paa di haale Ise, best de va, og kaar Gong Ulven glatt, skout Trælvikjin nerar og nerar inn-paa han. Sist kom han saa nere, at han bar te aa slaa, men for kaar Dask tok Ulven Stour’n i Kjeften og for kaart Slag hekta han se nerar Hendom aat Trælvika. Da brout han Lars av Stour’n paa Midten, let Ulven taakaa eine Stubben i Kjeften og slo han i Hugue me hine og paa den Gjerde fekk han Live ’taa ’om.

Døm va saa goe Venne stødt, han Lars Trælviken og han Knut Nyrnes, de va alder eitt obytt Ord imillom døm, de nugun høyrde. Folk ondrast mykjy paa, kem som va den magtogaste ’taa døm, for ingen ha korkje seett hell høyrdt, at di tvo ha freista Magte aat ein-a’an. Henda de, at den eine ’taa døm kom frami Ovenskap, va trast den andre ferdog te aa staa me ’om – døm va som døm skulde vore Brør, di tvo, antell de va burte hell heime.

Da døm laag ute va døm i ein Dans ein Kvell og der va de ein grovt stor Kar som bar te aa øve Spell og gjekk og rengde se millom Dansar-Folkje. Han skulde vera ei O-Aate og eit sterkt Beist, som alle gjekk utu Vegje for. Da han fekk sjaa desse tvo Dølinn, lout han freiste leggje se ut me døm. Han sette ivegen aa danse og kaar Gong han i Danse foor um Trælvikjin, ga han ’om ein Støyt me Knytt-Neva. Detta gjorde han tri Vendo, men da han Lars fekk treja Støyten sporde Nyrnessin: „Ska eg taakaa han, hell vil du gjera de sjøl?7“ „Aa, eg gjere de sjøl,“ svaaraa han og me saamaa sat han i Bringun paa ’om. Og Kjempa vart baade golva og kne-farin saa de knaakaa i henne og me di saamaa han skulde reise se upp att, fekk han Støvel-Hæl’n hans Knut Nyrnes onde eine Øyra, att-paa.

De va hulde ein stor Aksion i Vaagaa-Prestgarde, da Reinhardt va avfulle; Wang ha faatt att Kalle og va nettup te-fløtt. De va saa utu Lagje me Folk i di Aksione og grovt te Stim me Slaasting og Ovenskap og den Aksion ha ofte vore um-taalaa ’taa di Gamle. Baade han Lars Trælviken og han Knut Nyrnes va der og tri ’taa di beste Karom paa Vaagaa, skulde vera, gjekk av-og-te i Folke-Hope baalaa og brukte Kjeft og briska se. Best detta va, raaka døm fram-i Trælvikjin og sette paa taakaa han forr se og gjorde Narr ’taa ’om baade for eitt og hitt. No skulde han vera tøyg, førr han vart sinnt, og de gjekk lengje, førr han endsa dessa Karom, som dreiv paa ha han te Narr. Sist tok han te aa graate og døm, som kjennde han Lars, visste, at da va de de Bele, at han vart sinnt for Aalvor. Og de drygdest hell-ikje lang Stonde, førr han rende paa dessa tri Vagverin og da vart de slutt paa Gaamaa for døm! Den eine sette han te aat ein Sval-Vegg saa Bloe sto um Munn og Naasaa, den andre tok han og end-venda, ha han jemn-høgt me se og la han te aat harde Oure, og enda verre va de, at han naadde burti ei Slipstein-Veiv me di saamaa. Den treja fekk nokk ’taa di, han saag paa, og tok Hyven de kvassaste han kunna. Men no ha Trælvikjin vorte saa sinnt, at han va som eit rasandes Menneskje og visste ikje korkje kaa han sa hell gjorde; han slo og spennte og brout ne kem, han kom inn-aat, og ingen tordes aa gaa imot ’om for aa halde Styr paa ’om. Presten, Wang, sto i Sval’n og saag paa. „Var jeg bare ikke den Mand jeg er, saa skulde jeg holdt Styr paa Manden, jeg!“ sa Wang. Detta høyrde han Lars: „berre kom!“ sa han ve Presten. Men da kom han Knut Nyrnes skjotande og rouk i Bringa paa ’om Lars. „Loup fraa meg! – du gjere ikje her, for no er eg sinnt!“ sa Trælvikjin. „Eg veit nok du er over meg,“ svaaraa han Knut, „men oss ha gjort de saa imillom oss, veit du, at oss ska ly’e ein-a’an aat,“ og me di va de saa vidt han fekk han Lars te aa halde Fre’ att, saa de vart verande for Folk i Aksions-Garde.

Men ein Gong tok han se Vat’n ivi Hugue han Lars Trælviken, ou, og de va, da han ga se me og vilde kaste ut han Per Horgje paa Sonde. Da vart han stappa onde Sengje som ei annor Fille og ha ikje forr, aa spenne imot. Og elles ha nok Wang gjort ’taa ’om Lars, kaar han ha vilja, naar han ha vorte nødd te aa tikji og hulde Styr paa ’om. For den Presten skulde vera naagaa framifraa i Magt. Han va grovt stor og førvukse, ou, og naar han sto paa Preikstole va de ikje langt imillom han støytte Duva upp-ivi se me Hendom, for han brukte aa fakte se mea’ han preika. Aa, de va eit Stykkjy te Kar! Ri’-Hesten hans va ein avraa’e stor, tjukk-felle, borkot Hest, men naar Wang steig uppi Sal’n, sokk de saa tongt i Ryggje paa Gampe, han va nok tong i Sale, Presten.

Wang va gjift me Dotter aat Monkje, og den Gongen han reiste aat Vaagaa for aa fri, laag han Natte over hjaa Preste i Gran paa Halann. Um Kvell’n mea’ døm sat ve Borde, taalaa Grans-Presten um, at han ha ein musot Hest i fjorde Aare, som va framifraa lugum, de va berre ein liten Ting som vanta ’om: de sto ikje te, aa temja han. Han va saa oby, at de ha ikje vore lagt Sela paa han enda, sa Presten, og han trudde, de va ikje anna aa gjera ve han, hell aa bruke Børsa paa han. Wang tykte de va rart, at de ikje skulde let’ se gjera, aa temja Hesten. Da sa Grans-Presten, at vilde han temja han skulde han faa han te-gjevandes og de tok Wang imot. Um Maargaan da han skulde reise, fekk han me se go Hjolp te aa sela Gampen og fekk han for Slean ou, me stort Stræv. Da de va gjort tok han ut Kniven sin og skar Gampen eit Drag i kaar Munns-Vik, kasta se i Slean og let de leike ivegen. Wang og Hesten nappast hardt, men Hesten maatte gje se og han ha ikje Selan ’taa ’om, førr han kom aat Vaagaa Prestgarde. Da ha han vore eit Jemdøger paa Vegje. Men da ha han ou tamd han og de vart ein Hest ’taa fyste Slag.

Wang skulde eingong lyfte me strake Arme ein Kjørkje-Slea som de sat ein vakse Kar i.

  1. Skjisso: Skjeisso, „Skøyter“.
  2. Blend-Skaal: Skaale som stødt hekk i Blend-Stampe; Blende: Drikke ’taa Mysu og Vatn.
  3. Raa-Stour: Konn-Stour.