H. Aschehoug & Co. (s. 164-167).

Stor-Stokksta’n.

Han va me ute i 1814. Eg tykjys sjaa han enno, naar han sat fram-ve Aarin i di si’e, slitne, stein-blaae Frakkje –: de va ein vælvuksin gomol Mann! Han ha ein Rygg saa lang og brei, at eg mest ikje ha seett Maakan, og saa di tverre, sterke Æksel’n! Og di Armann og Nevane! De va radt aa sjaa me ein Gong, um du ikje ha høyrt gjete Stor-Stokksta’e førr, at de ha vore Gut, som kunde rødja utu Vegje for se. No va de ikje stort att ’taa om, imot de ha vore, for han ha allt fyllt fjorde Tjuge og ha fare gard-millom paa Legd i mange Aar. Føt’n va reint Ende saa de gjekk ei lang Stonn for ’om aa kaamaa over Golve og han lout stødja se fast paa Staven. I andre Maate va han helsog. Heile Dagen va han ve Aarin og vermde se, sljo[1] og still; han lutte me Hugue og saag burt-gjevin ut. De va mest ikje Snakk i ’om og de va godt aa skjøne, at han no heldt paa aa bli atti-komin og at Verde og Live umkring han snart va ’om eitt og de saamaa, kaarles de saa skjikka se. Difor va de berre eit Hende, han kvekna upp saa de kom Liv att i de trøtte, slakke Anlete.

De va berre ein Ting, som vekte Gamlin upp og sette nytt Liv i han og de va, naar nugun minnte han paa den Ti’e da han laag ute i 1814 og da han sto Gardison paa Akershus. Da vart han som eit anna Menneskje me ein Gong. Da vart han tulug, Minne livna upp att like friske og heile Mann kvekna te. Og naar han bar te aa fortelja um di Hendingunn han sjøl ha vore fram-i baade i 1814 og mea’ han sto Gardison, rakna han i Ryggje og vart høgre i Stole, han sat paa, du fekk sjaa att ein Skjimt ’taa ’om fraa onge Daagaa, da han sto for Kulo og Krut.

Stor-Stokksta’n fortalde endeframt og greitt, han gjorde alder naagaa langt Lag um de, han kom me, Maale va grovt og skjølve og Orde kom takom støytot og mest-som me Tur og Donder, summe Stonde vilde Maale breste for ’om, saa han lout tvinge Orde fram. De fallt ’om tongt aa fortelja, men døkk skulde berre seett, kaar gjenne han gjorde de, lell! Døm va ’om kjære desse gamle Minne um den Gongen han, som no foor paa Legd, va me aa vaaga Live for Folk og Tann i 1814.

Han Ola Stokksta va ein ’taa føraste Karom i heile Bygden da han vart skrivin te Sylater og difor fekk han Namne Stor-Stokksta’n. I 1814 va han me i Slagom ve Lier og Onsta-Sonde. Ve Lier sto han paa høgre Fløyg og i hardaste Beitun kom han paa ein hell a’an Vis fraa Kompenie sine og heldt paa aa vart tikjin te Fange. De va nogre Svenske, som sette ette ’om og ein ’taa døm ropte: „bi, no, Baggen, ska du blifva minn Griss!“ „Aa de er ikje saa visst avgjort de, enno, tenkte eg,“ sa Stokksta’n naar han fortalde um dette. Han sprang onda for aa naa att Kompenie, men best han sprang fekk han sjaa de kom ein svensk Dragon-Lutnan ette se i tenjande Renn. Ja, no nytta ’de lite aa springe og saa ga han upp me di, la Gjevære uppspennt i Olbaagaa-Lykkja og slepte Lutnan inn-paa se. Da han høyrde han trast baka’-for se klemde han av paa eit Raam og da han saag att-um se, seig Lutnan ne ’taa Heste. Svenskann skout Skot i Skot ette ’om, og me di saamaa han foor igjønom eit Grinns-Le, slo de tri Kulo i eine Grinn-Stolpin saa Flisinn spratt. „Saa nere Doua som eg va, den Gongen, va eg ikje sia’, allt mea’ eg laag ute,“ sa han. Men han naadde att Kompenie og sto me te Slage va slutt. Nogre Daagaa ette va han me att ve Onnsta-Sonde, men da vart han tikjin te Vakt saa han vart ikje me i rette Slagje.

Ette Ofre’en va Enda let Stor-Stokksta’n se kverve og sto Gardison paa Akershus i nie Aar. I fyste Aarom, han va i By’n, va han jemnt ute for, at ein og a’an sette se paa han, naar han imillom fekk Hog te aa gaa paa Dansar-Salann um Kvellbann. Døm ha Hog te, aa klengje se paa Døl’n, maa’ta. Men Stor-Stokksta’n gjorde døm go’e att ’taa di Sjukun; einn mot einn raakaa han ikje nugun, som ha forr de me ’om og Matrose og By-Kare dengde han i Tyl’t-Vis saa Fillunn fouk. Paa Dansar-Salom vart døm ette Hann saa redde han, at han fekk gaa i Fre’, kaar han kom, og henda de, at de vart Slagsmaal og Stygge-Kulo me andre, saa sende Vertann bo paa „Stokkestaden“, saa kom han og greidde Kula. Og oftast stillna de ’taa se sjøl berre døm saag han kom i Dør’n.

Ve Gardison sto de mange Valderse den saamaa Ti’e og mange ’taa døm va friske og seno-lagde Kare, men døm va smaae og forr-lette for ein slik Rugg, som Stokksta’n. Ein ’taa døm, heitte Ola Skottabøl, va ein stor, før Kar og han gjekk for aa vera ei Kjempe millom Valdersom. Døm skrytte grovt ’taa Magten hans og gat paa, at kom Stor-Stokksta’n fram-i hann saa kom han te faa Hogg saa de gjorde Mon. Og Skottabølin sjøl slo ut store Ord og sette upp Uggen aat Stokksta’e tvo Gongo, døm raakaast; de vart ikje meir ’taa me di, men baae tvo gjekk og gjætte paa lugumt Tak te aa freistast. Jou, ein Kvell hitta døm saa snodigt fram-i ein-a’an ve Festningen og saa barst de ihop me Karom. Skottabølin vart lagt aat Marken som Ingenting og fekk bra Juling att-paa for Skryten sin. Han skreik paa Hjolp og sa, at Stokksta’n heldt paa og drap han. „Ja let berre drepa, for Fa’n, de ha vore drepe be’re!“ sa Stokksta’n. De va ingen i Nerhandom som kom te Hjolp og da Skottabølin ha faatt de, han ha godt ’taa, hell væl saa de, ga Stokksta’n ’om eit Skraav i Anlete me di spikar-sligne Beksom-Skoom sine, att-paa. Da Skottabølin raakaa Heimbygdingann og Vennann sine, saag han ut, som de skulde vore hakka Steikje-Ve’[2] i Anlete hans og døm grov og sporde, kem som ha reidt han saa styggt av. Men de vilde han ikje ut me. Lei’ fraa nogre Daagaa fekk Stokksta’n høyre tri Valderse sto og taalaas ve, um kaar stygt Skottabølin ha vorte me’-farin. De lout ha vore mange um de Arbei’e, sa døm. Men da orka han ikje aa halde se lenger, Stokksta’n, men sa ve døm: „Ja, ha døkk ikje be’re Kare i Valders, hell han, saa skulde eg, Dj. annamme meg, ta tvo slike paa einn Gong!“ „Er de du, er Von, som ha fare saa aat me ’om?“ sporde døm. „Spør meg einn Gong te, saa ska døkk faa veta de!“ svaaraa Stokksta’n, men døm agta se for aa frette meir ette di, døm skjøna, de va best for se, aa halde Kjeft.

Eingong sto Stokksta’n og hogde Is fram-me ein Vass-Post og saa kom de tvo Tolleriste riande. Døm va va byrge Kare og bar te aa gjera Nar ’taa „Døla-Tosken“. De vart Ord-Kasting me døm og best de va ga eine Tolleristen ’om Ola eit Drag me Ri-Pjaakje. „Gjev meg einn te, du!“ sa han. Ja, Tolleristen va ikje bljug, han, og ga ’om ein Smeis, enda be’re. Men da kom han ou kvasst utu Sale og fekk slikt Hogg att-paa, at han laag i mange Daagaa ette. Saamaa Dagen kom de Baa paa Stokksta’n, at han skulde kaamaa saa Major’n fekk taalaa ve han, og da venta han, de kom te aa gaa gale me se. „Har du været i Slagsmaal nu, min Gut?“ sporde Major’n. Stokksta’n fortalde allt, saales som de gjekk te og døl’de ikje for di. „Ja, sa Major’n, „du skal ikje ha Straf for dette, min Gut! Artilleriet ligger efter Regimentet bestandig,“ og saa ba han Stokksta’n aa vare se, saa ikje Tolleristann fekk Tak paa ’om seinar.

Ette Stor-Stokksta’n kom heim-i Bygde att fraa Gardisons-Tenest’n, rødde og byggde han se ein liten Plass, høgt uppi Sjaardals-Baksi’un. Plassen heitte Berge og Stugu-Vyrkje og Klebber’n i Skaarsteine bar han upp-i Berge paa Ækslom.

  1. sljo, utt. sjoo: sturin; „sløv“.
  2. Steikje-Ve’: smaa-klovin Ve’ te steikje Smaabrø (Bite-i) me.