Han Per og ho Bergit/2
Nils Torgerson var ein stor Mann i Bygdi. Han hadde Gard og Naut og Pengar ataat paa Kistebotnen. Han var Son av ein Husmann og ein stor Viltyring som Gut. Far hans var fatig og „fatig Manns Mat er snart eten,“ som Arne sagde.
Difyre laut Nils, daa han var sekstan Aar gamall, strjuka aat Byen og tena. Men korleides det no hadde seg, han Nils vilde inkje taka for høgt i, og so vart han Veitagravar. „Nokot betre enn inkje,“ sagde han Nils. Men Nils det var Gut, som kunde grava, det; han grov og grov og slutad inkje, fyrr han hadde gravet seg fram til Polititenar. Hende det daa, at ein og annan heimanfraa kom til Byen og hadde teket seg ei Taar yver Torsten, var han inkje viss um, at han Nils kunde standa attanfyre, gripa honom i Trøya og leida honom til Myrkestova. Heima i Bygdi likad dei inkje detta; dei log av Nils, sagde „tvi,“ naar dei svallad um, korleides han bar seg, og vilde inkje sjaa paa Far hans eingong, av di han hadde slik ein Son. So hende det seg nokre Aar etter, at ein Gut kom reikande til Bygdi i ei fin, ny Trøya og — det var han Nils. Folk vilde inkje bera Kjensel paa honom, for det var inkje berre Trøya, som var ny, men heile Guten. Han var vorten storslegen, og havde fenget seg ei diger, raud Nos. Men Nils kunde snakka fyre seg han. Han preikad fyre Unggutarne baade høgt og laagt um alt det, som var at høyra og sjaa i Byen; han var spræk og kaat, hadde Visostubbar i tunnevis, og det gjekk inkje lang Tid, fyrr Nils’en vart vel likad og vel fagnad, der han kom. Var det nokon, som kunde fortelja løglegt og flirande, so var det han Nils. Kom i han Godlaget sitt og hadde fenget nokre Dramar og eit Par Krus Øl, kunde han sitja paa Krakken og ralla slik, at Gutarne mest fekk Hjartailt av Laatt, medan Gjentorna foor stad og gjøymde seg. Spurde ein honom daa, kvifyre han inkje vart verande i Byen med ein Gong, var det, som han Nils tagnad litetvetta. „Aa det hadde no inkje voret Hugen hans at vera der all si Tid, han maatte no heim ein Gong han og, maa vita, og sjaa korleides det stod til i Bygdi.“ Men Saki var den, at Nils i den seinaste Tidi hadde sleget seg paa Drykken. So hadde han drukket so lenge, til han sjølv kom i Myrkestova, og daa han kom ut derifraa, synte dei honom Vetravegen. Der stod Nils. „Eg lyt nog strjuka heim atter,“ sagde han, og so strauk han. No foor han Nils paa Lausarbeid att og fram i Bygdi, og kvart han kom, vart det Glis og Laatt. Han Nils var inkje ljot, hadde han berre inkje havt den raude Nosi; sløgt Hovud hadde han og Flogvit, so det var inkje at undrast paa, at ei gomol Ekkja fekk Hug til honom, for „gamle Kubbar brenna lenge,“ maa vita. „Gomol er ho. Pengar heve ho, den gamle sig, og den unge stig,“ sagde Nils og so friad han til Ekkja. Aa jau, ho vilde, fulla, taka honom, men fyrst maatte han no verta til nokot fint, for det hadde fyrste Mannen voret. „Kvat skal det vera?“ spurde Nils. „Aa eitkvart Slag med Kyrkja,“ svarad Ekkja. So rødde dei no seg imillom um detta, og ein fin Dag var Nils stroken or Bygdi. Han var dregen til Seminariet, for no skulde han verta eitkvart Slag ved Kyrkja, maa vita. Men korleides det no gjekk til, anten Lærdomen var for tung elder Drykken for lett, nog er det, at han Nils aldri vardt ferdug med Skulen sin. Og eit Aar etter kom han atter. Nosi var lika raud, men no skulde han vera utlærd, sagde han. Det fanst nog dei, som sagde nokot annat, at det var Nosi meir enn Nils, som var utlærd, for Saki var den, at dei nog hadde synt honom Vetravegen der og; „men det er aldri verdt at agta paa Drøsor,“ sagde Nils, og det var sant sagt. Nils hadde no Lukka med seg, kor som var, han vart gift med Ekkja, fekk stor Gard, rødde vel med Presten, og du kann tru, det vardt Kviskring i Bygdi, daa Nils Torgerson var vorten Klokkar og Kyrkjesongar. Men etter den Dagen skulde du snaudt nog kjenna Nils’en atter. Han var vorten ein Fot høgare, strekte den krokutte Ruggen sin so rak, han kunde, fekk seg ei Huva med Silkefor og blankt Huveslag, og naar han so med ei Bok under Armen starvad nedetter til Presten, var det nett, som ein Staur drog seg burt etter Vegen. Naar Bygdarfolk helsad til honom, so nikkad berre Nils, men kom so Presten elder Frua hans reikande, jau daa stod han Nils paa Vegtromen med Huva i Hondi og nikrøkte seg slik, at Folk kunde tru, han var gjengen or Led. Ellest hadde han Nils god Røst i Kyrkja, var godsleg i Samlag, helst naar han hadde fenget seg ei Krus Øl yver Torsten. Daa skein Andlitet paa honom, han gartad med Gjentom, flirte litet imellom, tok seg ein Sleng i ein Springar, og Munnen gjekk so snogt som ein Kvernakall. Klokkaren var gløymd fyre lengesidan, og gamle Nils’en var komen atter. Han Nils var alt gamall i Embættet sit, men endaa livde Ekkja. „Gamle Sinar er seiga,“ sagde Nils og skaut Rukka paa Skallen, „men ho gjerer inkje Ugagn helder Stakkar.“ Tilslut do Ekkja, og gamle Gudbrand i øvste Garden ertad stendigt honom Nils med, at aldri hadde han sunget so klaart, som daa Kona hans foor i Jordi. No var han fri Mann paa Garden, hadde Naut og Pengar paa Kistebotnen. „No kan eg gifta meg atter,“ sagde Nils og skok seg paa Ryggen, „etter ei gomol fær eg ei ung, so heve eg freistat baade Slag.“ Og no gjekk han Nils paa Friing til henne Bergit.
Nils Torgerson var ein fin Mann. Han hadde tvau Slag Plagg, eit av Vadmaal til Kvardags og eit av fint Ty til Sundags, — og tvau Slag Maal, eit fint til Presten og i Embættet sitt, og Stakkarsmaalet ellest utanum. I den sidste Tidi hadde Nils stendigt gjenget med det fine Plagget og flitt seg upp paa alle Maatar. Dei kviskrad um det i Bygdi, kvat det hadde paa seg, at Nils’en var vorten so fin i slik ei Snøggvending. Men han Nils log fyre sjølve seg han og sagde: „fær eg fyrst ei Kona, kjem gamle Plagget fram atter.”
So var det um Laurdagsmorgon. Vedret var bjart, men Lufti nokot kald, for Soli var inkje komi høgt uppaa Himmelen endaa; berre glimde og log som eit stort Auga derburte i Aust og glytte imillom til Per, som stod ute i Tunet aat Presten og sopte. Per mullad ei Visa, saag stundom burtetter paa hi Sida aat Fjorden, der Huset hans Arne Bjørnstad laag, log ender og daa med sjølve seg og sopte og mullad atter. Han kom i Hug, kvat det var, han hadde svallat um med Bergit fyrre Kvelden um Klokkaren. „Jau, hadde eg deg berre her,” tenkte Per, „eg skulde sakta” — — — Med det same skvatt han upp, for ei Hond slo honom paa Oksli, og der stod — Klokkar Nils Torgerson med ei stor Bok under Armen, i det finaste Plagget sitt og svart Halsduk, so rak og keik som eit Lesarbarn paa Kyrkjegolvet. „Goddag, Sonen min,” sagde Klokkaren, han var so tung og djup i Maalet. „Goddag,” sagde Per, strauk av seg Huva og sette eit grøtelegt Andlit upp imot Nils, „er Klokkaren so tidleg ute og gjeng idag?” „Jau, ser du, det er no inkje so greidt med alle desse Vigslor og Barnadaapar og Likferder, og kvat det no heiter altsaman. Alt skal verta gjort, og inkje nokot atteglømt, som dei segja; og um inkje me, som no styra og stella med alt slikt nokot, byrjad skriva og træla fraa tidleg Morgon til seinaste Kveld, so saag det ilt ut i Bygdi. Det kom til at sturta alt ihop, skynar du — jamen kom det til at gjera so” — og Klokkaren sputtad i Marki. „Det er Arbeid, som tek paa Merg og Bein det Gut slik Lesing og Staak, ein kan verta baade vesall og bleik” — og Klokkaren snaut seg i den raude Nosi. „Puh! eg heve nog gjenget snart idag,” sagde han, turkad seg i Skallen og slengde Hondi ut mot Per, — „det leitar meir paa alt slikt, maa tru, enn at sopa og grava og” — — „Det er vel so det,” tok Per frami, „Klokkaren heve vel aldri gravet ei Veita han,” og so blinkad Per’en fult upp paa Nils. Nils let, som han inkje høyrde, snudde seg og lagad seg til at ganga inn. „Fa’r er vel heima no,” nikkad han og krafsad litet paa Boki. „Jau, heima er han, for han ligg nog i Sengi.” Klokkaren skrapad alt av seg paa Dørstokken og kostad paa Plagget sitt, daa han høyrde ein øgeleg Sukk, og der stod Per, studd paa Soplingen med Andlitet mot Jordi og Huva upp til Augo. „Eg vilde nog gjerna faa røda litetvetta med deg,” sagde han og turkad liksom ei Taara burt med Huva. „Ein annan Gong, Sonen min, no heve eg inkje Tid,” og Klokkaren tok alt Hondi paa Klinka. „Det var no um henne Bergit Bjørnstad maa vita,” tok Per i og glytte litet upp. Klokkaren slepte Hondfestet, stod eit Bil, snudde seg so beint ikring og saag paa Klokka si: „det er nog for tidleg at ganga inn aat honom Fa’r endaa, og det er inkje verre Vedret, enn at eg kann sitja ute likasogodt som inne.” Og dermed sette Klokkaren seg beint ned paa Troppi. Han sat no slik ei Stund. So byrjad han hosta. „Det er fint Vedr idag,” hostad han og saag rundt ikring. „Ja vel og,” sagde Per, „ein kunde gjerna ganga berarmad fyre den Skuld.” „No — du skal vel paa Friing i Kveld du daa Per,“ sagde Klokkaren, log litet i det same og pitlad nokot Smaastein or Sanden. „Aa nei! Gud betre meg, eg kjem nog inkje meir paa den Leidi,” sukkad Per og upp til Augat med Trøya — det vert inkje nokot av millom meg og Bergit.” „Kvat Slag? korleides gjeng det til?” spurde Klokkaren og saag med store Augo paa Per. „Eg veit inkje korleides det heve seg, men visst er det, at Far hennar heve set henne upp. Fyrr var Bergit baade blid og god, men sidste Gongen, eg sat hjaa henne, vilde ho inkje vita nokot av meg. Ein Storkar hadde nog rødt med Far hennar, — Namn nemde ho inkje — men det vert nog so, at dei tvau kjem ihop. Ho kjende inkje nokot større til honom ho helder, men han kom nog ikveld, meinte ho, so ho kunde faa svalla litetvetta med honom. Klokkaren skulde inkje vita, kven det var — ein stor fin Mann var det, sagde ho. Aa jau, det gjeng so i Verdi; Rikdomen fær beste Fagnaden.” Per sukkad, tok Huva upp til Augo, som vilde han turka seg, men glytte burt paa Klokkaren, som sat og lydde. „Det var ein Smakabite,” tenkte Per og log med sjølve seg, „men du tarv nog litet til. Eg vilde no spyrja Klokkaren som ein gamall og vitug Mann, kvat han vilde telja til, for harmelegt er det, at ei slik fager Gjenta skal ganga fraa meg. Og so snøgt det var at koma yver til henne daa! Eg slapp at ganga den lange Vegen rundt Viki, for den gamle Baaten til Presten ligg ned med Bryggja, og det er ingen, som brukar honom vidare. Strakst eg var ferdug med Arbeidet um Laurdagskvelden, strauk eg berre ned til Sjoen, rodde yver og sprang upp Bjørnstadbakken; so var det gjort, for Koven hennar Bergit ligg lika med Stigen til Fjoset, nett der, du kann sjaa, paa høgre Hondi” — og Per peikad burtetter, der som Vindaugo glitrad — „og so visste ho so vel, naar det var eg, for eg var alltid fyrst, og so kakkad eg tri Gonger smaat paa Glasset. Eg hugsar endaa sidste Laurdagskvelden — — Vedret var likaso bjart som idag — — men no skal Prestabaaten faa liggja i Fred fyre meg. Eg kann verta so harm, so harm, naar eg tenkjer paa, at ein annan skal fagna Bergit i Kveld. Er det inkje tregelegt Klokkar, og ho var inkje meir en sekstan Aar.” — — — „Dei er slika Gjentorna alle ihop, min gode Per,” sagde Klokkaren med Vyrdnad, reis upp fraa Troppi og lagde den eine Hondi paa Oksli hans Per — „Ungdom og Visdom er sjeldan saman; gakk du til ei onnor du, og ver lika sæl; det er no vel alltid dei, som vil hava deg, um dei no inkje er so unga, og gamla Skoer fella best aat Foten.” „Aa ja, Klokkaren maa vel vita slikt han, som hadde seg ei snild og vitug Kona,” sagde Per og glytte upp aa Nils. „Hm! — krymtad Klokkaren, — gild Kona var det, det var visst; Synd at segja annat — Hm — Hm — —.” Det er inkje so greidt at sleppa det, ein fyrst heve sleget Hugen paa, det veit nog Klokkaren fraa den Tidi, Kona hans do, — — og fær eg inkje sjaa og kviskra meir med Bergit um Laurdagskvelden, so” — — „Du maa inkje tala slik,” sagde Klokkaren tungt, lagde Armarne i Kross yver Brjostet, krymtad og slo alt i eit yver i det sine Maalet, — „veit du inkje kvat den store Salomo segjer? — aa nei, du er vel inkje kjend med honom du. Han siger, — ja kvat er det no han segjer? — — aa ja, det kann vera Slikslag, men det skulde no sige somyket som: „Ungdomen er galen nuomstunder,” det kann høva paa deg det Per. — — Hm — og det var so, at Prestebaaten ligg dernede stendigt? — — no ja, ser du, — all denne Kviskring og sligt, det er Galskab det og Styghet og andre Laster, som du inkje burde fare med — — — og det var tri Gonger, du kakkad paa Glaset? — — — puh — det vert varmt idag.” Og Klokkaren turkad seg i Andlitet, saag paa Klokka si, spratt upp og inn til Presten, so han snaudt nog fekk bidja Per liva vel, som stod der, studd mot Soplingen med det grøtelegste Andlit av Verdi, stirte paa Klokkaren, medan han preikad, til han knapt kunde halda seg fyre Laatt. „Haa — haa — idag hever du gjort det godt Nils Torgerson,” tenkte Klokkaren, daa han stod i Stova aat Presten, „men i Kveld skal du gjera det betre.” „Haa — haa — idag heve du gjort det godt,” tenkte Per ute paa Tunet og slo seg i Neven so det small, „men i Kveld skal du gjera det betre.” Og daa Kvelden kom, kven annan var det vel, som lurte seg ned til Prestabryggja og løysse Baaten, enn Klokkar Nils Torgerson. Og daa Kvelden kom, kven annan var det vel, som stod attanfyre Naustet og njosnad, enn han Per. „No tenkjer eg, Per’en ynskte seg i min Stad,” sagde Klokkaren, smaaflirte og drog paa Aarom. „No tenkjer eg, Klokkaren snart ynskte seg i min Stad,” sagde Per og sprang lett burtetter Vegen, som gjekk rundt ikring Viki. Stundimellom stod han, saag utyver Sjoen og lydde. Jau, han høyrde Ljoden av Aaredragi, og Klokkaren var det, som sat i Baaten. Han liktest i Maaneskinet ein svart Staur, som ruggad att og fram. „No lid det,” sagde Klokkaren og skaut Pusten, lagde so Aararne ind i Baaten og batt honom fast. „No lid det,” tenkte Per, han liktest burt paa Vegen ein svart Prikk.
Bergit hadde inkje tenkt nokot vidare yver det, som Per og ho hadde svallat um hin Kvelden. Per, visste ho, vilde inkje koma, og daa ho ingen annan vilde hava enn Per, hadde ho stengt Døri, fyrr ho lagde seg paa Sengi. Men bedst, som det var, tyktest ho høyra nokot tusla utanfyre Glaset, liksom ein kakkad paa Ruta, fyrst ein Gong, so ein til, og tilslut tridje Gongen. Bergit slengde Stakken kring seg, og smatt burt aat Glaset. „Kven er det? er det du Per?” kviskrad ho innanfyre, „Nei det er eg,” svarad ei Røst utanfyre og gjorde seg so fin, som det var mogelegt. „Eg? kvat er du for ein Kropp?” spurde Bergit. „Det er eg, han du veit nog,” svarad Klokkaren og gjorde seg søt under Glaset. Lenge var det stilt. Klokkaren lydde, for han tykte, han høyrde nokon lægja innanfyre; men sidstpaa riktad Døri, og Bergit keik ut. „Nei er det du daa, kvifyre sagde du inkje det strakst, — so du kjem til meg so seint paa Kvelden Nils, det var daa snildt av deg lel.” Og Bergit drog Klokkaren inn gjenom Døri. „Jau, ser du, han Nils er no inkje so gamall og stør, som han ser ut til, naar han stend i Kyrkja; han kann ogso fara paa Leik suma Tider. Og deg heve eg no baade lært at lesa, og eg heve dansat med deg paa Leikvollen, og eg heve alltid likat deg godt og vel Bergit; for du er inkje slik berre med Glis og Laat, som dei andre Gjentorna elder slik, som det inkje er Ordet i. Baade fin og snild er du, og Vit bur det i deg.” „Du læst no vel berre so no Klokkar,” sagde Bergit, for inkje heve eg nokot framum dei andra, slik liti Vækja, som eg er. — Men set deg no ned og lat meg faa svalla med deg ei Stund; det er lengesidan sidst, — eg trur det var i Dansen uppe paa øvste Garden.” „Ja det er sant, det var i Dansen; det var ein trøysam Kveld det Bergit, jamen var det so. Var det inkje der han Per Prestegarden kom i Basketak med Olav paa Berget?” „Jau det var so det.” „Korleides likar du Per?” „Aa, det er nog ein Villstyring det, han kjem seg aldri vidare fram,” sagde Bergit og glytte burt aat Døri, um inkje Far hennar lurte. „Var det likt seg daa,” sagde Klokkaren og gnikad seg paa Knei, „slike Unggutar som han, er det aldri verdt at vyrda nokot. Dei renn likaso snart, som dei er komme.” „Hyss! du maa inkje snakka so høgt, dei kunde høra deg,“ kviskrad Bergit. „Det er vel inkje so faarlegt,” meinte Klokkaren, „Far din og eg er fine Viner me, maa vita”, og Klokkaren log med sjølve seg. „Men eg vilde no spyrja deg Bergit, um du inkje trur, det kunde verta Parfolk av oss tvau. Gard heve eg og Klædabunad, og alt det, du kann ynskja, so Føda skal du sleppa at syta fyre.” Kvat trur du Far min vil segja daa?” „Far din? det skal nog laga seg; Far din slær til strakst, han,” skreik Klokkaren. „Det var eit sant Ord det”, ropad ei Røst i det same, og dermed fekk Klokkaren eit Nakkadrag, so han tumlad, ei onnor Hond tok Tak i Broki, og ut for Nils Torgerson gjenom Døri, nedyver Tropperna og vart sitjande som klumsad midt paa Vegen. Der sat Klokkaren.