Han Rasmus Olsson Stourust

H. Aschehoug & Co. (s. 249-251).

Rasmus Olsson Stourust.

Denne Mann va 9 Aar yngre hell han Sjugurd Ølsta for han va fødd paa Oukrust i Lom 1765. Far hans va fødd paa Gubbhaagaa i Sjaak men kjøpte Oukrust i Lom og budde der. Han skulde vera sterkaste Mann i Lom og Sjaak og ein Gong kom største Slaastkjempa i heile Norig og vilde taakaa tri Tak ve han. Slaastkjempa va fraa Toten og foor Bygd for Bygd, leitte upp sterkaste Karann han fekk spordt upp og tok døm. Da han kom aat Lom viste Folk han aat ’om Ola Oukrust og ein Dag, mea’ han Ola og Tenestguten hans sat og aat Dugurds-Grouten, kjøm Totningen drivande inn i Stugo, fortalde at han va sterkaste Mann i Lande og ette di han ha hoyrt, at Oukrustin va ei Kjempe, vilde han no taakaa tri Tak ve han. Han Ola vart sinnt, kasta Skjeie si og gouv ihop ve Totningen som vart golva tvo Gongo saa de ha Lag. „No tainkje eg, at Tenestdraingen min kain taa deg de traja Take,“ sa’n Ola og me di tok Tenestguten han treja Venda og kasta han paa Gard’n att-paa.

Da han Rasmus Stourust va 14 Aar arbeidde han eit lite Skaap, som enno er paa Stourust og ska vera godt gjort. Men de va Klukkmaakaar, han vilde bli og da han va 16 Aar reiste han aat Toten og gav se i Lære hjaa ein full-lærd Klukk-Maakaar og hjaa honom skulde han vera i 2 Aar. Da han Ola ha vore der ein Maana tykte han, at han ha ikje meir aa lære hjaa Mestare og dime rymde han utu Lærun, kom heim att og bar te aa gjera Stuguklukko. Og alle Klukkunn han Rasmus gjorde er kaar for se reine Mestarverk baade me stø Gong og me di, døm va saa vuruge, at døm enno gaar like visst og stø’ugt. Summe ’taa Klukkom hans vise Aarstal Maana’s-Namne, Vaksan og Tverran, Viku-Dag og Datom. Talskjivun paa Klukkom hans va stødt taa Kaapaar og han Rasmus va ein Mestar te aa graavaa døm ut, han grov di finaste Blomstre og Rose, Lannskap og Dyr, og denne Gravingje hans ska vera godt Arbei’ som peika dit, at de va Emne te ein egte Mestar me Gravstikkun i ’om.



Fig 23. Stuguklukke ette ’om Rasmus Stourust
paa Stourust i Sjaak, arbeidt 1789.
Fotografi ’taa Prest Neumann.

Denne Klukka, som de her er Bilæte ’taa, er no 118 Aar, men gaar enno like godt og ha all si Ti’ havt stø og jemn Gong. Han Rasmus dø berre 26 Aar gomol i 1791 og da skulde han ha arbeidt paa Lag 40 Stuguklukko.

Ein heitte Ommon Stourust va ou go Klukkmaakaar; han va gjift me Syster hans Rasmus Olsson, va fødd 1775 og gjekk Læra hjaa ’om Rasmus. Han ska ha gjort paa Lag 100 Klukko som alle va sporde for, aa vera støe te aa gaa og vuruge. Men han kunna ikje aa bruke Gravstikka paa den Gjerde, som Mestar’n sin, og difor er di meste Klukk-Talskjivunn hans maala. Han kjøpte Gard’n El’sæter i Lom og der er Ækte hans enno.