H. Aschehoug & Co. (s. 246-249).
Han Sjugurd Ølstad.

Ein ’taa di største Mestarom millom Bygdakonstnarom i Norddale va han Sjugurd Toresson Ølsta fraa Lesja. Han va fødd 1756 og va Gard-Gut paa Ølsta og Ækte ha butt paa Garde fraa langt attende i Ti’om; men han Sjugurd lika be’re Klukkmaakaar-Hannverke hell Gardsbruke, difor selde han Odelsgard’n sin og kjøpte att ein liten Gard heite Runningen og her livde han si Ti og dreiv Klukkmaakaar-Arbei’e te stadogt. Han Sjugurd Ølsta va ein egte Konstnar paa mange Lei’e, han las mykjy og gjorde ofte Ferde inn aat Kristian i Følgje me Handelskarom fraa Bygden; paa den Maatin lærde han mykjy for Arbei’e sine og fylgde me Framgongje i Hannverkje. I hans Ti’ lout Konst-Hannverkare ha Lov ’taa Øverheiten, te aa drive Hannverk i Bygdom, og han Sjugurd Ølsta fekk Brev fraa Amtmann Kr. Sommerfelt i 1789 paa, aa vera Klukkmaakaar „saalænge han gjør forsvarligt Arbeide for billig Betaling“.

Og „forsvarligt Arbeide“ gjorde han, de syne paa di, at Stuguklukkunn som finnst att ette ’om, enno er like o-slitne og gaar like stødt den Dag idag, hjaalp ikje, døm no er meir hell 100 Aar gamle. Klukkunn hans va namnsporde vidt og breidt og største Orde sto de ’taa „Song-Verkom“ hans, for de va naagaa nytt her i Bygdom den Ti’e og Ølsta’n ha visst tikji den Konste i By’n. Summe ’taa Klukkom sine gjorde han se utu Maata forr me; ei ’taa døm ha ein Honn øvst paa Talskjivun og for kaar Gong Ulukka knatt, blonka Honn me Ougom og naar ho slo, flekte han ’taa Tennom og knurra. Ei annor ei va enda konstogare gjord; i eit Opn[1] paa Talskjivun sto ei Bilæte ’taa Kristus og umkring de laag ein flat Ring som di tolv Apostlann sto paa. Detta va saales te-maata, at Apostlann viste se ikje oftare, hell naar Klukka slo, da gjekk de saa mange ’taa døm forbi Kristus, som Klukk-Slagje va mange te, og ette, som døm kom midt for Kristus, bøygde døm se for ’om. Baae desse Klukkunn er paa Vidde komne og ingen veit kaar døm no er. Songverkje i Klukkom hans er gjorde paa den Gjerde, at de er ein Bom me Tagge i, som i ein Speldaase, og desse Taggan driv smaae Haamaare; Hamrann slæ paa ronde Metal-Skaale som ligg paa Ra’ ette ein-a’an paa ein Aksar. Ølsta’n va saa kjyndog i

Fig. 22. Song-Verk ette ’om Sjugurd Ølsta arbeidt paa Lag 1794.
Læte, at han stilte Skaalinn i rette Maale og Bommen er sett saales, at kaar Gong Klukka slæ, kjøm Song-Verke me eit Vers firi Slagje og de skjifta me eit nytt Vers fjorde-kaar Time. ’Taa desse Song-Klukkunn hans finnst de no att 4 her i Nordbygdom, ei paa Lesja og 3 paa Vaagaa. Attaat Song-Verkje viste Klukkunn aat Ølsta’e Datom.

Da han Ellan Li’n reinska den fyste Ølsta-Klukka sa han: „Ja slikt Verk ha eg alder seett enno! – de finnst ikje ein slitin Tapp hell eit skakkt Tapp-Hol i di!“ og da ha ho gaatt i over 50 Aar. Ølsta’n va alder i Lære og all si Ambo gjorde han sjøl, allt Støypverke som skulde te aat Hjulom i Klukkom, støypte han sjøl og Urfjørinn gjorde han ou sjøl. Men de va ikje nokk me di, han arbeidde Stuguklukko, han gjorde nogre Lumm-Ur ou. Og Spel-Daase gjorde han fleire ’taa, som han selde utta’-bygdes, døm va nok i dyraste Lage, maa’ta, for Folk i Bygden i di Ti’om. Ver’sta’n sin ha Ølsta’n inni i Dagle-Stugun paa Runningje, og de er sagt, at Kjeringje va sinnt paa han naar han sat me Felun um Kveldann og stilte Fjørinn aat Spel-Daasom, ho fekk ikje saavaa, maa’ta, for di Læte, som ingen Ende tok.

Ølsta’n ha Hog te aa freiste mangt; imillom arbeidde han Riflo, han massing-rende Pipa paa, og døm va framifraa gjæve te Reins-Riflo. Naagaa Kniv-Haalke, han dreiv aa gjorde, va ou utu Maata gjæve, døm va „dam-reidde“ me ei Rute ’taa Jønn og ei ’taa Kaapaar hell Massing. Ein Gong fann han paa aa gjera ei Ve’r-Mølne og Gong-Verke va de nok ikje stor Sak aa gjera for ’om, men Vinn paa Lesja vart forr-hard og avlaagaa heile Verke. Sia’ gjorde han ei Hann-Kvenn som gjekk saa lett og va saa før, at de va radt aa maalaa ei Hal’tynne Kønn me henne paa ei Kvell-Seto.

Ein Bror hans Sjugurd Ølsta, heitte Hans, va ou go Klukk-Maakaar og gjorde ein Mengde Stuguklukko som de enno er att mange ’taa i Bygdom, men han va no ikje de Stor-Hugu, som Bror sin va og han bou alder te aa gjera Song-Klukko.

Han Sjugurd Ølsta dø 1810; Son hans va da berre 17 Aar men va allt den Gongen full-lærd Klukkmaakaar, berre han ha ikje lært ein eigje Maate, Far’n ha funne ut, aa herde Klukk-Fjøre og andre Staal-Fjøre paa. Ølsta’n ha lært ein ’taa Vennom sine den Herdtla og førr han do, paa-la han honom, aa lære Sone ho, men de gjorde ikje Mann, og saales saa tok Ølsta’n Konste me se i Grave. Son hans va go Klukkmaakaar og ha go Fortenest me Arbei’e; ein a’an Son do Urmaakaar i Trondem. Ei ’taa Døttom hans Sjugurd vart gjift me ’om Hans Hjorthøy, Son aat Preste paa Lesja, han livde Gardbrukar paa søre Nesttande paa Lesja. De livi enno att ’taa Ækten ette Ølsta’e paa Lesja, vælvørde og dugelege Folk.

  1. Opn (heitte ou Op): Opning, „Aabning“.