H. Aschehoug & Co. (s. 31-32).
Hav-Fruga.

I summe ’taa di vakraste Fjellvatnom budde Hav-Fruga, men de va reint eit Onders-Hende aa faa sjaa ho. Di Gongann ho viste se, sat ho stødt paa ein Stein ut-i Vattne og greidde de lange, gule Haare sitt. Haare henna slikte[1] som Silkje og mea ho heldt paa greidde upp di lange Lagdunn[2], va de jemnan ho song og den Songen henna lyddest saa nouande vakker. Ho ha ein framifraa vakker og vælskapt Kropp ne te-beltes, men nea’-for ha ho Fiske-Skapna.

Ve Flatningen va de ein Mann fraa Ner-Skaar, som raakaa te aa faa sjaa Hav-Fruga. Ho sat ut-i Ose, nakjin te-beltes og greidde Haare sitt og de blenkte paa de som Gull i Maargaa-Sol’n. Attaat song ho saa levandes vakkert, at Skaars-Mann vart staa’ande reint som fjettra og ly’e paa, han ha alder høyrt naagaa vakrar. Men enda tok han Børsa, han gjekk me, og skaut eit Skot paa ho – de va nok hard Gut, den Skaars-Mann. Hav-Fruga foor ikje ille ’taa Skote, men ho gav ’om ein Spaadom me di saamaa, ho duppa ne-i Vattne att, og den va ikje ’taa Go’o. „Ingen heppin Mann i Ner-Skaar skal bli te niande og tiande Le’!“ sa ho. Og ette di Spaadomme gjekk de ou, tes tiande Le’n va ut-li’in.

Detta saamaa henda ein Mann fraa Leine i Kvam, han fekk sjaa Hav-Fruga ve Furusjø’n. Ho ou, sat og song saa vakkert mea ho heldt paa aa fletta de gull-gule, lange Haare sitt i tvæ, store Fletto. Leine-Mann etla se ou te aa skjote paa ho, men saa ha han høyrt, at Hav-Fruga ska veta alle Ting, og no rann de for ’om, at han vilde spørgja ho ette naagaa, han ofta ha grunna paa. „Kaa som er sterkast te Tust[3]-Bann, du ?“ ropte han. „Kalv-Hals, din galne Mann! ha du enda sport, kaar de bli ’taa Bryggje-Vattne[4]!“ svaaraa ho. Me di saamaa skout han Per Leine paa ho og de er summe som si’, at han skout ’taa henne eine Fletta. „Farvel Flokk og Furusjø og Kol-Tjønninn baae! Ingen heppin Mann i Leine ska bli te niande og tiande Le’!“ sa Hav-Fruga og duppa se ne-i Vattne att. Sia ha ho alder synt se ve Furusø’n; men i Leine gjekk de ette Spaadomme henna.

  1. slikte, aa slikje: blenkje, „glindse“.
  2. Lagdunn, Flt. ’taa Lagde: Lokk.
  3. Tust: „Pleiel“, Tust-Bann: ei Ler-Reim som Slag-Vol’n er festa aat Hann-Vole me og som jemnan vil ruke sonn.
  4. Bryggje-Vattn: Vattne som Øle bli bryggja ’taa.