Um Trollkonste og Rooning. Trollkjeringo
I Gamelti-Verd’n va de mykjy ’taa Trolldom i Bygdom og i Byom ou, for di, og Nugun-kaar, baade Kare og Kvinnfolk, kunna Roonkonste saa døm gjorde Illt baade paa Folk og Krytyr og sette paa døm Sotte og Illsko, som enda antell me Doue hell Vann-Helse. Og paa saamaa Gjerde som døm senda ut Sott og Sjuke, kunde døm ou gjera aat for døm og setja Trolldom og Rooning att-ende saa døm ikje fekk Magt. Paa denne Visen vart de likesom Trolldomen stødt og ra’e slost ve se sjøl og den eine Roonkonste magtstal den andre. Den, som ha lært baade di meste og di største Konstinn, va den, som vann i Leikje.
Ingor Roonkonst va taa di Go’e og difor sto de ein Stygg ’taa alle, som foor me døm, ette di Folk visste, at Roonkalle og Trollkjeringo og slike, som viiste att[1] og gjorde ette[2], ha selt Sæle si og ikje aatte Von um Himmerik ette Doua. Difor skulde ein venta, at de va ’kje mange, som vilde yte baade Sæl og Salig- heit for aa lære di myrke Konstinn, men de va nok ikje saa faa lell, og de grummaste ’taa allt va de, at de va Kvinnfolkje, som mest lærde se te aa roone og trolle og bruke Svartkonste. Trollkjeringo va de nokk ’taa i alle Bygde, døm, ein minnst venta ou; mangei rik Gardmanns-Kjering, ja Prestfrugo teshell, va Trollkjering naar de berre kom for Dagen. Men døkk veit, døm freista ’taa all si Magt aa halde de dølt.
Den, som ha Hog te aa veta, kem som va Trollkjeringo i Bygden, han ha’ radt for, aa faa Greie paa di, naar han berre va hekkla nokk. De va berre aa gaa inni Kjørkja Jønsuku-Natte lite firi Midnatt, og setja se i ein Stol me ei rangvendt Jord-Torve paa Kronun og tri Malt-Konn imillom Tennom. Da va ein viss um aa faa sjaa kaar ei einaste Trollkjering, som i Bygden va, for Jønsuku-Natte lout døm ha Mot i Kjørkjun me Styggje sjøl. Døm samla se ute paa Kjørkjegarde, og Kjeringun kom ri’andes i louse Ve’re fraa alle Kante, alle rei’ paa Solve, Turu og Sleive, Grevskaft, Møkja-Reko og de, døm fyst ha funne. Naar Midnatts-Timin begjynda, kom døm gaa’ande i Ra inn-over Kjørkjegolve og de va ei skumle[3] Ferd aa sjaa paa. Firi gjekk Styggen sjøl og sia kom døm, ette som døm ha Rangen sin te; naar døm kom fram-aat Altare, dansa døm umkring han nogre Gongo og i Danse foor døm saa styggt og osømle aat, me saa stygge, motbo’ne Fagte og Avlæte, at ein fekk ikje vera veik i Hugustole, som skulde staa ut me aa sjaa paa.
Og ofte kunde Ein da faa sjaa baade Skjyll-Folk og Granne og goe Kjenninge; ja, Eingong va de ein, som fekk sjaa Mor si gjekk saa langt fram-i Ra’n, at ho va den femte hell sette nest ette Sjøl-Gute, da døm gjekk inn-over Kjørkjegolve.
Naar nogor vilde gjeva se inn te Trollkjering, gjekk ho fyst aat Kjørkjun ei Tordags-Natt og stakk lous ei Flis ’taa Kjørkjedør’n. Den Flise gjekk ho ut-paa ei Bru me, slepte ho ne-i Elve og sa desse Orde: No vil eg ette denne Dag ikje kaamaa nerar Gudsrikje, hell denne Flise kjøm Kjørkjedør’n att. Saa lout ho møte ei Natt i Kjørkjun aa bli skrivi inn-i Bokje hjaa ’om Gamel-Eirik. Da fekk ho lære di fyste Svartkonstinn’, fekk Troll-Katt og fekk Lov aa vera me i Jønsuku-Mote. Sia lærde ho meir og meir og steig i Rang, ette som ho va go-te gjera Styggje te-villis. Den Katten, som alle Trollkjeringo ha, va nok den støste Firi-Mon døm fekk, for han kunde døm setja dit, døm vilde og mest kaa de va kom han fraa aa gjera. Han drog te Husann allt, døm trongde og fraa kaa Stelle døm vilde, antell de va inna-bygdes hell utta-bygdes og han va de, som va Ærendsveinn deres naar døm senda ut Skot[4] og Finn-Kulo, hell gjorde Illt paa Folk og Fe.
Trøll-Katten fekk Folk jemnan sjaa; han saag ut som eit stort, graatt Ulltraa’-Nykkla[5] som trilla saa fort ette Marken, at de mest ikje gjekk an aa følgje ’om me Ougom. De va enda Ein, som skout ihel ein Trøll-Katt Eingong, langt att-ende mea de va tjukke Furuskogen i Vaagaa-Moom. Den Ti’e brukte døm Staal-Baagan aat all Vei’ing og no va de ein ong Gut, som ha vore ut-i Toll-Skogje i Vaagaa-Moom og skote Ikonn. Da han gjekk paa Heim-Lei’e att og kom ut-paa Sonn-brue, kom de trillande eit stort, graatt Nykla imots ve han og Guten la ei Pil paa Baagan og skout tverrt ihel detta Rokkla[6]. Men jou, de vart ei heit Skure aa staa for Gute – de kom ei Kjering aat ’om paa heilage Flekk, som ho skulde kaamaa ne utu louse Ve’re, saa stygg og sinnt, at de va tett-ve de gneista ’taa ’n. Ho laavaa om baade Sott og Sjukdom og tjugetals Olykko for de, han gjorde og de hjolpte ikje korkje Bøn hell Aarsaaking. Sist sa ho ve Guten, at disom han tagde still me dessa, som henda va, og alder gnustra eit Ord um de saalengje han livde, saa skulde ho sleppe ’om lell. Men sleppte han berre ut eit halvdrigji Ord um de, saa skulde han kaamaa te aa raatne levandes ’taa Verd’n. Guten laavaa væl ut aa tegja still me di og de heldt han ou, saa lengje, som Trollkjeringje livde; men da han høyrde, ho va me-rokjin tenkte han som saa, at da kunde de no ikje vera nugun Fare, um han fortalde de, han visste. Men ikje førr ha’ han gjete um de, saa vart han laak og sengjeliggjande og de enda ikje be’re me ’om, hell som Trollkjeringje sa, han raatna ’taa Verd’n.
Mest stødt ha Trollkjeringunn Katten sin ute paa ei Lei’, og mykjy attaat foor han i Fjosom og tok Mjolk ’taa beste Mjolke-Kjyom paa Gardom. Da va de summe Ti’e han soug se saa full, at han orka ikje ha me se allt, men lout gje fraa se att naagaa. De han da spydd upp att, saag ut som Smør og Folk kalla de au Trøllkatt-Smør hell Trøllkatt-Spy. Ein kan ofte sjaa de, den Dag idag, han legg de stødt fraa se antell i Grase, hell paa gamle Timberstokke og Stubbe. Me desse Trøllkatt-Smøre let de se gjera, aa tvinge fram ho, som eig Katten, saa ho lyt vise se um ho er alder saa langt i Fraa-Vere. De gaar te paa den Maatin, at Ein tek Trøllkatt-Smør og fylle ei Nykjyl-Pipe me, tetta Pipa væl me ei Jønn-Topp[7], legg Nykjyl’n i Eld’n og brenne, te han bli kvit-gloandes. Da vaaraa de ikje mykjy lengje, førr Trollkjeringje lyt fram. Men de kan vera eit Vaaga-Spel aa brenne Trøllkatt-Smør, disom Ein ikje veit rette Umgangs-Maatin, for Trollkjeringje er farle, naar ho kjøm, um ho ikje bli magtstole me di saamaa. Og for aa taakaa Magte fraa ’n lyt Ein vera te-rei’e faa ut Blo’e paa ’n, da eig ho ikje nogor Magt meir. De er enno nogre Me’, som Ein lyt agte paa me Brenningen; de ska gjerast ein To’sdags-Kvell og den, som brenne, ska korkje læje hell taalaa eit Ord, berre Ein dreg paa Smil’n, saa mislykkas de me Brenningen og Trollkjeringje bli ikje tvinga fram.
De va tvo Kare Eingong, som vart hoga te aa brenne Trøllkatt-Smør ei To’sdagsnatt, for døm ha’ ein lei Tru paa, at ei Kjering i Heimgrenn deres va Trollkjering. Døm laagaa se paa me di i Skogje og tok se godt Tak me Allt, saa de ikje skulde skjeivast. Den eine heldt se ferdog te aa vekkje Trollkjeringen Blo’, naar ho kom, og den andre sette se paa ei Ne-Lægje for aa ha Ougun ette, kaa Kant ho kom fraa. De tok Ti’ førr ho kom og han, som sat paa Laagen, vart sømjug. Best de va rann Sømn paa han saa han rei’ att-aa-bak ivi Laagje og Fota-Bla’e hans sto ende te-vers; detta vart saa løyle aa sjaa for di hine, at han lout skratte aat di. Men da ska du ha Takk! – Karann fekk ha Stræve for inkje.
Tvo andre i di saamaa Grenn ha be’re Lykke me se. De va den saamaa Kjeringje døm vilde tvinge fram og Brenningje ha døm, ou, forr se ute i Skogje. Ho kom ikje snøggt, enda Nykjyl-Pipa laag der og kvit-glødde i lang Ti’, men endele kom ho drivande som eit sterkt Ve’r saa Sveittin tilla og droup ’taa ’n, og nettup ho, døm ha Tankjin paa, va de, ou. Ho gjorde Læte og sporde ette Drykkje-Kalvom sine, døm ha vorte burte, sa ho, og saa sporde ho, um døm ha Vatn, for ho va saa fælt tyrst. Den eine va te-rei’e aa kaamaa me ein Vats-Bolle og me di saamaa han retta henne Bollin, lest han aa missføta se, greip forr se me eine Haann og klønte Hol paa Kjeringje onde eine Ougae saa Bloe rann. Da ho ha drukkje se otyrst, gjekk ho sin Veg, men ho ga døm kalde Ougkast, da ho gjekk fraa døm.
Skje’svoll-Skulin va no stødt slik Kar te aa vilja freiste allt me slike Ting, han; aa ja, han kunna no meir hell anna Folk, ou, de er no ikje be’re aa seja, hell de va, de. Og Eingonø fekk han me se tvo Kare og gjekk aat Vaagaa-Kjørkjun Jønsuku- Natte og vilde sjaa paa Trollkjeringunn – aa han va hekkla Gut, maa’ta, Skjes’voll’in. Ja døm gjekk uppaa eitt ’taa Overloupom og sette se me ei rangvenda Jord-Torve paa Kronun og tri Malt-Konn imillom Tennom. Og da Mi’natts-Timin va ute, kom Styggen sjøl inn-ivi Kjørkjegolve me heile Rei’n ette se – de va nok ein fæl Hop han ha me se ou. Den eine ’taa di tvo, Skje’svoll’in ha me se, vart saa illhyffsin og redd, at han heldt paa vilde o-veta og Huva hans datt ’taa ’om og ne-paa Kjørkegolve. Men da va Skje’svoll’in saa hekkla, at han slepte se ne etter Hendom og tok att Huva. Men døm fekk sjaa meir hell ei Kjering i Mote, som døm ikje ha venta og døm vilde alder gjeta, kem som va me; døm sa de, at alder ha døm tenkt se, at de fanst saa mange Trollkjeringo i Bygden.
Aa jou, døm ha nok naagaa aa faaraa i, Folke, naar døm i gamle Daagaa bar slik Otte paa se for Trollkjeringom og Roon-Konstom deres. Ein kan skjøne, døm ha vore ille ute for desse Troll-Skape, me di døm va saa vare me aa setja Kross paa kaar ein Ting, døm brukte, baade i Stugu og Stabur, i Bu og Kjellar. For naar Krossen sto paa ein Ting, saa ha ikje Trollkjeringje Magt te aa taakaa si Hand i han, lenger, og difor skar døm Kross paa Koppe og Kjer, Sleive og Turu og alle di Ting, som i Bruk va. Berre de vart gjort ein ny Solv, slo Solve-Maakaar’n ein Kross me Tollknive ivi Kvost’n, hell han gjekk ut me Solve og krossa ivi han me sitt eigje Vatn, for de gjorde saamaa Gagne. Gløymde Folk aa setja Kross paa slike Ting, saa kunde Trollkjeringje kaamaa og bruke døm te Ri’hest Jønsuku-Natte og sto ikje Krossen paa Mjolke-Kollo, Æmbære og Fat, saa ha Trollkatten Magt te aa draagaa ’taa di, som i døm va.
De va ei fæl Magt døm ha, summe ’taa desse stygge Trollkjeringom og um Folk va alder saa vare, visste døm ikje Orde taa, førr de va kome Ofoll[8] paa Folk hell Krytyr og vissa va de Krytyre, Trollkjeringum va saa ferdoge te aa gjera illt paa, trast de va Nugun, døm vilde hemne se paa. Um Krytyre va saa friske, at døm gjekk i einn Dans utu Fjose um Maargaan naar døm vart løyste, taa Baase, kunde de radt hende i saamaa Tima, at ei ’taa beste Kjyom kom inni ein Troll-Gust[9] og vart staa-ande der og skjølve, trutna upp kring Ougun og fekk ikje i se eit Straa. Um Ein da vart var di trast og ha lært saapass, at han tok ein Halm-Tytsjyl, sette Varme i og foor tri Gongo rangsøles umkring de laake Krytyre me ’om, hell um ein aatte lite Sylater-Krut aa ha i de, saa va de jemnast Gusten sleppte og Krytyre bergast. Verre va de, disom de va Finnkule hell Skott, da va de ikje anna forr, hell faa i Ein, som ha lært gjera aat og som va go-te aa setja Trolldomen att-ende. Men de va ikje tjukkt ’taa døm, som ha lært di Aatgjerdinn og ikje ha Folk Hog paa aa lære døm hell, for de va naagaa Bønne[10] utu Svart-Boken som vilde te. Di Bønninn las døm ivi ein Kopp me Salt og sondagsmale Mjøl som døm rørde i me ein berr-stæld Kniv og ein Kniv vart antell drivi inni Fjosveggen upp-ivi Krytyre, hell lagt imillom Hønnom. Va ikje Skote hell Finn-Kula kome forr langt inni Kroppen, saa kunde de hende døm lout att-ende og da stokk de eit Liv ista’n hjaa den, som va Upphave, men jemnast mona de ikje Mot-Raae for Skott og Finn-Kule.
De va paa mange Vis Trolldommen kom, og Folk kjende se alder trygge korkje for Smaatt hell Stort. Der kunde Øyken faa Trollrev[11] mea han sto i Skjækom, saa braadt som de skulde vore kasta paa han, og der kunde Sou og Gjeit faa Braasott og døye me Tuggunn i Kjefte. Nyborne Kalven, som va saa frisk, han dansa i Binga, kunde i saamaa Tima faa Renn’spena[12] saa han sto som ein Hekt-Krok og remja verre, hell han skulde havt Varme i Innvolde. Jou, de va nok ikje aa ondrast ivi, at Folk tok se va’r og brukte di Raa’inn døm visste for aa halde Roon og Trolldom ’taa se. Krossen og Staale og Varmin va di tri Tingje, som varde vissast mot di Vonde og di Raa’inn kunde da alle og kaar bruke.
Men no va de ikje berre Trollkjeringunn og Roon-Kallann inna-bygdes di Gamle ha aa ottast forr, de foor aa rakte Finne og Finn-Tøkjo baade ei Ti og annor, og døm va no di aller-verste. Um Nugun gjorde se Ovinni me døm, glatt de alder, at døm hemnde se og de saa hardt, at de sprang baade Liv og Helse og Vælferd. For nogre Manns-Minne sia foor de ein gomol Finne i Lalms-Gardom; han gjekk og ba aat se og da han kom aat Rottem va de saa seint paa Dagje, at han ba um Hus te Natten. Men de vart nekta. Da gjekk han burti Døre, heldt i Døra-Honka og spaadde di Garde ei laak Heppe fram-igjønom Ti’e. „Her te-gards ska de ingen Mann bli lang-verande!“ sa han, „den eine kaamaa og den andre fly Rottem som fjørlouse Kraako!“ Og sia ha de vore berre Umskifting me Eigarom paa Rottem. Fraa Rottem gjekk Finnin aat Skaar og ba um Hus, men Kjeringje sa Nei. Paa de tok han upp tvæ Flise ’taa Golve, la døm ikross og kasta den vetle Krossen burti Sengje: „der skal Krossen liggje!“ sa han og gjekk te-dørs. Trast ette vart Kjeringje liggjande te-sengs og laag i aar-vis te ho va berre Skjinn og Bein og saag ut som ein Bein-Kross da ho endele slapp utu[13].
Døm va no namnsporde ou, Finnann all sin Dag for Roon-Konstinn sine. Og saa ho Lisbit Nupom! ho va no full den verste Trollkjeringje, som ha livt her i Verd’n, ette som de er fortalt. Ho kom fraa aa gjera, mest kaa ho vilde, og døm sa, at ho drog aat se Krytyr i louse Ve’re fraa andre Bygd-Lag, dit ho budde norda’ Fjelle. „De va Fan’ te Førkje!“ sa Valdersen um ho Lisbit, „ho drog Kalvadn i louse Ve’re saa de skrangla i Bjødlo.“ Trøll-Katten henna foor Verde ronnt og han skulde jemnan vera paa Bjølsta i Heidale og draagaa Mjolk og Rumme der fraa. Ein Kvell ho og Ongann skulde leggje se, va de ein ’taa Ongom som ylde og skreik og va saa rang, at han vilde ikje let se stagge. „Graat ikje no, Baan – imorgo ska du faa Kjitilost ’taa ’n Dromle Bjølsta!“ sa ho Lisbit, de va Bjøllkue paa Bjølsta, som heitte saales. Ho brukte de saa, at ho hengde tome Kjel’n paa Skjerdingje um Kvell’n naar ho la se og um Maargaan, naar ho sto upp att, hekk han full me feit Kjitilost. Men denne Gongen ho laavaa Baane sine Kjitilost ’taa henne Dromle paa Bjølsta, gjekk de imiss – da ho kom upp um Maargaan hekk Kjel’n full me Kumøk. „Tvi!“ sa ho Lisbit, „døm ha’ faatt klokare Budeie no, paa Bjølsta, hell den, døm ha førr: ho ha tikji eit Tak i Skamm-Felle fyst førr ho tok i Ku-Pappin.“– Difor ska stødt Budeia, naar ho mjolka, fyst taakaa me Klypun ne-i Skamm-Felle, førr ho tek i Ku-Pappin, for da kan ikje Trollkjeringje gagne se ’taa Mjolken. Ja, rett ho Lisbit Nupom! de va no ikje Maat paa, kaa ho ha’ Magt te gjera: ho hengde radt Mjolke-Bytta paa ein Hæl utta Fjos-Døri og mjolka den Kue, ho vilde i Fjose, berre saa Frou’n sto i Byttun! Men ho maatte akte se aa ikje mjolke forr lengje, for heldt ho paa, te de kom Blo i Bytta, saa laag Kue dou i Baase. Men no ha de full hell-ikje vore Maakan henna Lisbit Nupom, vidt og breidt.
Va de mesta Kvinnfolkje, som selde Sæle si for aa lære Trolldom og Rooning, saa fanst de nok ikje saa faa Karfolk hell, som foor me di; men de va paa ei naagaa annor Gjerd me døm. Antell ha døm rette Svart-Bokje hell døm ha Upp-Skryfte utu ’n og der tok døm Konstin sine. No va nok ikje de naagaa be’re, saales, for te siste Slutt enda de nok paa saamaa Visen me døm som me Trollkjeringom og baae lout setja Sæle i Pant for Lærdommen sin. Men Ein høyrde alder te, at Roon-Kalle og Aatgjerds-Menn ha Mot me Gamla sjøl saales, som Trollkjeringunn kaar Jønsuku-Natt. Lell fylgde de ein lei Tokkje og ein otyle Bøv me alle, som ha Svart-Bokje og foor me Roon-Konste, Folk ha alder naagaa Godt aat døm, men alle bar Redd-Aagaa for døm og vilde nau’le gjera se te ovens me slike Folk. For de va de ou, maa’ta, at døm ofte va goe aa finne, naar de va naagaa, som sto paa me Folk hell Krytyr, antell de galdt aa gjera ette, stemne Blo og mange slike Te-Fall, hell de va Skott og Finn-Kulo og Illt-paa-gjort som skulde setjast att-ende. Og de va mesta Karfolk som alle søkte Raa’e hjaa, baade mot eitt og anna, alle skjydde Trollkjeringunn, hjolp ikje døm va sagte i kaar ein Sta saa raa’oge døm, som Roon-Kallann. Dette kom se mykjy ’taa di, at Trollkjeringunn stødt brukte Konste si te di, som Illt va og te sin eigjin Mon og Gagn; Roon-Kallann, døm brukte Konste meire te Hjolp og Gagn for andre. Um summe ’taa døm gjekk nok de Orde, at døm ha ei Dragdaakke, men Trøllkatt ha de alder vore nemnt, at døm ha, den høyrde berre Trollkjeringom te. Elles va døm ikje Roon-Kalle og Trollkjeringo alle døm, som kunde gjeva Folk goe Raa’e og gjera aat for Sott og Sjuko, Illsko og Uheppo. De va mange som ha faatt me-fødde Gaavo te slikt, um døm korkje ha’ Svart-Bokje hell ha’ gjeve se inn te Trollkjering. Alle som va Fromsinge[14] og va te-komne ei To’sdags-Natt ha ein Firi-Mon framum Andre paa den Hande; enno meire døm, som va fødde me Seier-Huve[15] hell som va fødde ei Høgti’s-Natt. Og saa va de mange, som aatte ein og a’an dou Tingen som de va Hels-Bot og Lækje-Dom i, slikt som Dverge-Smi’ og Eitt og Anna, som ha gaatt i Arv tri Gongo. Ein Tre-Bismar, som ha gaat i Arv i saamaa Ækten tri Gongo og som de ha vore vogje tri nyfødde Gut-Baan me, ha Lækje-Dom i se mot Valk[16], og naar eit Baan, som ha den Sjuka, vart vogje tri To’sdags-Kvelde ette ein a’an paa ein slik Bismar, va de jemnast døm kom se; døm tyngdes heile Maarkje millom kaar Gong. Og ha Ein ei Kjiste som va jønna me Kopp-Spikar[17] og ha’ gaatt i Arv tri Gongo, va ho ei go Raa’ for Kjist-Kule[18]; ha eit Baan den Sjuka, va de berre aa leggje de snoggt ne-i Kjista, tri To’sdags-Kvelde, da tok Kulann te aa gaa burt att. Gamle Sverd, Arve-Sylv og Ting, som va funne i Hei’in-Houg gjorde stødt Mon baade for Saar og Sott, baade for Vre’ og Verk.
Va de ei Kjering, som ha mælt eit Lik, saa kunde ho sia mæle baade for Gul-Sott og Mol-Sott og Svin-Sott, og likesaa kunde ho hogge utu Rena utu Hann og Fot. Ho lout nok kunna eit Par stutte Bønne, men i døm va de berre Namne henna Jomfru Maria og reine Guds-Orde attaat.
- ↑ viiste att, aa viise att: syne fram doue Folk.
- ↑ gjera ette: tvinge fram att stolne Ting hell viise kaar døm va.
- ↑ skumle: myrk, otokka.
- ↑ Skot, Finn-Skot: Braasjuke paa Nout, jemnan „Miltbrand“. Upphave aat desse Sjukun va mest stødt Finn-Kula, ei hard, ronn Kule som va ihoptøvd ’taa Folkehaar, Nouthaar, klypte Neg’l o. m.
- ↑ Nykkla: Nysta.
- ↑ Rokkla: ronn, bustot Ting.
- ↑ Jønn-Topp; ei Topp: „Prop“.
- ↑ Ofoll: Oheppe.
- ↑ Troll-Gust: litol Vinn-Flogo som Trollkjeringo og Roon-Kalle senda ut og som bar Sott og Sjuko me se.
- ↑ Bønne: her Troll-Bønne, „Besværgelser“.
- ↑ Trollrev (Trollree): hard Maagaa-Sjukdom hjaa Øykjom.
- ↑ Renn’spena: Kalvsjuke; Sjuke i Maagaa, Knip.
- ↑ slapp utu: aa sleppe utu er mykjy brukt um aa døye (sleppe utu Verd’n).
- ↑ Fromsinge, ein Fromsing: fyst fødd.
- ↑ Seier-Huve: Fostr-Hinna paa Hugue paa ein Ny-Fø’ing.
- ↑ Valk: den engelske Sjuka.
- ↑ Kjist-Kule: Bolder („Bylder“) hell smaae, ronde Kule, som Smaa-Baan jemnan fær fleire Sta’ann paa Kroppe; døm likna Kopp-Spikar paa Skapna.
- ↑ Kopp-Spikar: Spikar me ronde og kuvne Hugu i Jønningen paa gamle Kjisto, Døragong-Jønn o. m.