Hellelykkjin
Han Hans Hellelykkjun va fødd i ein Plass onde Helle paa Lag 1800 og va ein overlag glup Snikker. I Lære va han ikje, de nugun veit ’taa, men ’tok de ’taa se sjøl, all Vegen. De han sers va Mestar te aa arbei’e, va Skattoll og Klukk-Kasso og Skattolle hans syne se utu vissa me di, at han jemnast raakaa saa gløgt rette Samsvare millom Høgd og Breidd og alle andre Maal. Og Skaap-Kollann hans er mangein Gong smaae Mestar-Verk.
Han gjorde stødt S-møna
Fig. 33. Skattoll ette ’om Hans Hellelykkjun maala ’taa Valle-Karom.
Koll paa Skattollom
sine me eit utskaare Spir
øvst paa, der S-ann møtest;
Spire ha Bla’-Skurd som
va baade vakker og fin.
De ska eit gløgt Ouga te,
aa finne rette Skapna’n
paa S-om aat ein Skaap-Koll.
Bli døm for-rake
og slakke, saa er heile
Koll’n utskjemd, og bli døm
for-tverre og risne, saa er
ikje de saa mykjy likar;
men te aa raame rette
Maatin me di, va han
Hans Hellelykkjun ein
heil Kolv. Han va go
Treskjerar og skar ein rein
og vælskaapaa Krill-Krot
som likna mykjy Skurde
aat Sæterdøle. Treskjei-Maakaar
va han visst den
beste, Bygde ha aatt, og
de er gale, at Skjei-Gjerde
hans no er vorte burtgløymd.
Te aa gjera
Høvl-Stokke va han namnspord
me di, han ha eit
eigje Maat me aa finne de høvlege Rese[1] aat Tennom, saa alle
Høvlann han gjorde va framifraa lett-beitte; mange freiste aa vilde faa ’taa ’om den Konste, men han vilde alder sleppe ho
fraa se. Hellelykkjin va ein stor Fleip og ein morosamd Selle
som de enno gaar att Hermo ette. Han dø umkring 1858.
Ein Brorson hans va Faaming men va enda framifraa te aa skjera ut. I mange Aar va han fast-bonde me eit Jønnlekkje att-aat Veggje og fekk ikje haa naagaa kvast i Hendom. Men me ein Spikar han kvatte Egg i og ei Tre-Smolo, han fann se, skar han ut Ting saa vakre, at de er mest Oraa’ tru, at døm er arbeidde me slik Ambo. I siste Aarom sine fekk han vera lous og fekk haa Kniv som han sjøl vilde, for han vart meire fre’ele me Aarom. Og da skar han mykjy, som va egte vakkert Arbei’. De lout liggje naagaa i di Æͤkten, ein Evne paa den Hande, som va døm i Kroppen bore.
Mest paa saamaa Gjerde va de me ein heitte Eistin Synsteng uppi Vaagaa-Skogbygden; han vart ou halv-faamot da han va væl vaksin, men ikje saa, at han lout heldast i Bann og Tvang. Han Eistin vart reint folkestygg, og budde i Einverun all sin Dag; i mange Aar budde han moande einsle i Jønndale, ein Fjelldal millom Vaagaa og Dovre. Og seint og ti’le dreiv han og skar ut Sleive, Skjei’e, Knivskaft og alle moglege Smaating, han selde for go Betaling. Ein Vaar reiste han saa stoms fraa Jønndale, at alle trudde, han antell ha gjort inkort ve se, hell gaatt te i ei Olykke, da Folk sist vart var, at han va burte. Men da ha han Eistin tikji ne aat Sjøkante og heldt se i Kristianssonn i mange Aar. Der ha han go Avsetna paa Arbei’e sine og la se upp lite Pening. Daa sine gamle Daagaa fekk han setja se upp ei orlitol Stuguhytte i Toulsta-Skriun og her budde han i 14–15 Aar og dreiv saamaa Arbei’e. Han va dyr paa Arbei’e sine og de sa han sjøl ou: „de er reint for dyrt, maa’ta, jabbe er de saa, men de va den Prisen paa di ne-paa desse By-Gatun“ (Kristianssonn), sa ’n og den kunde han ikje vikje fraa.
Skurden hans Eistin va Krill-Skurd, men han veik mykjy av fraa di eldre Dølaskurde. De va ein nyare Sveip paa ’om og de kan vera, han ha faatt i se ei Mønster ne-paa „By-Gatun“ som ha trøngt Døla-Gjerde attum hjaa ’om. Um han dreiv me Treskjering førr han vart rar, er ikje kjennt, men ein vælhendt Kar va han og Skurd’n hans la se godt paa allt, han gjorde.
- ↑ Res (Rees): Helling, Stiging: „Vinkel“.