Ho Anne Kleppe
For nogre Manns-Aldre sia va de ei Jente paa Nordigard Kleppe, som va den vakkraste ’taa døm, som gjekk aat Vaagaa-Kjørkjun i henna Daagaa, og ho fekk meir hell eitt Ouga hjaa Gutom, der ho gjekk. Men ingen ha høyrt, at de va nugun ho ha kaasaa se ut og som ho ha de visst me.
Um Saamrann va ho Budeie i Kleppe-Sæter’n og um Houstann naar ho va heim-komin og rei’ Budei-Messa[1], va ho saa roulett og levandes frisk i Hamlet, som ein Blomme. Alle taalaa um vakkre og tylege Kleppe-Jenta.
Men ein Houst ho kom att fraa Sæter’n, va ho ikje meir lik se, hell alder de va; ho va baade bleik og inn-fulle i Kjinnom og saa still og sturinn, at ho ikje saag ut te aa bry se um nugun Ting meir. Og saales gjekk ho heile Vinter’n igjønom og va ikje go-te kaamaa i de gamle Lage att. Detta lout Folk ondras ivi og sins-imillom taalaa døm um, at de lout vera naagaa Dølt[2] ho Anne gjekk og verkte me, men kaa de va, som grov og gnog ho, te ho vart som ein Skuggje, kunde ingen utgrunne. Folke paa Garde fretta ho ette kaa de va, ho gjorde se saa illt ’taa, men da vart de berre Graat me henne og naagaa meir fekk døm alder utu henne. Da de lei’ te Vaars, saag de ut te aa bli enda meire tongt og ohøgt for henne og summe Ti’e va de likt te, aa leite reint paa Vete henna, saa de va illt aa sjaa.
De lei’ saa langt, at Krytyre va fram-paa Tuva komne; da va de ein Dag ho Anne, og ei annor Jente, skulde sleppe Krytyrom um Maargaan og da døm lette att Gjeil-Grinde ette se, vart de att eit Lamb i Gjeila. Da More sakna Lambe sine, vart ho mest galin og kom att-ende og freista tvinge se gjønom Grinnde. „Nei, sjaa de hei’ne Beiste kaar redd ho er for Sine! Enn eg, da, som gjorde Ende paa Mine!“ sa ho Anne da ho saag, kaar kjær Sjedda[3] va um Føstre sitt. Og da ho sa di Orde, vatt ho Fingre sine og va likt te aa halde paa ormektas[4] ’taa Anger og Sorg.
Saales bar ho sjøl upp, me di, som ha liggji og gnagje paa Hjerta henne heile, lange Vinter’n. Folk sto som klomsa, da døm sporde de og alle tykte, de va ikje Raa’ skapt, at ho Anne ha gjort naagaa saa kjøylsle[5] ’taa si eigje Raa’.
Ho Anne kom for Retten og ho sto ve, at ho ha født i Dølsmaal og gjort Ende paa Fostre. Men naagaa meir um kem, som va Baan-Far og kaarles de elles ha gaat forr se, fannst de ikje Raa’, ho vilde gjeva Grei’e paa. Missgjerde ha ho gjort; men ho va oskjyldog i di, sa ho, og ho ba berre um aa faa Dommen sin og li’ for de, ho ha gjort. Dommen lydde paa, at ho skulde avlivast me Sverd. Fraa di han fall og te ho Anne skulde rettas, va ho heime paa Kleppe; ho va saa framifraa vælhennt og for aa faa Ti’e te aa gaa, sat ho og soma Krota-Som[6]. Og saa va ho go te aa laate paa Langspel; naar Tankann vilde forr-gaa ho, tok ho Langspele og song og leet saa baade ho sjøl og døm, som lydde paa, vart graatande. Saa va de ein Efta, ho Anne sat me Some sine i Ellhuse hjaa ei Bakstar-Kjering, som heldt paa baakaa te Saamaars. Ho ha enda nere ferdog ei utsoma Hals-Linning, som va framifraa fin og forr-se-gjord. Best døm sat, vart døm var ein framon, byklædd Kar kom ri’ande te-gards. Ho Anne vart kvit-bleik og sa: „Aa, der kjøm hann, som ska taakaa Live mitt!“ me di saamaa stakk ho den fine Hals-Linningje onde Bagsthella.
Og de va som ho sa, de va Rettarmann, ein ong, stout Kar fraa Kristian. Allt Dagen ette skulde ho Anne av-livas i Vaagaa-Mo og Rettarmann vilde sjaa og taalaa ve ho firi-aat. Da han ha taalaa ve ho ei Stonn bou han henne te, aa frelse Live henna, um ho vilde bli Kjeringje hans, for han va ogjift og ha Rett te aa taakaa fri eit livsdømt Kvinnfolk, naar han vilde gjifte se me henne. Og ho Anne fekk han Hog aat me di saamaa, han saag ho. Men ho vilde ikje – de hjelpte ikje kaar mykjy han og di andre baade ba ho og talde for henne. Ho vilde li’ Straffe si, elles fekk ho alder Fre’; men oskjyldog va ho, de sa ho ve Rettarmann, ou.
Natte ette sat ho Anne me Langspele paa Fangje og leet og song all Natte og att-aat greet ho, saa Taarann silla som Bækkje ne-over Kjinninn. Alle, som høyrde og saag ho Anne Kleppe den siste Natte, ho livde, døm gløymde de alder meir i sine Leve-Daagaa.
Da ho kom paa Rettar-Sta’n um Maargaan, va ho stø og role. Da ho gjekk fram og skulde onde Sverde, sa ho saa høgt, at de høyrdes ’taa Muga[7], at ho ha ikje Skull i O-Gjerningje ho ha gjort og no vilde ho ynskje, at den, som bar Skudle lout bli slik, at alle kunde sjaa kem de va. „Og er eg skullfri,“ sa ho, „saa skal de vekse upp tri Tre me Frugt paa Graven mine; er eg skuldog, skal ho bli liggjande snou og svart forutta eit grønt Straa!“ Saa fall Hogge og ho Anne Kleppe ha gjort fraa se.
Rettarmann ha gjort de, han va tvinga te aa gjera, men detta gjekk saa inn-aat ’om[8], at han vart lei se sjøl og tykte, de gjekk ikje an aa leva meir. Dime gjekk han beinast uppaa Skagsnebb og stupte se ut-ivi. Den, som ha tvinga ho Anne Kleppe te aa avlive Føstre sitt, va ein som heitte Gunna fraa Fellese[9]. Saamaa Dagen, ho vart retta, gjekk han uppi Sondstein og sto saag paa den store Folkjemugjin i Vaagaa-Mo som ha kringa se umkring Rettar-Sta’n. Best han sto der, kjennde han ein Styng i eine Armen og fraa di Stonn ha han ikje ein Helse-Dag. Han fekk ei stygg, olækjeleg Sjuke og sist raatna han ’taa Verd’n.
Men paa Graven henna Anne Kleppe voks de upp ei Rogn, ein Hegg og ei Bringjebær-Kjørr og for væl ein Manns-Alder sia livde de gamle Folk, som ofte saag di tri Vekste paa Graven.
Merkna. Saales, som her firi-aat er fortald, ha Orde um ho Anne Kleppe gaatt i Bygden den siste Manns-Alder’n. Men Hendingje som ho gjekk te og som enno finns i Retts-Bøkom, vikje hardle i Mykjy og Mangt. Og de kjøm se mykjy ’taa di, at han Johan Storm Wang i 1823 tok Bygda-Orde um ho Anne Kleppe og dikta um, reint villt, te ei lang Forteljiing. Wang va Vag-Ver og Bokje hans vart kjennd i Bygden millom Venne og Kjenninge, dime tok Ongdommen og skjefta[10] inn-i de gamle Minne eit og anna, utu Forteljingen aat Wang og paa den Visen er Folke-Minne um ho Anne Kleppe vorte lite avlaagaa.
Ette Rettsboken fraa 1676 heitte ho Anne Kleppe Anne Jørnsdotter og va ei fattig Jente fraa uppi Skogbygden og de ser ut te, at Foreldri henna va avfullne. Fraa Saamaarmaal 1675 te Saamaarmaal 1676 tente ho paa Øver-Øy og der paa Garde aatte ho eit levandes Gutbaan ei Ti firi Saamaardagje. Baane kvevde ho me di saamaa og la de inn-onde Laavin paa Øy. Nogre Daagaa ette, tok ho Baane att, la se sjuk og fortalde Kvinnfolkom paa Garde, at ho ha født eit dø-født Baan. Men Kjeringje paa Garde og andre Kvinnfolk som saag paa Baane skjøna trast, at de ikke va rett paa Ferd og ho Anne vart mellt. Paa di fyste Forhøyre va ho stri paa, at ho sa sannt, men paa di neste nogre Daagaa ette, sto ho te allt fraa fyst te sist og va reint fraa se sjøl ’taa Sorg og Anger. Baan-Far’n va yngste Son paa Fellese, han Gunna Hansson. Han ha nogre Gongo vore rang og vilja nekta vera Baan-Far, men ho sa for Rette, at han korkje ha lokka hell truga ho te, aa avlive Baane. Men han ha talt ho te aa drive Fostre og te di let han ho Eingong faa naagaa Kveksylv „udi en Pennefjæder som hun skulde tage ind, det hun ogsaa gjorde hvorfor hun efter hans Begjæring gav ham tolv Skilling“. For Rette ba ho um, at ho maatte bli dømt av me Live snøggast, som va møg’le, da ho stonda ette, aa faa li’ for Ogjerde si og ho ba døm, som sat Retten og alle som i Huse va, at døm vilde bea te Gu’ for henne. Heimretten dømde ho Anne te aa rettas me Sverd, men alle Livs-Sakje lout inn for Lagtinge og i Millomti’n sat ho hjaa Le’smanne paa Kleppe. Taa Sorg og Anger vart ho sengjeliggjande, og ho va ikje saa go, ho kunde møte paa Lagtingje paa Storhaamaar ve Martinsmess[11]. Fyst hitt Aare i Mai 1677 va ho saapass, at ho sto ut me aa gjera den lange Ferde. Paa Lagtingje sa ho de saamaa heilt ut, som ve Heimretten og ba berre um aa bli dømd av me Live. Da Lagmann, Jørgen Fillipsøn, sporde ho, kaafor ho tok Live ’taa Baane, svaaraa ho, at ho den Gongen tykte, at ho orka ikje føde baade se og Baane.
Fyst den 9de Juni 1677 vart ho Anne Jørnsdotter avretta me Sverd i Vaagaa-Mo. Saales ha ho sute Fange paa Kleppe i meir hell eitt Aar og ’taa di kjøm de se, at ho i Folke-Minne ha heitt Anne Kleppe. Og i desse Ti’n ha ho faatt Folkehogen aat se, meir hell nugun, de ha gaatt Fraa-Segun um i Bygden.
Han Gunna Fellese som ikje va heilt skuld-fri i dessa, va inn-stemnd aat Lagtingje; men han møtte ikje og for de vart han dømd te aa bøte 8 Ørtuger og 13 Mark Sylv[12]. Han Gunna ha Ne’falls-Sott[13]; ette de kom upp, kaarles han ha bore se aat me di fatige Tenestjentun, fekk han Vann-Vørdna ’taa alle Folk og de ser ut te, at de vart berre Tuffs me ’om inna’ snøgge Ti’inn.
- ↑ Fyste Sonda’n ette Budeiunn kom heim ’taa Sætrom um Housten (fyst i Oktober) va de fast Skjikk, at døm fekk Ri’hest aat Kjørkjun og „rei’ Budei-Messa“.
- ↑ Dølt: Løynt.
- ↑ Sjedde: Ho ’taa Slagje ’taa Soue.
- ↑ ormektas: avmagtas, felle burt.
- ↑ kjøylsle: kaldsle, fælt.
- ↑ Krota-Som: Ut-Soming, „Brodering“.
- ↑ Muga, ein Mugje: Aalmugje.
- ↑ saa inn-aat ’om: tok saa paa.
- ↑ Fellese, skrivst no „Fillingsø“, de gamle Fillinsin, Gard ve Vaagaa-Vatne.
- ↑ skjefta me, ’taa skjefte: her skjøyte me, felle inn-i.
- ↑ Martinsmess: 11 November.
- ↑ 8 Ørtuge og 13 Mark Sylv: paa Lag 6 gamle Dale og 2 Mark.
- ↑ Ne’falls-Sott: Epilepsi.