H. Aschehoug & Co. (s. 336-356).

Kleppe-Ækte.

Fyste Eigar’n ’taa Kleppe som ein no veit Namne paa, heitte Jo og mest visst er de, at de va Jo Andersson. Han maatte ha vore vaksin Kar da Svart-Douin gjekk i Dale; Mann er longe burtgløymt og naagaa Minne um han finnst ikje att te vore Daagaa. Men de er all Von te, at han va ein rik Mann, for attaat Kleppe aatte han Garde nord-paa Lom. Kleppe va den Gongen berre einn Gard og ha visst den Ti’e Svart-Douin gjekk, vore i saamaa Ækten minst i tvo Manns-Aldre. Allt som er kjendt um Avkjøme hans Jo Kleppe er de, at han ha ein Son og ei Dotter; kaa Dottere heitte er okjennt men Son heite Anders, hell Andres, som de Namne i hans Ti’ jemnan va skrivi for. Denne Andres’n Jonsson er de att ikje reint faae Minne um, for han er ofte nemnt i gamle Brev.

Han Anders Jonsson sat paa Kleppe i mesta ’taa eit Hal’t-hondrede Aar te umkring 1439 og han va baade ein vælhaldin og ein vælvørd Mann i Bygden. Att-aat Kleppe aatte han Stourrust i Sjaak og ha Jord-Eigo i Nesgardom og Andulsta[1] i Lom; han va oftast vald te Logretts-Mann og va me i Jordkjøp, Skjifte og Dele millom Gardom og anna, som skulde skjepast te me Lov og Rett. Ei Ti’ mea’ han Hallvard Alfson livde paa Sambu og va Syssel-Mann i Nørdre Gullbransdale, va han Anders Jonson Le’smann hans og for ei snøgg Ti’ ser de ut te, at han ha vore Syssel-Mann ou. Um han ækta fraa ei gomol Stor-Ækt, let de se ikje gjera aa faa nogor Visse um, men at han i si Ti’ va huldin for ein ’taa

Fig. 41.
Segle hans
Andres Jonsson, 1418.
di fremste Bøndom i Norddale, er visst som all Ting. Kjeringje hans heitte Ingebjørg Kolbjønnsdotter og va kome ’taa Lom; døm ha ikje Bon og difor gjorde døm Erve-Brev imillom se, da døm vart naagaa te-aars.

Den Syster hans Anders, som va nemnd lite sia’, va gjift me ein Mann som kallast Paal List. Den Mann aatte mykjy Jord i Nord-Bygdom og maa ha vore ein Riking. Um de ha vore ei gomal Ækt me desse Namne her i Dale er uvisst, men de er mest trule, at saa ha vore. Kaar desse Listann ha Ækt-Gard’n sin let de se ikje gjera aa finne ut, men de er ikje saa o-likt te, at de va uppi Lom. Elles er de lite aa finne um han Paal List, han kan ikje ha vore saa mykje me paa Ting og Stemne. Men Son hans, han Tostin Paalsson List, er jamnan nemnt i di gamle Skjinn-Brevom og va ofte me og va Logretts-Mann baade i Vaagaa og Lom. Han ou, aatte mykjy Jord; oframt Garde paa Lom aatte han Hol’n og Sygard-Haarelsta og i Lag me ein a’an Mann aatte han Aaseng og Slette, alle desse ligg i Heidale. Bjølsta ha han ou fala paa, men nugun Handel vart de ikje ’taa; seinare ser de ut te, at han vilde ha som ein Firikjøps-Rett aat Garde, men de fekk han ikje fram. Te-samen me ei Syster, heitte Olof, aatte han 1 Markabol[2] i Offigsta i Musdal i Øyer og ho Olof selde sin Lot aat Erkebisp Eskild i Nidaros, † 1428, og han Tostin sin aat Ette-Manne hans, han Aslak Bolt, † 1449. Ei annor Syster, Guri Paalsdotter, aatte tvo Garde i Ringbu.

Han Paal List og Son hans ha livt imillom 1350 og 1440. Han Tostin ha ein Son ette se heitte Sjugurd Tostinson List, han livde millom 1400 og 1470, og er den siste, som er skrivi me Te-Namne List. Som de førr er sagt, va Bestemor hans Sjugurd Syster hans Anders Jonson paa Kleppe og i 1439 fekk han Sjugurd Gaavebrev paa Kleppe me Lot og Lunne hjaa ’om Andres og henne Ingebjørg me di Firi-Ordom, at døm skulde ha Kost og Klæ’e ’taa Garde si Leve-Ti’.

Fig. 42.
Segle hans
Paal Tostinsson
List, 1424.
Fig. 43.
Segle hans
Tostin Paalsson
List, 1425.

Me ’om Anders Jonson dø saales Ækte ut paa Kar-Sia paa Kleppe og me ’om Sjugurd Tostinson kom List-Ækte att-paa Rumme, han va no paa Kvinnfolk-Sia den neraste baade i Ækt og Ervd ette di gamle Kleppe-Ækten. Han Sjugurd er alder nemnt for Logretts-Mann og ha knapt vore den vælvørde Mann millom Bøndom i Bygden, som Far hans. Men galdt de um ei Vaaga-Ferd, saa va nok han Sjugurd ein ’taa di fremste og um de finnst de att eit lite Minne, som lyt nemnast. Sysselmann i Nørdre Gullbransdale umkring 1440 va ein Ridder heitte Beinkt Hartvikssøn og som høyrde te di gamle norske Stor-Ækten som bar Namne Gyldenløve. Han Beinkt ha ein Bror, som va Bisp i Bern og sjøl aatte han ein avraa’e Mengde me Garde og Jord-Eigo paa Hei’marken, Toten og i Gullbransdale. Han va gjift me henne Magnhild Oddsdotter, ei ’taa di rike Finne-Ækten paa Voss. Saales va han ein megtog Mann me mykjy onde Hendom; men te Sysselmann ha han nok ikje vore fellt, antell han kan ha vore hard og ovørdin, hell kaarles de ha se. Han fekk Aalmugjin imot se og i 1446 brukte Dølinn Bonn’-Klubba[3] paa han og slo ihel han. Kaar dette henda er ikje umgjete, men de maatte ha vore ein Sta’n uti di yttre Bygdom, for de er likt te, at han Beinkt og Far hans firi honom, ha butt derute. Og hell-ikje fær Ein veta naagaa meire um denne Bonn’-Reisna’n, kem som va Upphavs-Mennann og kaarles de gjekk te allt me se. Men at han Sjugurd List paa Kleppe baade ha vore me og trule havt ikje lite Skull i, at han Beinkt vart ihel-sligjin, syne se ’taa eit gomolt Brev fraa 1482, for de Aare lout Bone hans leggje Bot for Draape. Enkja ette ’om Beinkt, ho Magnhil, gjifta se upp att me Riddere og Riksraa’n, han Alf Knutsson, den største Jordeigaren i Lannde i si Ti’. Baae tvoug va graa’oge ette meir og kaar døm fekk upp-sport nugun ’taa døm, som va me og tynte han Beinkt, va døm ferdoge te aa krevja Bøt ’taa ’om. 34 Aar ette lout difor di tri Bone, han Sjugurd ha ette se, gjeva ’om Alf og henne Magnhil de, døm aatte i Bugardom for di Far deres „uforsynom va me, da Hr. Beinkt Hartviksen vart slagen“. Um de va „oforsynom“ – me Uvilje – han va me, lyt nok ein ondrast paa, de er nok helst berre eit Ord, som er brukt for Sømd’n Skull.

Han Sjugurd List er dø umkring 1470 og ha tvo Syni og ei Dotter ette se, Anders, Arne og Ymbjør. Baae desse Brørann va vælvørde Menn, for han Anders va Logretts-Mann og han Arne va Le’smann i Nørdre Gullbransdale ve 1479. Døm ha ouka Ækt-Godse sitt me fleire Garde baade inna-bygdes og utta-bygdes og baade Bergje i Gousdal, Rottem paa Lalm og Austrem i Sjaardale ser ut te aa vera lagt att-aat i deres Daagaa. De er likt te, at døm brukte Jord-Eigunn oskjifta.

Da desse tvo Brørann dø, ha døm kaar sin Son ette se Son hans Anders heitte Jo og Son hans Arne Anders. I fyste Aarom ette di Gamle va avfulle, brukte døm, ou, Jorde te-samen, men i 1518 vart døm samde um aa byte Jord-Eigunn imillom se. Da fekk han Jo Andersson Hugubøle „Kleppe me Hekkje og Dalom“; Rottem paa Lalm, Ellingsbø og Haarelsta i Heidale, Oustrem i Sjaardale og Bergje i Gousdal fall paa han Anders Arneson; han fløtte aat Bergje og busette se der. Me desse sleppe oss honom, men de er Von te, at Ækte hans enno held se paa Bergje-Gardom.

Um han Jo Andersson Kleppe er de lite aa melle; ve Gjifte hell Kjøp la han den gamle Garden Mo paa Vaagaa attaat Jord-Eigun sine og Garden høyrde sia’ Ækte-Godse te i lang Ti’ fram-igjønom. Han Jo va tvo Gongo gjift, fyste Kjeringje heitte Brit (Berget) Endresdotter og de er mykjy trule, at ho va Syster hans Gottorm Endreson Bratt paa Bjølsta. Kor den andre Kjeringje er kome fraa er okjennt; ho heitte Aagot. Ette di fyste Gjiften ha han ein Son heitte Knut og ette di andre ein Anders; di hine Bone er o-kjennde. Han Jo Kleppe er dø umkring 1550; kaarles Bone ette ’om bytte Jord-Eigunn imillom se er de Oraa’ aa faa heilt upp Greie paa, men halve Kleppe, søre Garden no er, Mo og ein Lot i Valbjør fall paa han Knut, eldste Son; de hitt Halve, nordre Garden no, maa vera fulle paa ei gjift Dotter. Andre Son, han Anders fekk Rottem, Ellingsbø og ein Lot i Valbjør, han fløtte aat Ner-Bjonnsta og vart buande der, og oss kjøm sia att-ende aat honom.

Han Knut Jonson Kleppe fekk halve Garden paa Lag 1550 og brukte han te fram imot 1580, men da ha han faatt heile Garden te-samen att og aatte han o-delt di siste Aare han livde; me di aatte han den største Jord-Eiga paa ei Manns Hann i Bygden i di Daag’om nest ’om Omond Gjæsling paa Sambu. Kjeringje hans maa vera kome fraa Grimsta paa Lom. De er faa Minne att um Mann; i Aarom 1575–77 va han Kjørkjevergje og han er likt te aa ha livt te 1590, hell saa. Jord-Eiga hans laag saales te: 6 Hu’e i Kleppe-Gardom, 3 Hu’e i Mo, 12 Hu i Kruke i Heidale og 112 Hu i Grimsta paa Lom. Han Knut ha 6 Bon, 4 Syni og 2 Døtt’ som bytte alle Jord-Eigunn imillom se da Far’n dø; paa di Byte vart Kleppe delt i 2 Garde att imillom di tvo eldste Synn’om, heitte Endre og Ola, paa den Visen, at han Endre fekk Sygard og han Ola Nordigard. Men dette Byte va ikje saales gjort, at Kleppe ette di skulde vera delt i tvo Garde for all Framti’, Garden høyrde no, som førr, Ækten te og kunde ve eit seinare Byte bli laataa ut paa andre Maate og faa fleire Uppsitjare. Denne Delingje kom elles te aa staa me Lag saa Gardann ikje kom ihop att meir og ette di er de rettast her aa følgje di tvæ Ækt-Greinom, ette ’om Endre og ’om Ola, paa kaar sin Gard.

Sygard Kleppe.

Han Endre Knutsson maa ha vore ein aldrog Mann da han tok Sygard Kleppe i Bruk umkring 1590. Me Sys’kjinbaane sine, ho Aagot Andersdotter paa Toulsta (sjaa S. 324), ha han Endre ei lang og klaasot Sak og som tykkjyst aa leggje for Dagen, at han va ein sjøl-raa’og og ha’le vørdeslous Kar. Ho Aagot vart Enkje paa Lag ve Hondrede-Aars-Skjifte og saa tok ho han Endre Kleppe te Formyndar for di omynduge Bonom sine. Eingong han kom aat Toulsta, fann ho fram ein Ask me gamle Jord-Brev um Fars-Arven sin paa Kleppe, han Endre skulde sjaa igjønom for henne, um de kunde vera naagaa aa merkje se. Me di gjekk ho „udi Stegerset at lave noget til Mad“ og eldste Son’n gjekk „ned i Kjælderen at tappe en Kande Øl“. Den vetle Stonde va han Endre te-rei’e aa kaste inn-paa Varmin ein „Lagmands-Orskurd[4] af Nils Stub udgiven paa Eidsvolds Lagting Botolfi Aften[5] 1569“. Baade Mor og Sofi sakna trast dessa Breve og vilde veta, kaar han ha gjort ’taa di; han sto te, at han brende de upp, men Orskurden va ikje lenger naagaa tess, gat han paa. Detta drog mykjy Leitt ette se, døm kom baade for Bygda-Ting og Lagting me di og sist fekk døm Lagmann, han Hans Glad, radt upp aat Kleppe, Jønsukudagen 1608, te aa megle imillom se. Og han fekk ou te ei Semje me døm, som lydde saa, at Skjifte ette om Gamel-Jo Kleppe skulde staa me Lag, og den, som brout Semja paa nogor ’taa Si’om, skulde bøte 1 Hu Jord aat Hospitale i Oslo. Me desse skulde saa „al Had og Avind blive aldelis nederdempet“ og „god kristelig Venskab og Omgjængelse isteden renoveret og optagen“, men enno lagdest de meire te, aa kjangle um for døm.

Han Endre Kleppe er fulle av eitt ’taa di fyste Aarom ette Slagje i Kringom. ’Taa di fem Bonom hans vart ei Dotter gjift aat Tokse paa Fron, di hine vart verande i Bygden.

Eldste Son, han Per Endresson, fekk Kleppe og i hans Ti’ vart Gardann skjølde aat i tvo Garde, saa døm ette den Dag skulde vera tvoug faste Bruk, kaar for se. Dette vart gjort i 1614 og sia’ har Kleppe stødt vore tvoug Bruk.

Ette ’om Per Endresson kom eldste Son, han Jo Persson; han brukte Gard’n berre ei stutt Ti’. Han Jo va sonlous men ha tvæ Døtt’ og den eldste, heitte Rønnog, vart gjift me di eine Sone paa Helle i Nordhera’, heitte Tjøstol Jonsson. Di tvoug fekk no Kleppe og me ’om Jo Persson dø List-Ækte ut paa Manns-Si’a paa Sygard-Kleppe og de er fraa Dotter’n, ho Rønnog Jonsdotter, Ækte sia’ røta se att paa Garde.

Han Tjøstol Jonsson fraa Helle va paa Mor-Si’a ’taa Gjæsling-Ækten paa Sambu, Mor hans va Dotter hans Iva Ommonson Gjæsling. Arven hans fraa Helle va 1 Hu 3 Skjinn Jord, 1 Hest, 5 Kjy, 5 Kvigo, 1 Ukse, 20 Soue, 1 Dyne, 1 Par Bløyo, 1 Skjinnfell, 4 Aaklæ’, 3 Høygjen, 1 Tyl’t Tre-Tallike og 112 Lispond Kaapaar. ’Taa Jord’n han fekk i Arv laag 3 Skjinn i Pottru i Øyer. Han Tjøstol brukte Kleppe i 34 Aar te i 1702.

Son, han Jo Tjøstolson, brukte Garden i 26 Aar te i 1728 da han heldt Byte me di 5 Bonom sine. I di Byte vart ikje Jorde lenger laataa ut millom Sys’kjinom, som førr ha vore brukt, men ho vart sett i Pening te 100 Riksdale Hu’e og som Aasætesmann lout løyse.

Eldste Son hans Jo Tjøstolson, og som fekk Garden ette Fare i 1728, va han Tjøstol Jonsson som de førr er fortalt um i Stykkjye um Kleppe-Brørann. Han Tjøstol fekk hell-ikje nugun Son og me di bli de paa nytt Lag me ein Kvinnfolk-Le’ List-Ækte held se paa Garde, me eldste Dotter hans Tjøstol, heitte Ragnhil. Ho vart gjift da ho va 16 Aar gomol me ’om Ola Paalsson, Son aat Dragon-Lutnane paa Toulsta, han Paal Hansson. Han Ola tok Garden ette ’om Tjøstol i 1741 og brukte han te han dø i 1774. Andre Minne um Mann, hell døm, som er nemde i „Kleppe-Brørom“ er ikje gjøymde paa.

Ette-Mann hans Ola Paalsson, han Tjøstol Olsson, er meire kjennt me di, han va ein Styrar og ein Drikkar, som i mangt og mykjy æktast paa Bestefar’n. Um Magte hans gjekk de elles ikje naagaa Ord i Bygden. Mea’ han Tjøstol tente Kongen va han Sjersant og fraa di Ti’n visste Folk aa fortelja, at han øy’lagde Tre-Merre, som sto ein Sta’n ve Vaagaa-Kjørkja. Han Tjøstol ha drukkje se full og vore ett’latog i Tenest’n og te Straff skulde han ri’e Tre-Merre; de va einn Sylater ou, som skulde upp aa ri’e ho saamaa Gongen. Da døm skulde setjast upp, sa han Tjøstol: „Den, me største Naasaa ska sitja fremst!“ og saa fekk han fremste Rumme, men døm gløymde aa løyse ’taa ’om Sabel’n. Da døm vart var di, ha døm vilja tikji han fraa ’om, men han spaadde um, at den Bona’n han va komin uppa i, den ha han ou Rett te aa haa. Og saa drog han ut Sabel’n og bar te tølje paa Tre-Merre. Fyst hogde han ’taa henne di lange Øyrunn og ferda ho styggt i Hugue, sia’ jemna han den kvasse Eggen ette Ryggje, som døm lout sitja paa. No va de ikje stor Straff og sitja paa Ryggje henna lenger og Merre ho vart no fælt ille-raa’in aa sjaa paa ’taa dessa: „Ho ska, Dj. besetja meg, ikje bli saa skjerr[6] her-ette, som ho ha vore førr!“ sa han Tjøstol. Og ho foor ou saa ille, at ho vart gjort Ende paa og nogor ny kom ikje att-i Sta’n.

Han ool ei svart Merr, han Tjøstol, som va saa frisk, at ho va namnspord her i Bygden. Eingong ha han den Merre i eit Gjestbo paa Tofte paa Dovre, da eldste Son paa Nordigard Kleppe gjifta se me ei ’taa Døtt’om paa Tofte i 1771. Um Maargaan førr døm skulde te Kjørkje, ha han Tjøstol allt vorte go og drukkjin og da di andre laagaa se paa Kjørkje-Ferde, laag han Tjøstol forr-fallin[7] i ei Staburs-Sval, men Merre hans sto paa-sa’la fram-me ’om og Beksle ha han hengt inn-paa Avle’n og stongje Haande ne-i Brok-Lumma. Nogre ’taa Døvrom freista aa taakaa Merre fraa ’om, for de ha vore grovt te Skam for ’om, maa’ta, um han ikje ha kome se me aat Kjørkjun, men døm fekk ikje løyst Beksle ’taa Haann hans. Han va nok elles ikje saa ne-gaadd, som han gjorde se te, for da di andre va væl paa Vegen komne, bar de upp att me ’om. Han tok att Gjestbo’s-Hopen paa ei litol Ri, rei’ umm alle Hine og kom ei saa lang Stonn firi døm aat Kjørkjun, at han snudde um og rei’ eit godt Stykkjy i-mots ve Hopen att. „No fekk Vagvers-Merre staa, mea’ ho møkkja, ou!“ sa han Tjøstol.

Kjeringje hans Tjøstol va kome fraa Horgje i Heidale, Syster hans Per Horgje. Me Vælstande hans gjekk de te-atters, for han tulla og drakk og bar se ovørde aat paa mange Vis. Bygdafolke ha ikje naagaa Godt aat ’om og da han sist bar te aa trette ve Mor si um Fø’-Raa’e henna, fekk Alle ein Stygg aat ’om. Me dessa o-tylege Saken møtte han paa Saamaar-Tingje i 1797 og vilde faa Sakje paa Gong; Tinge sto paa Haamaar paa Lalm. Naagaa meire ’taa di vart de ikje for de fyste, men da han Tjøstol va paa Heimveg fraa Tingje um Kvell’n, va han drukkjin – han hulla ein lystog Springleik, da han gjekk Stigen sør-ette fraa Haamaar, saa døm høyrde han paa hine Siun aat Elven. Stigen laag reint ut-paa Elv-Bakka og der maa han Tjøstol ha snaava og fulle ut-i Elve, mest i saamaa Stonn som han gjekk og hulla paa Springleiken. Han fannst att i Elven Dagen ette og Folk tykte han fekk ein o-tyle Doue. De va enda ikje fritt for, at ein Bror hans i Heidale fekk Tankjin for, aa ha gjætt upp han Tjøstol um Eftan og støytt han ut-i Elve me Vilje. Um dette kom de ikje naagaa upp og saa vidt Folk visste, va de hell-ikje granska meir ette di.

Enkja ette ’om Tjøstol sat ille te og Bone deres lout Skjyll’-Folkje taakaa aat se; Garden vart burtsett paa Leige ei Ti’ te eldste Son vart vakse. Den eine ’taa Syniom hans Tjøstol va den namnkjennde Fjellmann, han Jo Gjende, som de staar um paa eit anna Stelle.

Ein ’taa Brørom hans Tjøstol Kleppe, heitte Paal, lyt de bli fortalt lite meir um her, da han va ein Bygda-Selle, som de ha gaatt Ord um te i siste Ti’om. Han va att-kalla ette Dragon-Lutnane paa Toulsta og va stødt kalla „Kleppe-Paal“. Han va den eldste nest ’om Tjøstol og va fraa di, han bar te aa vekse upp, naagaa for se sjøl og mest som ein Halv-Fjaaming, sinnt som inkort Illt, vind-øygd og fælt stygg. Att-aat desse karra[8] han fælt og va vablot te aa taalaa. Ongdomme og Galninge ha stødt slik Moro ’taa aa faast ve og ertast ve denne Eiter-Kveisa og de skulde ikje mykjy te, førr han va i ville Ve’re. Berre ein kom te aa sjaa langt paa han, va de nokk: „Kaa Dj. er de du gleine ette? – Er de meg, du stire paa?!“ I beste Ongkars-Daag’om sine gjorde han ei Friar-Ferd aat Groupe i Kvikne; de va ei Jente der paa Garde, som va helde for eit godt Gjifte og detta ha han Paal tikji te aa tenkt paa. Ette gomol Skjikk og Vis kom han Paal aat Groupe paa Natters-Ti’, og i Myrkne saag ikje Jenta, kaarles han saag ut, men da ho høyrde han va fraa Kleppe, ha ho nok ikje nettup vann-vørrdt han. Um Maargaan førr han reiste att, vart han be’in inn og skulde ha lite Go-Gjering, men da gjekk de gale: „da Jenta fekk sjaa meg, Jaggu grreet ho!“ fortalde han Paal. Paa sine gamle Daagaa kom han Paal paa Legd og Folk foor væl me ’om i Gardom, men den gamle Sinna-Piggen ha yrkt Arbei’ me aa halde fraa se Gutonge og Ongløypinge, som stødt lout ertast ve han, kaar han foor, og saa me aa tiggje se Tobak, for den va han grov paa. Naar han raakaa ei framond Menneskje, brukte han aa seja: „Let eg faa kjenne Tobaken din, saa ska du faa kjenne min“, de va mykjy brukele i di Ti’om og bjo ein-a’an ei Buss hell ein Snus paa denne Visen. Han Paal fekk se da jemnan ei Buss, men saa spytta han og grein: „Tvi!“ sa han, „de er den saamaa Djevel’n du har, du, som eg, kjenne eg!“ og saa tykte han de va ikje Bry’e verdt aa kaamaa upp me sine Tobak.

Da han Paal dø i ein ’taa Lalms-Gardom umkring 1828, gjorde Grende eit Gravøl ette ’om, som va umtaalaa i lange Ti’e ette. De va ikje naagaa Sørgje-Lag, ette som de lyddest, for Gamlin va ei slik Bygda-Plaage, di siste Aare han livde, at de va ein Lette for Grenn, at han fall av. Da Like va jorda, samla Følgje se i Klukkar-Garde og kaar Mann ha me ein Pott Brennvin og ein stor Houg me Vaffel-Kaku[9] og da Nista vart framlagd, va de ein Dongje saa stor, ein ’taa døm, som va me, 25 Aar bak-ette va viss paa, at de „va Vafflo i Klukkar-Garde den Dag idag“. Heimferde fraa Kjørkjun va mest som eit Eventy all Vegen, for den Brennvins-Potten gjorde nok Rett or se. Eldste Son ette ’om Tjøstol Kleppe kom paa-veg att me Garde og den gamle Ækte sit der enno; men i seinare Ti’om ha ho ou røta se att ein Gong ’taa ein Kvinnfolk-Le’.

Nordigard-Kleppe.

Han Ola Knutsson Kleppe er fødd um-lag 1545 og den Gongen, han fekk se te-bytt Nordigard, va han, likesom Bror hans paa Sygard, han Endre, ein te-kome Mann. Fystondes va han ve mindre Magt, han, hell Bror’n paa Sygard, og naar han Endre skatta for „Odelsbonde“, skatta han Ola for „Leiglending“. Onde Nordigard laag eit Jordstykkjy, som heitte „Kongsparten“ og heite saa enno, de va Krongods, som i di gamle Ti’om laag onde Domkapitle paa Storhaamaar. Dette Jordstykkjy lout Kleppe-Mennann bygsle og me di han Ola svaaraa Lannskyld og Bygsel, ha nok Foutann gløymt ’taa, at han aatte tvo Gongo meire Odelsjord i Kleppe hell Kongsparten. Døm skjifta saa jemnt ou, Foutann i Gullbransdale i di Daag’om; men saa kom detta upp i 1625 og me di lout han Ola bøte 8 Riksdale i Sakfall, fordi han i mange Aar ha skatta berre for Leiglenning i Sta’n for, at han skulde skatta for Odelsmann. Um Mann elles veit ein lite, han ha nogre Syni, men kaar Kjeringje hans va utstokkjin er okjennt.



Fig. 44.
Segle hans Knut Kleppe, 1653.
Nest-eldste Son heitte Knut og han har vore ein Kar som va godt go-te se. I Kalmar-Ofre’e 1611–1613 „rei han Rytter[10]“ for Kleppe og va ute i Kongens-Tenest da Slage sto i Kringom. Aare ette Kalmar-Ofre’e vart de halde Skjifte paa Kleppe; da fekk han Knut Nordigard og de skulde vera han, som fekk Kleppe lovle bytt i tvo serskjilde Bruk. Den eldste Bror’n heitte Anders og budde paa Viste; me honom og Bonom hans fekk han Knut seinar i Ti’n saamykjy Krangel um Sys’kjin-Byte paa Kleppe, at han ein Gong bou ’om Anders aa byte Gardom, men de vilde ikje Bror’n.

Kan Knut va gjift me henne Kari Sambu, Dotter hans Iva Ommonson Gjæsling. ’Taa Bon ser de ut te, døm ha havt berre eitt, ein Son heitte Tostin og da han ikje er upp-att kalla ette Bestefare paa nogor ’taa Si’om, maa de vera de gamle Tostin-Namne i List-Ækten, døm ha tikji upp-att. Han Knut Kleppe dø umkring 1665; paa Kleppe staar de enno ei Bu han har bygt i 1652.



Fig. 45.
Segle hans Tostin Knutsson.
Han Tostin Knutsson Kleppe tok imot Garde nogre Aar førr Far’n dø, og da ha han allt i mange Aar vore gjift me henne Brit Torsdotter Bjølsta ’taa Bratt-Ækten. Me henna fekk han stor Heimafylgd baade i Lousøyre og Pening og 1 Hu Jord i Bjølsta; um nogre Aar va han Tostin Kleppe den fremste millom Bøndom i Bygden i Medel og Rikdom. Va Far Tostin hans go-te se, saa va han Tostin ikje mindre; i over 20 Aar va han Le’smann i Bygden og um de den Gongen ikje skulde saa mykjy te, for aa styre di Ombue, saa lout no Le’smann vera baade brevsynt og skriv’-før og de va nok ikje ein ’taa kaart Hondrede, enda, imillom Bøndom.

De laag i ’om Tostin, at han ha Hog te aa leggje onde se Jord; de va ei Ti’ han aatte sjoug Garde i Bygden og saa kjøpte han di tvoug Fiskevatne Flatningen og Nere-Sjaadalen. Me Bonde-Kaftine paa Toulsta, han Hans Paalsson, ha han Tostin go Hog te aa eggjast, og den Gongen, han kjøpte eine Grann-Garden hans, ser de mest ut te aa vera gjort, for aa faa Tak te aa vinde og rengje me ’om Hans um ein Jord-Snipp, han ha lagt att-aat Sæter-Kve’n sine paa Tjorsæter’n[11]. Saamaa Ti’e kjøpte han ein liten Skog-Gard, heite Toulstaskri’o, som han Hans Toulsta ha havt i Bygsel. Den Handel’n va gjord berre for aa argast me ’om Hans og han vart ou saa sinnt, at han laavaa for se, at naar Slaatt’-Karann hans Tostin Kleppe ein a’an Houst kom att paa Vinne i Toulstaskriun, skulde døm bli møtt me Lodd og Krut. Ette di vart de saa, at han selde att Toulstaskrio aat ein ’taa Syniom aat Kaftine. Kaarles dette Agge millom di Tvo er kome se, er ikje godt aa veta, kan godt vera at de kom se fraa Trondems-Ferden i 1658, den Gongen han Hans fekk Namn for „Bondekaptein“. De er ikje nettup kunnogt, at han Tostin Kleppe va me paa Ferd’n, men de er mest ikje aa tvile um, at han gjorde Føl’je me Grends-Manne sine ’om Knut Holbo. De kan ou vera, at de va Kjeringje aat Kaftine, han Tostin tykte de va Mon i aa argast ve; ho gjekk for aa vera hardt um se og va ikje væl-lika i Bygden, difor la døm paa ho Uppnamne „Heggjerote“, ette di ho va kome fraa Heggje i Gousdal. Saa va de nok hell-ikje nettup ’taa Illo, han Tostin Kleppe foor og aapaast me Toulsta-Folkje; de ha fyl’t mange i di Ækten, at døm ha havt Moro ’taa aa ertast ve summe, døm ha tykt, de høvde aat.

De va ei stor Ære aa vera „Bondelensmand“ i di Daag’om, men nogor stor Innkomme va de ikje, de va 3 Settonge[12] Kønn i Le’smanns-Toll ’taa ein full Gard[13], 2 ’taa ein halv og 1 ’taa ein Øygard, um Lag 15 Tynno Kønn ’taa heile Bygden. Og saa va døm fritikji for di gamle Utrei’slom som kallast Foring, Visøre og Leding[14], de va heile Løne og de ovisse som fallt den Ti’e, va jemngodt me Inkje. Da, som no, va Le’smann den neraste te aa sjaa te me Ostyr og Lovbrot i Bygden, men de henda meir hell ein Gong, at Le’smennann sjølve va fram-i baade eitt og hitt, som Lov og Rett snerta døm for. Og be’re gjekk de ikje ’om Tostin, hell. De va ein Gardmann uppi Sjaardale den T’ie, som heitte Ellan Nese; han gjorde oftast ei Ferd um Houstann aat Akershus me di „Attalerihestom“, som vart innkjøpte uppi Norddale. Me desse tente han Pening saa han sat ein liten Pukje i Nese; men han drakk og naar han vart drukkje va han rengjot og lei, stor i Ordom og gjild Kar ’taa di, han saa jemnt va i By’n. Saa va de Eingong i ein Tekkje-Dona[15] paa Oustrem, han Ellan og Le’smann paa Kleppe ha vorte Ovini; Endlykte me døm vart den, at han Ellan Nese fekk eit godt Drag ’taa ein Rulla-Kavle[16] og paa neste Ting lout „Tosten Kleppe løse sin Haand me 4 Mrk. Sølv“ for Slage. Detta henda i 1681.

Han Tostin Kleppe va fødd 1624 og dø 1700. Tvo Aar førr han dø, heldt han Skjifte, da va han Eigar ’taa 17 Hu’e og 4 Skjinn Jord; ’taa desse laag 172 Skjinn i Hole paa Lesja, allt de andre va inna-bygdes. Kaar ’taa Syn’om fekk ein Gard, den eldste, han Iva, fekk Kleppe, han Tord fekk Romongard og han Tjøstol Uppistugo-Haamaar, Nordigard Hollbø og naagaa i Skaarvangje, ei Dotter, som va gjift aat Helle, fekk Jord-Eigo i Helle og Bjølsta.

Han Iva Tostinson Kleppe er att-kalla ette om Iva Ommonson Gjæsling, Lang-Go’fa’ hans. Da han tok Garden va han ein Mann paa 46 Aar og gjift me henne Guri Olsdotter Skjelle fraa Dovre, trule Syster hans Tostin Skjelle, som de sia’ kjøm lite um. Flatningen og Nere-Sjaadal’n selde han aat Aalmuga i Hugusokne for 100 Riksdale, men da han ha stort Liv for Fisking og helst vilde ha naagaa for se sjøl, ha han raadt se te eit anna Fiskevatn i Sta’n. Mea’ han va Framveksting fall Russ-Vatne saa væl i Hogen hans, at han tykte de skulde vore Mon i, aa havt de store Vatne i si eigje Raa’. Men de va fiske-tomt og han grunnda paa, kaarles han skulde faaraa aat, aa faa sleppt Fisk i di. Jou, da fekk han høyre gjete, at Kaftin Bruun[17] paa Ner-Øy ha Fiskedam han ool Fisk i, dime gjekk han aat honom og fekk Lov paa naagaa Fiske-Oukje[18]. Fekk han me se ein Kar og saa bar døm Fiske-Oukje i ei Kløvflaske[19] paa ei Stong imillom se, radt fraa Ner-Øy og burt-i Russ-Vatne. Døm sleppte Oukjin i Ose og sette upp ein liten Mur tvert-ivi Osen te Bægje[20], saa ikje Oukjin skulde sleppe se aat Russun[21] me di saamaa. Dette va i 1669 og, 14 Aar ette, va de store Vatne vælsett me stor, feit Fjell-Oure og de vart trast helde for de beste Fiskevatne burti Vaagaa-Fjellom. Han Iva fekk Bygselbrev paa Russ-Vatne og sia’ ha de fyl’t Garde.

Han Iva likna Far fine og han va ein Mann de gjekk fram-te me; paa hans gamle Daagaa bar de te aa bli Handel me Timber uppi di nørdre Bygdom i Dale. Han Iver Elisen og fleire te ’taa di Stor-Rikingom, som da va i Kristian, kjøpte de døm kunde faa ’taa stort Maalstimber[22] ogon-te Bygdom. Ein Mann fraa Dovre, han Tostin Skjelle, Bror aat Kjeringen hans Iva Kleppe, bar denne Ti’e te aa drive Timberhandel i di Store saa han i nogre Aar va ein grunnrik Mann og heitte „Rik-Skjellin“. I 1742 fekk han hjaa ’om Iver Elisen 45 872 Riksdale i ein Gong paa Skoghandel; men saa bar de te aa gaa att-over me ’om og da gjekk de likesaa fort paa den Lei’e og de enda me, at han vart ein ut-arm Mann. Han dø i 1744 og da sto Bue ette ’om i ei Skuld paa meir hell 35 000 Rd.; Folk kunde ikje skjøne detta braae Umskjifte og difor kom de ut, at dessa Rik-Gouvann i By’n fekk narra han ne-i ein Kjellar, siste By-Ferde han gjorde, og heldt han der te han lout gjeva døm Pantbrev paa allt, han aatte og ha. De va ikje fleire, som dreiv Elvtimber-Handel’n saa stort, som Rik-Skjellin, men nogre ’taa di rikaste Gardmennom paa Vaagaa foor me Timberhandel i desse Aarom. Han Iva Kleppe og den nest-eldste Son hans dreiv ut Timber i mange Aar; døm kjøpte de paa ymse Stelle i Bygden og fløytte de ette Ottun, Laagje og Mjøsen te utt’-um E’svoll. Og døm ha tent se go’e Pening paa Handele, de kan ein sjaa ’taa Skjifte ette ’om Iva, da han dø i 1750. Bue hans va eitt ’taa di største, som nugun Bonde ha ette se i Bygden, den Ti’e; oframt Pening utestaa-ande va Buskapen hans 8 Heste, 72 Nout, 50 Soue og 5 Svin. ’Taa Sylv va de 2 Kanno, 5 Stoup, 1 Koks, 55 Skjei’e, 4 Sylvbelte, 1 Sylvkjæ’e og 3 Brurkrono ’taa forgjyllt Sylv.

Bone ette ’om Iva va 3 Gute og 3 Jento, de va Knut, Ola og Tostin ’taa Karom og Kari, Brit og Mari ’taa Jentom. Han Knut Ivason, som eldst va, fekk Gard’n og gjifta se me henne Mari Torsdotter Bjølsta som han va Trimenning ve. Mann va ein drivandes Kar, men de va nok knapt um han naadde korkje Far hell Bestefar paa den Hande, og saa vart han hell-ikje gomol Mann. I 1757 møtte han i Lag me nogre andre Vag-Vere i ei Aasta’s-Sak i Valders; døm rei Valdersflye og da døm kom att-ende og naadde Leirongs-Myrom, sto Molta rou ette alle Myre. Mennann steig ’taa Hestom og sette paa aa eta Molte, saa lengje døm orka, men han Knut tykte alder, han fekk Metta si og ba hine, som va fornøgde, aa hemte aat se, ou. Døm saa gjorde te han endele ikje orka meir. Da døm kom i Salann att og skulde ri’e øver Molfly-Bekken, glatt Hesten onde ’om Knut saa han heldt paa aa skulde fulle att-aa-Bak, og ’taa di sleit han se te-ska’es inn-venndes. Han ha ikje ein Helse-Dag sia og dø i 1758, 65 Aar gomol. Han ha att 3 Bon ette se, 2 Gute og 1 Jente, eldste Son heitte Iva og den yngste Tord.

Fleire ’taa Sys’kjønom hans Knut Kleppe va saa namnkjennde Folk, at de her lyt fortjeljast lite meir um døm.

Den eldste ’taa døm alle va ho Kari, ho vart gjift aat Tofte paa Dovre me ’om Paal Semonsson, Soneson aat Kaftine paa Toulsta. Ho Kari va meire still og mindre forr se hell di tvæ hine Syst’n sine og difor er ho meire utu Minne sigjin. Nest henne i Alder va han Knut Kleppe; saa han Ola som dreiv Timberhandel. Han gjifta se aat Mo i Nordhera’ men Gjiftarmaale vart baanloust; han ha stor Hog te aa liggje fram-i Retts-Sakje og ha nettup faatt paa Gong ei stor Sak, da han bleiv paa Øvre Sjaadale um Housten 1751, berre 33 Aar gomol. Ette ’om Ola kjøm ho Brit, den fjorde ette Aldere. Ho vart gjift aat Graffer paa Lom me ’om Gottorm Nilsson Graffer. Da han Gottorm ha maalbore se for henne, ga ho ikje naagaa Javerde[23] me di saamaa og de va langt fraa, at ho tykte um han Gottorm, men Graffer va ein ’taa Storgardom i Nordbygdom, han Gottorm ha Pening att-aat Garde og Folke henna talde ho te. Saa vart de endele saa ho tok ein Hest, rei’ nord aat Graffer og skulde sjaa se forr[24], men ho etla se helst te aa seja Nei, da ho foor heima’. Da ho kom te-gards paa Graffer og steig utu Sale ve Døra-Hella, stalla Hesten henna og de va eit gomolt Mark, at gjorde Hesten de, ette han kom paa Gards-Grunne, naar ei var ute „aa saag se forr“, saa skulde ho bli paa Garde. Ho Brit vart sinnt paa Hesten, gjekk bak-um han og spente han paa Hykjyl’n[25]: „Tvi vørde deg, at du detta gjorde!“ sa ho. Og Kjering paa Garde vart ho, og de den, som dugele va; ho skulde vera framifraa te snarpe Arbei’s-Menneskje. Mea’ ho va heime, va de i mange Aar Far henne brukte Rottem paa Lalm, og i Hampe-Laagingen[26] um Houstann gjekk ho Brit fraa Kleppe um Mennann aat Rottem og braaka og skeilda[27] 14 Tolvbrigdinge[28] me Hamp og gjekk heim att um Kvelldann. Vegen imillom Gardom er paa Lag tri Fjordong. Yngste Bror henna ga henne Brit Namne „Ørne“, men ho vart ’om nok alder Svar skuldog.

Ette henne Brit va han Tostin den neste i Alder. Han va nok den, som ha best forr se ’taa døm alle, men han gjorde ikje stort anna sit heile Liv, hell førde Sakje antell for se sjøl hell andre. Sakje og Søksmaal, de va hans heile Liv, og han va ein Bygda-Prukkerater ’taa Velten, som baade Fout og Skrivar va kjei’e og lei’e ’taa. Eingong sa Fout’n ve han Tostin, at han va eit „kranglesygt og trættekjært“ Menneskje, men for de heldt Fout’n paa aa faa ei Sak paa Nakkjin saa han lout sjaa te, aa kaamaa i Samna att me ’om Tostin. Han kjøpte Haakaasta og budde der og lengje va han ein rik Mann, men alle Sakjinn hans tærde hardt paa Medel’n og den bar te aa minke illt, da de lidde paa. Me ein a’an Bygda-Prukkerater, han Knut Øy, Son aat Dragon-Lutnane paa Toulsta, laag han ofte i Klander, di tvo møtte jemnan paa Tingom me Skarve-Sakje, døm berre ha Kostna ’taa. „Du ha vore ei Husmanns-Plaage all din Dag og plaaga døm gjere du ra’e og stødt!“ sa han Tostin Eingong di tvo raakaast. „De ska du ha logje som ein Skjelm, tess du bevise de!“ svaaraa han Knut og um desse Orde fekk Karann ei lang Sak.

Han Tostin va liten i Vokst, kverv og lentog. „De kunde vorte Kar ’taa meg,“ sa han Eingong, „men Koten kom paa meg ’taa all Kall-Groute og Skjøre[29] eg lout ha i meg da eg gjætte i Veoli’n[30].“ De va nok „Ørne“, som ha født han mykjy me Skjør og Kall-Grout, da han va Gjætar aat henne; baade han og Brørann hans lout gjæte Saamaar-Gjætsla paa Sæter’n, ette som døm vart saa vilke[31] og Jentunn lout vera Budeio ette som døm voks te. Eingong kom han Tostin aat Graffer i Gjest, men de va folketomt i alle Stuguom; sist fekk han sjaa Kvinnfolkje sat paa Stall-Treve og klypte Sou og ho Brit sat nerast Dørn. „Nei, da ha ikje Fa’n tikji Ørne enno, hell, eg ser ho sit sjøl fremst!“ va de fyste han Tostin sa. „Aa, Neiggu, ha han hell! Ikje ha han tikji Maakan enno, hell, ser eg!“ svaaraa ho Brit. Han Tostin dø umkring 1780 og ha att 2 Døtt’ ette se; Bue hans va reint øy’lagt og ut-skuldogt da han fall av.

Ho Mari va den nest-yngste ’taa Sys’kjin-Leigde[32]; ho vart gjift aat Bjølsta me ’om Tord Tordsson som ho va Trimenning ve. Ho Mari va den ’taa Sys’kjinom som de ha gaatt mest Ord um og um ho er de førr fortald.

Ette ’om Knut Kleppe tok eldste Son, han Iva Knutsson, Gard’n i 1761. Saamaa Aare vart han utskrivin aat Hollstein og der dø han i Kongens-Tenesten i 1764, 27 Aar gomol. No brukte More Garden i nogre Aar te den yngste Son, han Tord, vart myndog; mea’ More sto for Styre vart Russ-Vatne fraadømt Kleppe og siste Bygslingje, som ikje va mange Aar gomol, gjort ogjyldog. Aalmugjin ha klaagaa paa, at saa mange ’taa Fjellvatnom i di siste Ti’om vart bygsla burt aat einkelte Menn, og kravde, aa faa att sin Rett aat Aalmennings-Vatnom fraa gomol Ti’. I desse ga Høgsteretten Aalmuga Me’holl og alle Bygslinn vart um-inkje gjorde saaner, som tvo. Kleppe ha havt Bygsel paa Russ-Vatne Mann ette Mann i over 80 Aar og ha fraa Fysten slept Fisk i Vatne, men de hjolpte ikje.

Han Tord Knutsson vart myndog og tok Garden i 1773; i 1777 gjifta han se me henne Guri Semonsdotter Tofte som han va mykjy i Skjylde me. Gjestboe deres sto paa Tofte, de va enda i di han Paal Bjønnsta bar Stabbin aat Tofte-Gjele og han Tjøstol Sygard-Kleppe rei fraa alle me di friske Mer’n sine. Ho Barbro dø um nogre Aar og ha ikje Bon ette se; eit Aar ette gjifta han Tord se andre Gongen me henne Guri Holbø i Sjaardale og som han va i saamaa Skjyldun me, som me di fyste Kjeringen. Me andre Kjeringen fekk han Tord mange Bon, men fleire ’taa døm vart gaa-ande ogjifte. Han Tord va ein drivtog Mann og heldt den gamle Vælstann paa Garde ve-like; i 1784 fekk han kjøpt Russ-Vatne onde Garden te full Eige og fekk Skjøte fraa Kongen paa de. Den eldste Son hans Tord heitte Iva og va att-kalla ette honom, som dø i Hollstein.

Han Iva Tordson fekk Garden umkring 1820; i Ofre’s-Aarom i 1807–08 og i 1814 va han Iva Sjersant, men fraa di Ti’om han laag ute er de ikje gjøymt paa naagaa Minne ette om. Elles ha de halde se Ord um han i Bygden te siste Ti’om, for han va ein gaamaa-full og lentog Mann, som ha stor Moro ’taa aa halde Spell me Bygda-Selle og Raringe, han raakaa frami. Dette va alder paa Illo, men summe Gongo fann han paa inkort, som baade va te Ska’e for ’om sjøl og som lett kunde enda ille for den, som forr vart. Eingong narra han ein halvgomol Mann te aa gaa burti Langmaarkje og vetja ei Maar-Felle, han ha sett upp der ein Sta’n. Han Iva fortalde ’om, at han ha seett Fella laag nere, og at de laag naagaa bront og laa’e[33] onde. „Va han myrk bron, sa du?“ sporde Mann. „Ja de va naagaa bront for mine Ougo,“ svaaraa han Iva. „Ja de va ’taa rette Karom da, høyre eg!“ sa Mann og sette aat i di verste Oføre, saa han heldt paa gjekk upp, førr han kom fram. Og da han kom der Fella va, laag de ein gomol – Honnskjinn-Hanskje onde!

Ein ein-ra’e[34] og troskjyldog Mann, heitte Kristafor-Hans, va ofte i Arbei’ hjaa ’om Iva og hann dreiv han mange Smaa-Spell me. Ein Vinter, døm heldt paa laagaa se paa Sæter-Ferde, skulde han Hans vera me aa vera Jaagaar[35] paa Vegje. Han Iva vart var, at de va ei Gjeit som ha skoll-røytt[36] og han taalaa aat ’om Hans um, at de visst va de rettaste, at han tok den Gjeite og reiva ho væl me Næver, helles kom ho te aa frose ihel paa Vegje. Ja, han Hans gjorde, som han Iva ba han, og um Maargaan ette, Kl. 4, begjynda Sæterferde. Men da vart de Spell! Da di andre Smaakrytyre fekk sjaa denna onderlege Skapningen me Næver-Hams paa, vart døm redde og la te-sprangs, og Gjeite ette, saa de berre skraapaa i Never’n! Sist sette heile Krytyr-Strouin ne-igjønom Sjaardal’n og fannst att baade her og der i Gardom, de vart slikt Stræv me aa faa døm sanka ihop att, at Sæterferde lout setjast ut te hinn Dagen.

Ein gomol Skulmestar i Sjaardale, heitte Stor-Svensta’n, va all si Ti’ saa kjørkje-røkje[37]; kaar einaste Sondag kom denna store, tonge Mann ri’ande upp-ette Kleppe-Jorde i Graavest og Høghatt saa stø og vør’sle, som ein gomol Bisp. Hesten hans va baade gomol og liten og han Iva Kleppe tykte nok, at Stor-Svensta’n kunde le’ vore, aa plaagaa den vetle Gampen te kaar einaste Messdag. Saa va de ein Sondags-Maargaa, Svensta’n kom ri’ande paa Kjørkjeveg att, han raakaa Kleppe-Mann ne-i Jorde, han ha enda sett Eld paa ein Rat-Houg tett fram-me Stigje. Han Iva va saa grovt tulug, at Svensta’n vart drygjande og prate i lang Ti’. Nei, da va de som de skulde spraakaa paa den gamle Gampen hans! – han slo upp me Bak-Enda saa de kvein og la i Firsprang upp-over Hekkje saa de lange, kvite Haare og di store, si’e Graavest-Flakje aat Svensta’e flaks i Kapp og de va me arme Nø’ Stor-Svensta’n hekk i Sale. Jon da ha han Iva stillt se te aa smøygt ein liten Brann onde Rompa paa Gampe og saales kom de se, at Stor-Svenstan rei’ saa aagaaloust fort te Kjørkje um Maargaan, at alle lout krosse se ivi di.

Han Iva Kleppe va ou gjift me Sys’kjinbaane sine; de ha vore eit stort Lyte ve mange ’taa di gamle Æktom i Norddale di siste 200 Aare, at døm ha gjifta se innafor Ækte saa fleire ’taa desse, elles saa sterke Æktom, meir og meir ha gaatt te-attrs me Helsun.

Ækte paa Nordigard-Kleppe sit enno paa Garde, og ette 1614 ha de vore Mann ette Mann te vore Daagaa forutta nugun Kvinnfolk-Le’.

  1. Andulstad: no Ulstad.
  2. 1 Markabol svaara paa Lag te 2 Hu’e i Skjyld.
  3. Bonn’-Klubba: Bonn’-Reisna, mannjemnt „Oprør“.
  4. Lagmands Orskurd kallast ein Dom Lagmann i gamle Ti’e kunde seja av um ikje Lagtinge va samla.
  5. Botolfi Aften: Dagen firi 17de Juni.
  6. skjerr: ørsk, morsk.
  7. forr-fallin: ne’-gaatt, saa drukkjin han ikje heldt se paa Føtom.
  8. karra, aa karre: „skarre“.
  9. Vaffel-Kaku: Vafflo.
  10. rei’ Rytter: va Rytter for Kleppe-Gardom: i Kalmar-Kri’e lout tvo-og-tvo ’taa di Odels-Bøndom som orka mest helde ein Rytter me Hest og full Rustning.
  11. Tjorsætre, ei Sæter onde Toulsta og som den Ti’e laag i Sameige.
  12. Settong ette gomolt Maal: væl 7 Liter.
  13. Full Gard: Gard paa minnst 5 Hu’e i Skjyld.
  14. Foring, Visøre og Leding: gamle Jord-Skatte.
  15. Tekkje-Dona: naar døm la Tak paa eit nytt Hus i gamle Daagaa gjorde døm ofte Dona (Duna, Dugna), Tekkje-Dona.
  16. Rulla-Kavle: „Manglestok“.
  17. Olluf Bruun, Kaftin, budde ette 1661 paa Sørem som da vart Kaftin-gaard; seinare kjøpte han Ner-Øy og fløtte dit. Stor Jord-Eigar. Han vart Ovest og Komandant i Trondem; aatte Lysgaard i Faaberg og budde der i siste Ti’om han livde. Dø paa Lag 1710.
  18. Fiske-Oukje, Oukje: „Yngel“.
  19. Kløvflaske: stor Tre-Flaske te aa kjøre i Kløv.
  20. Eit Bægje: Ha’felle, Mur, Braataa te aa bægje (møte) naagaa fraa; „Hindring“.
  21. Russun, ’taa Russa: Elve som kjøm utu Russ-Vatne.
  22. Maalstimber, va 6 Alne langt og 12 Tumme i Toppe.
  23. Javerde, utt: Javæle; m. tjukk l.: Jakvæ’e, Jaminne, Ja.
  24. Aa „sjaa se forr“ va brukele summe Ti’e, saales; døm vilde sjaa baade Gard og Grunn og kaar sto te i Stugu og Stabur førr døm laavaa se burt.
  25. Hykjyl’n, ein Hykjyl: Kne-Le’en paa Bakfot, „Hasen“.
  26. Hampe-Laagingen, Hampe-Gjeringen, „Braakingen“: naar Hampen vart te-laagaa um Housten.
  27. braaka og skeilda: i Hampe-Laagingen brukte døm Braak og Skeilde aa gjera te hampen.
  28. Tolv-Brigding: i ein Told-Brigding va 12 Brugdo, kaar vog 34 Mork.
  29. Skjøre, Skjør: tjukk, sur Mjolk.
  30. Veoli’e er Sæter aat Kleppe.
  31. vilke, vilk: te-vakse, go-te se.
  32. Sys’kjin-Legde: Sys’kjin-Hopen.
  33. laa’e: haarot, „loddent“.
  34. ein-ra’e: endefram, lite tenkt.
  35. Jaagaar: den, som jaagaa, „driv“, Krytyr.
  36. skoll-røytt, aa skoll-røyte: misse Haare.
  37. kjørkje-røkje: røk (paa-passog) te søkje Kjørkja.