Maalar’n
Han Per Veggjem, Maalar’n som han stødt va kalla, va upp-alin paa Austrem i Sjaardale men gjifta se aat Veggjem og va buande der. Han va hendog te Trees[1], va go Snikker og glup te aa skjera ut; men støste Hogen ha han te aa maale. No va de ingen Maalar her i Bygden i hans Daagaa som dugde te naagaa; va de ein skjikkele Ting som skulde maalast, eit Skaap hell ei Sle’a-Kjiste og inkort slikt, saa va de aa gjera Baa aat Lesja, for der va mange glupe Maalare i gamle Daagaa. Jou, da vart han Per hoga te aa gjeva se i Lære hjaa ein Mestar paa Røyros, som han ha høyrt skulde vera framifraa baade te aa snikkre og maale. Hjaa honom tok han Per se fast ei viss Ti’, men da han ha vore der eit hal’t Aar, tykte han de va ikje meir aa lære for se, korkje ’taa Snikkring hell Maaling og ’taa Forgjylling ha han ou lært de, Mestar’n sjøl kunna. De va berre ein Ting, som han enno ikje ha vore go-te aa kome ette me – Mestar’n ha naagaa Fa’nis, han smorde ivi alle Bonas-Ting han maala og Maalingje vart saa blank ’taa di, at de slikte lang Veg og ein kunde spegle se i henne. Men kaarles Mestar’n laagaa te den, va de ikje Raa’ han Per fekk utu ’om og den Konste fekk ikje Drengjenn hans lære ’taa ’om, um døm gjekk alder saa lengje i Lærunn. Mestar’n drakk og han Per ha hell-ikje liten Hog paa de Sterke og saales kom døm te aa slaa Lag og gjera ei Kule imillom, for Mestar’n likte overlag godt han Per i alle Maate. Eingong, døm gjorde se ei go Moro att, gjekk Mestar’n upp og vart liggjande onde Borde da de lei’ ut-i Leiken. No ha han Per lagt Merkje te, at han gjekk me Fa’nis-Uppskriftom paa se, kaar han foor – saa var va han um døm – dime va han Per te-rei’e no, da Mestar’n laag i Koll-Legje, og fekk Tak i Uppskriftom hans og skreiv utu døm de, han ha Bruk for. Ette di ha han ikje meir aa lære paa Røyros, men han va no ikje lous hjaa Mestare paa lang Ti’ enno, ette Ord og Avtal; aa gaa der og slite, naar de ikje va meir aa lære for ’om, tykte han de va lite ve og saa – rymde han aat Heimbygden og bar te aa snikkre og maale paa eigje Hann.
Men saa go Snikker og Maalar, som han Per Austrem da
ha vorte, ha de ikje vore i Vaagaa-Bygden førr. Maalingje
hans vart namnspord me Eingong og alle, som ha ein gjill Ting, døm vilde ha maala, lout ha
Fig. 50. Klukk-Kasse ette ’om Per Veggjem.
Maalar’n te gjera de. Og kom han
fyst i Huse, lout han maale upp-att
Skaap og Kjisto og mangt anna, som
ha vore maala fraa Gomolt, de va
den Glansen, maa’ta, i Maalingen
hans, som va saa grepa. Attaat di
va han saa reint over alle andre
Maalare, som førr ha vore, te aa
forgjylle og Rosinn, han sette paa Spilann
i Skaap-Dørom, sto sagte hell-ikje
mykjy att! døm va saa levandes,
som Ein skulde seett Blommann paa
Marken. I Aarom millom 1815 og
1835 va de mest ingen Gard som
ikje ha Maalar’n i Huse te aa maale
Skaape sine.
Um Vintrann dreiv han mesta me aa snikkre Klukk-Kasso, Styr-Slea[2] og eit og anna Ro-Skaape. Og me Snikringen sine ha han ou lært ei Konst, som va okjennd her i Bygden firi om, han be-la[3] me Rikka-Bjørk[4] di finaste Snikker-Arbei’e sine og den Beleggjingje, ha ingen Bygda-Snikker kunna, førr Maalar’n kom att fraa Røyros.
Maalar’n va hulde for ein Stor-Konstnar og di meste Arbei’e hans er ou baade saa vælgjorde og væl-fallne, at døm er oukjennde. Vissa er Klukk-Kassun hans ’taa fyste Slag; døm ha saa framifraa lugum Gjerd me di, han va saa gløgg te, aa raakaa di rette Maale baade paa Ner-Dele, Millom-Kassun og Klukk-Huse[5], de maata me kaarandre allt upp som Kassun hans skulde vore sjølvuksne. De ha Ingen naatt ’om Per te aa gjeva Klukk-Kassom ein fellin og andsynle Skapna og de visste han um sjøl ou, han sa de um mange Klukk-Kasso som andre ha gjort, at døm va som „ei lang-veka[6] Førkje“ aa sjaa paa. Di meste skar han ut paa Kolle og Utskurd’n hans er go og ala se fint; Maalingje va de likesom naagaa framont ve, han brukte saa mykje forgjylte Skjildringo paa Dørom og døm likna ette di som va maala i Kina og Japan. Desse Skjildringunn va nok godt gjorde og ruvde gjildt, men de va saa rar ein Daam ve døm mot de, som Folke va vande ve heruppi Dalom. Sume Gongo laag desse Bilæte hans ’taa Hus og Folk utta-paa[7] og de tykte alle va den største Konste han Per kunna. Døm pry’e godt i Huse Klukk-Kassunn ette ’om Per Veggjem; me di svarte, blanke Bott-Maalingen, di forgjyllte Bilæt’om, List-Verkje og Utskurde paa Kolle, høve døm væl i ei gomol Bonn-Stugu. Og troust er de allt, baade Tre-Verke og Maalingje, for døm ha hulde se like godt te i siste Ti’om.
Styr-Sleanne Maalar’n arbeidde, va ou baade trouste og lugume og di meste ’taa døm va vakkert maala, roue, me ein ljos-blaa Gang, som fyl’de Kante paa Sæte umkring. Denne Gangen va paa-lag tri Finger brei me Rogne-Louv og Rogneber-Kringe ette heile Gangje. Han va no reint ein Mestar, han Per, te aa maale Louv og Bla’ ’taa alle Slag.
Skaape, han Per maala va mest stødt myrke brone me ljosblaae
Spile[8], grøne Liste og forrgjyllt Utskurd. Jemnan sette han
Skjy-Flekkje[9], hell Droplo paa Baatt-Maalingje, summe Gongo ’taa
Gull og summe Gongo me ljosrou Maaling og detta tykte Folk
høvde saa væl. Paa Skaap-Dørom maala han Blomme og Rose
som va levandes like se[10], men han maala stødt saa lange og
granne Stilke paa Blommon sine, at de er ikje alle Ti’e, døm
tek se saa godt ut, som døm er godt maala te. Me Ros-Maalingen sine, heldt han se mest ette Nature og tok Mønster paa
Marken ’taa Blaabjøllo, Nupblome og andre ville Blomme.
De vart difor ein langt a’an Daam ve ho, hell den gamle Ros-Maalingje
paa Lesja, i henna er de Krill-Skurd’n som er Grunn-Mønstre
og som er te-maata paa si eigje Gjerd. No va nok
Fig. 31. Ros paa ei Skaapdør ette ’om
Per Veggjem.
Maalar’n be’re hell di
gamle Lesjingann te
aa laagaa te Maalingje
si og ha full be’re
Hann-Lag me Pensele
ou, men likevæl er de
fyst-Lag ho ala se saa godt
Ros-Maalingje hans
Per, som den beste aat
Lesjingom. Ikje fordi,
Skaape han maala og
vissa Stuguskaape ette
Sæterdøle, som han
maala mange ’taa, er
vakkert maala, men Rosinn
vil mest som ikje høve
me Skurde paa Skaapom,
hell svaaraa heilt
te Gjerd’n. Av og te
maala han vakker Ros-Maaling
paa gomol
Lesja-Gjerd.
Han Per Veggjem vart paa fleire Vis ein Lekk millom di gamle og di nye Ti’om, som heldt paa flout inn-i Dal’n og her i Bygden va han den, som kom me eit Umskjifte i Snikker-Hannverkje og i Maalar-Konsten. Styr-Sleann hans tok att ’taa di gamle Kjørkje-Sleaom som va tjukk-gjorde og tonge for Heste, men likevæl va overlag vakre. Ro-Skaape og di andre Skaape, han gjorde, sette trast di gamle Stugu-Skaape i Skuggjin og brøytte upp Veg for Skattol-Gjerd’n, – han gjorde ou nogre faa Skattol. Og Maalingje hans sette ein ny Smak i Folk –: førr ha alle lika di bjerke Leetann, rondt og blaatt, grønt og gult, men Maalar’n va redd de, som va bjerkt og som skjolda[11], og saa vart de den myrk-brone Bott-Leeten, som tok att ’taa di gamle blaa-graae. Me di skapte Malar’n ei ny Gjerd ette se ette di, han baade va ein Mann me go’e Gaavo og ein full-lærd Hannverkar. Fleire tok ette ’om baade me Snikker-Arbei’e og Maalingen, og no vart de „Veggjems-Gjerde“ som kom te aa raa’ ein Manns-Alder ette ’om.
Heime i Veggjem ha Miaalar’n ei Høgstugu som va upp-bona[12] me Bord og Stole, Spile, Skaap og Klukk-KKasso og mange andre fine og dyre Bonas-Ting. De meste ha han gjort sjøl men somt ha han kjøpt, og denne Stugo i Veggjem va um-taalaa ivi heile Bygde, de fannst nok ikje Maakan aat di Stugu-Bona’e i naagaa Bonn-Hus inna-bygdes i di Ti’om.
Maalar’n va ein Selle paa summe Gjerdinn, lonfengjin og seer og va snøgg te aa bli tykkjin. Drykken va han gjert paa og han, og han Ellan Li’n, va tvo go’e Par-Heste. Han liktest paa han Ellan og va ein liten, lett og veik Kar, men naar han va drukkjin vart han saa sterk, at han kjennde se go for aa gaa ei Kule me kem, de skulde vera. Og da vilde han endele prøve Magte si paa inkun; døm som kjennde han, let han faa golve se dugele, men saag stødt te aa plaage mest Live ’taa ’om fyst – de likte han framifraa. Han ha de me aa bli grusele laak i Brennvine[13] og da trudde han stødt, de vart Douin me se. Eingong han va go og full og bar te aa bli laak, senda han Bo paa Grannin sin, han Sjugurd Veggjem, de va full eitt og anna, han vilde faa han te aa rettlei’e ette se, naar han ha kvitta Verde. Da Mann kom i Dør’n, sa han Per: „Aa, eg kjenne deg ikje hell, no, Sjugurd!“ Ein a’an Gong ha han vorte liggjande i Koll-Legje ute paa Marken saa laak, at da trudde han de va trast gjort me se. Kammeratann hans tok og bar han inn att og mea’ døm bar han imillom se, ba han døm, aa sleppe se ne ei litol Ri’, mea’ han fekk andast[14]. I ei slik Ri’ vilde han ha Kjeringje si te aa syngje aat se: „Syng Gudskjelov no, Ymbjør! – ho staar i Tomas Falster,“ sa han.
- ↑ te Trees, og te Sme’s: hendog baade te arbeie Tre og Jønn.
- ↑ Styr-Slea: Spidsslea.
- ↑ be-la: „belagde me Finer“.
- ↑ Rikka-Bjørk: Bjørk som er flammot i Ve’e.
- ↑ Klukk-Huse: øvre Parten me Koll og Dør for Tal-Skjivun.
- ↑ lang-veka: lang i Vekje („Midjen“).
- ↑ laag utta’-paa: „halv-Relief“.
- ↑ Spil: Fylling.
- ↑ Skjy-Flekkje: smaae Dotte ’taa matt Gul’-Mjøl hell rou-bleik, tunn Maaling.
- ↑ like se: Blommann likna levandest døm paa Marken.
- ↑ skjolda, aa skjolde: ruve, brikje, fell i Ougunn.
- ↑ upp-bona: „møbleret“.
- ↑ laak i Brennvine: kleen ’taa Drykkje.
- ↑ andast: gjeva upp Aande.