Røvarann i Meiskaar
Di tvou siste Aare Hollsteinkarann laag ute, va de tvo Tjuve som leikte og rana og stal paa slik stygg Vis i Bygden, at alle Folk gjekk me Otte paa se te kaar Ti’. De va ein heitte Nils og den andre Jakup og andre Namn hell Tjuv-Nils og Tjuv-Jakup ha ikje Folk paa døm, for døm va ikje Bygdafolk nugun ’taa døm. Baae tvo heldt se i Skog og Maark i Skugg og Skjyle og saa vare um se va døm, at korkje Faut hell Le’smann va Kare for aa faa Tak paa døm.
Daa Staal-Sætrom va de ein Maargaa, fysst paa Saamaare, Budeia i Haarelsta-Sæter’n vart søkkjande burte, Krytyre vart staaande te langt fram-paa Dagen førr di andre Budeiunn paa Stule vart var di. De vart leita høgt og laagt, vidt og breidt og sist vart de ringt me Kjørkjeklukkom ou, paa Vone, um ho kunde vorte inn-tikjin. Men burte va ho og burte vart ho og ingen kunde skjøne kaarles de ha gaatt te.
Lite seinar um Saamaarn va de ein Dag de kom inn ein ong, vælklædd, utta’byggdes Kar i ei ’taa Veoli-Sætrom. Han fekk Mat og Skjenk for Budeiunn trudde han va ute paa Øykje-Leiting. De va ein lentog og morosamd Kar og da han ha sute ei Stonn, bar han te aa gjera Konste aat Budeiom saa døm ha go Moro ’taa di. Best de va, sporde han ette um døm kunde skaffe ’om ein utslitin Skraa-Sole, saa vilde han syne døm, at han va Mann for aa taakaa Fisk i Veun paa ’om og de ogo’-aat Veofosse. Ei ’taa Budeiom fann ein stor Skraa-Lapp ho ha seet laag og drogst fram-me Veggjom, og da denna Sellin gjekk ivegen paa Fisking, fylgde Budeiunn i baae Sætrom me for aa sjaa paa detta Spire. Men Fisken beit ikje, maa’ta, paa Skraa-Lappe og de sa Jentun au, at de visste døm firiaat. „Aa de bit nok inkun Sta’an,“ meinte han, kasta Skraa-Lappen fraa se og tok upp-me Elven.
Men, da Jentunn kom fram-paa Sætrinn att, saag de vakkert ut! – de ha vore Folk inne i baae Selom og tikji all den Budrotten som va. At de va han Nils og ’n Jakup som ha vore framme att, visste alle, men kaa hjolpte de, naar de ikje sto te aa fakle døm.
Ve Larsuk-Leite um Housten kom de ein ong Gut gaa-ande fraa To-Sætrom ne-igjønom Ottdals-Li’e, tile ein Maargaa førr Sole rann. Best han gjekk ette di smale Kløv-Stigje, fekk han sjaa de slo upp Røyk fraa ne-onde Meiskaar-Bergje[2] nord-i Ott-Fare. Detta tykte han va rart og vart hoga te aa gaa radt nord-te aa sjaa, kaarles de kunde haa se. Da han kom fram stillte han se ut-paa Hoggberge og glytta ut-ivi – jou, der sat tvo onge Gute og ha ei Jente imillom se og kem a’an mena døkk de va, hell Haarelsta-Budeia som vart burte! Guten kjennde ho me di saamaa og ho va ikje sjaa-ande te aa vera ille te-kome, den Megga, for ho va likt te haa stor Kjennskap og Vennskap me di eine Gute, den største og føraste ’taa døm. Guten ha se fraa att likesaa stillt, som da han kom og onna se me aa varsle Folk um, kaa han ha seet – han skjøna me di saamaa, at de va her han Tjuv-Nils og han Tjuv-Jakup ha Grene sitt. No samla de se Folk fraa fleire Lei’e, men de va ikje som aa seja saa, aa gaa paa dessa tvo Ransmennann, likevæl, døm ha nok baade Krut og Kulo, di Karann. Men trast døm merkte, at de sto Manngard um Meiskaar-Berge, sette døm aat opne Elven me einn Gong og den eine me Jentunn paa Ryggje. Og døm baska se over aat hine Si’un og me di va døm berga.
Ette dessa va de stillt ei Ti’; men da de lei’ saa Snjogen va kome, vart de stole baade Pening og Sylv ei Natt fraa ei Høgstugu paa Toulsta. De synte, at Tjuvann ha liggji i ei Høy-Ly’u i Toulsta-Jorde og venta, te Nattmyrkne kom og kem som ha vore ute, visste Folk allfor-væl. No vart de lyst fraa alle Kjørkjebakke i Norddale, at den, som kunde fakle desse tvo Røvarann, skulde faa stor Betaling og Lette baade i Skatt og Kongens-Tenest og Toulsta’n, som va Le’smann, laavaa ut aa leggje att-aat ein go Pening-Som ’taa sine eigne Pening.
Onde Romongard laag de i desse Ti’om eit Ut-Eng som kallast Maursta, og døm ha stødt ein Høystakk der, som døm kjørde heim fysst paa Vinterføre. Da ein Tenestkar kom og skulde taakaa Høystakken, trast firi Jul, va han ope inn-i og de synte, at tvou Menneskjo ha havt sitt Te-holl der ei Ti’. Tenestguten tvilte um, at de lout vera Meiskaar-Røvarann, difor let han Stakken staa o-røyvd, donta væl te att ette se som de va førr og foor heim-att. Di neraste Neet’n ette heldt Folk Vagt ivi Høystakkje, men di tvo va forr-sløge te aa gaa i Fella.
Paa Folldale va de tonnt byggt denne Ti’e og langt millom Uppsittjarom øvst i Bygden. Ein Laurdag ve Avdaagaas-Leite imillom Jul og Nyttaar, kom de tvo Kare og ba Hus te Natten paa ein einbølt Husmannsplass paa Folldale. Husmann sat einsle inne og vogga eit nyfødt Baan og Kjeringje og ei halv-vakse Dotter va i Fjose og kvellstellte. Di tvo fortalde, at døm vilde aat Østerdale paa Handel og gat um, at døm va ikje vande me Husrum og skulde radt liggje paa slette Golve for di Skuld. Mann ha vore ve Dovr-Kjørkja A’an-Dag i Jul og her høyrde han Lysingje um di tvo Tjuvann, som ha vore slik Bygdaplaage paa Vaagaa. Og da han fekk lagt paa Varmin saa de vart væl ljost i Huse, rann de saa kvast for ’om, at dette sikkert va di tvo Karann’, for døm svaaraa te Lysingen all upp. Han vart fælin men let se ikje merkje, han gjekk ette aat Fjose og ba Dottere taakaa Skji paa se og faaraa te-bygda ette Folkehjolp te um Maargaan i Ljosningen.
Di tvo Framondkarann vart væl stellt me; men da de kom Folk ette Stigje upp mot Husom i Ljosningen, vart døm fælt orolege ’taa se. Mann fortalde, at de va Faddre, som skulde følgje di vetle Baane deres til Kristnan um Dagen. Han fann fram ein Brennvin-Buttel og bou ein Dram og me di saamaa høyrdest eit kvellt Maal ute: „Kaa Fa’n er døkk hegda ette, Kare, me aa gaa paa Tjuve og Kjeltringe?“ Men da kom de Liv i Framondkarom, sa’n! – døm vilde te-dørs paa heilage Flekk men ho va væl stengd, og da han Jakup vilde setja ut igjønom Glase, saag han de peikte Børspipo imot se. Han Nils gav se trast og let se bakbinde men me ’om Jakup vart de eit hardt Basketak, han hoggde um se me ein avraa’e Kniv og spennte og slo, saa de va paa eit Hekte han ikje kom onda. Sist va de ein saa sterk, at han blaaheldt han mea’ di hine tok fraa ’om Vyrjo og bakbatt han.
Meiskaar-Røvarann’ vart dømde te Festnings-Arbei’ paa Leve-Ti’e og Folke paa Vaagaa kjennde, de datt ein stor Otte ’taa se.
Nei, der spordest de, um ei Ti’ at baae tvo ha rymt fraa Akershus og va komne paa Fri-Fot att og Folk fekk verre hell illt for di Skuld. Men da Hollsteinkarann’ kom te-bygda fysst paa Saamaare, kunde døm fortelja, at døm ha seet han Jakup i Hollstein, og de tykte alle va ei go Ti’end. Allt va no stillt te de lei’ saa Stemn-Fjordingen kom og mange Handelskare ha samla se umkring Markna’splassen paa Lom. Da vart Folk uppskremde te-gagns –: fysste Markna’sdagen, tile um Maargaan, fann døm ein te-kcome, rik Handelskar ihelstongje i ei Ly’u ve Markna’splassen og Teknebokje hans va burte! De vart Gransking og Leiting ette Gjernings-Manne og ut paa Dagen fann døm – han Tjuv-Nils, høgt uppi Li’n i ei Urd. Mugjin ha vilja kvitta’n me di saamaa, men de va nugun som av-øyde de me di, at døm sette fram, at han lout gjera Grei’e for, kaar han Jakup foor. Han Nils fortalde, at han va i Følgje me ’om Jakup te Kvell’n førr, men sia’ ha han korkje seet han hell visste kaar han va, og um Morde paa Handelskare sa han reint ut, at han ikje visste de alle-ringaste. Dette saamaa heldt han fast ve, da han kom for Retten.
Han Nils vart likevæl dømt te aa hengjast i Galga i Rosten, og Dagen førr han vart hengd, vart han førd fraa Le’smanne paa Toulsta over Aasen aat Romongard. Um Eftan den saamaa Dagen, kom de faaraande ein Romsdøl aat Romongard, og han kunde fortelja um Endlykte me ’om Tjuv-Jakup. Fraa Fjørdingsmarkna’e ha han strokje beint aat Romsdals-Fjordom og der heldt han se ei Ti’ paa ei folketom Øy. Dit ha han rana aat se ei ong Jente han heldt me Vold og Magt hjaa se. Men sist ha ho kome se lous fraa ’om saa lang Stonn, at ho kom se uti Baaten og sette paa Fjorden. Han Jakup lagde ette te-svoms og fekk att-i Baatbarde me Fingrom, men Jenta faataa den lange Kniven hans som laag i Baate og hogde han paa Fingre, te han lout sleppe Tak og bleiv paa Fjorde. Dette fekk no han Nils høyre, au.
Siste Natte hans Tjuv-Nils, heldt han Paal To Vakt over ’om paa Romongard, han va enda nettup att-kome, han Paal, og ha gjort Vakt paa Fredrikstein. Han taalaa mykjy ve han Nils um Natte og sporde han ut, um mykjy og mangt fraa Ferdom me ’om Jakup. Ve han Paal sa han au de, at han alder ha vore me aa støkkt Liv og hell-ikje saag han, at han Jakup gjorde de. Men han Jakup va saa aagaalous gjert ette vakre Jento, at han styrde se ikje. De va Eingong de va hulde Dans i Laargardsmo, han endele vilde taakaa ho Ymbjør Jøraansta – han va enda inn-paa Dørahella tri Vendo og kaar Gong tok han Nils han att-ende, og de va me stor Nø han fekk av-øydt han me di. Bak-ette di Danse va de, døm laag i Høystakkje paa Maursta og han Nils trudde, de va for henne Ymbjør Jøraansta, han Jakup fann paa, døm skulde helde se der. Um Haarelsta-Budeia fortalde han, at ho vart saa hardt laak ette han Jakup svom over Otta me henne, at ho dø um ei snøgg Ti’ og døm grov ho ne i Ottdals-Li’n i Skogje ein Sta’n.
Ut-paa Natte vart han Nils orole og meir og meir utu Verd’n, Anger og Otte ga ’om ikje Fre den minste Stonn og de leitte saa paa’n te sist, at han spytta stinne Blo’e. „Gud forlaate’n Mor, Gud forlaate’n Mor!“ tok han upp-att og upp-att i Einingen. Da han Paal vilde veta, kaa han meinte me di, fortalde han ’om, at de fysste galne, han gjorde, va at han stal Høn-Egg paa ein Herregard i Smaalendom, der han va uppalin. „Ha ho Mor tukta me for de, saa ha de ikje enda i Galga me meg i Maargaa, men att-i Sta’n talde ho meg te aa stela meire Egg. Aa, Gud forlaate’n Mor!“ sa han.
Um Maargaan førr han vart hengd, kom de ein utta’bygdes Prest for aa gjeva ’om Nils den siste Trøste og Presten fylgde ’om paa Rettarsta’n i Rostkleiven. Presten ba ei inderle Bøn for ’om mea’ Reipe vart lagt um Halsen hans Nils, og da han vart høvja te-ve’rs, va Presten saa burte i Bøn sine, at han høvja se upp paa Tæom mea’ han ba, ette som han Nils vart heist upp. Han Nils krøkte berre paa eine Foten lite og me di va Live sløkkt. Han hekk mange Daagaa førr han vart skore ne og jorda onde Galga. Folk endsa paa, at eine Vetlfinger’n va ’taa ’om tikjin, da døm jorda han; Vetlfinger’n ’taa ein, som va hengd, skulde vera ei Roon-Raa’ som alle Trollkjeringo og Roonkalle sto ette aa faa Tak i, maa’ta, og den Vegen ha nok Vetlfinger’n hans Tjuv-Nils fare. Stelle, der Galgjin va reist, kallast Nilsbakkjin den Dag idag er og Folk har havt de te di, at de ofte har vist se Skrymt der.
- ↑ Dette Stykkjy er kome fraa Skulestyrar Fr. Hougen i Kragerø ette at Manuskripte va senda og Prentingje langt paa Veg kome. De er att-gjeve saales som Hougen høyrde de i sine Baan-Daagaa, og at de ligg ei sann Hending te Grunn for di er ikje aa tvile um, men de er de onderlege, at ikje naagaa er funne um de i Rettsbøkom fraa desse Ti’om. Sjaa Stykkjy um han Tjuv-Tjøstol og han Tjuv-Nils S. 86.
- ↑ Meiskaar: ei Trøngje i Elv-Fare trast austa’for Aassaar-Gardann; Meiskaar-Berge er eit høgt Tverrberg som gaar beint ne-i Elve paa søre Si’a og ne-ve Elvsbredde er de ei Glipe inn-onde Berge, som ein stor Skut.