Det norske Samlags Forlag (s. 139-140).

Eigøng hadde Thronde’n vøre paa Høvtuno aa høggji Juleotta, aa han kom kji te gaa heimatt før so i Skraameljøse om Kvelden, aa daa va han so drukkjin, at dæ va snautt, han va Kar før vigge paa gaa – han va so fæld te fylle se, maa veta. Baka Treve der paa Høvtuno æ dæ ein liten rund Haug, som dei kalle Pallen, aa som alt ongt Tyrase spelte aa leika se paa om Sunndagskveldadn. Han æ væl so stor som ei skjikkele Hustuft aa bratt paa tvaa Kanta ut te Ølmannvegji. Daa Thronde’n gjikk heimatt om Kvelden, møtte han ei Juleskrei paa Palle; dei skulde aat Hahaug i Julelag, aa Thronde’n steig paa Miadn aa ga se i Følgji mæ dei. Daa dei komo fram, møtte dæ dei ute ein Mann me kvite Stava, som dei skulde gaa inn mæ; men Thronde’n tok te engle aa banne aa slo se reine galen: „E vil ikji ha nokon Stav e, e vil heimatt te henne Brynil e!“ skreik han. Dæ mæ kom dæ ut ein gamal Mann mæ ein Nasa som eit Grev aa ba dei ha han dit, dei toko han ifraa, aa Thronde’n visste kji Orde taa, før han sto paa Palle att. So rugga han heim te henne Brynil, Kjeringen si. Ho saag ratt, at dæ va noko, som vanta ho, før dei, som ha vøre hjaa Haugafølkji, blia reint gælne, naar dei saa sjaa Vermeljøse. Han vilde drust ut att; men ho tok Børsa hass aa skaut i Krøss over Huvu, hass. Daa vart han role.

Sea ei Gong laag han i Hølteli’n aa høggde Bjelka. Om Kvelden hevde han se burti Hjallen aa laag let paa Munnhørpa. Daa han hadde lete lite, kom dæ innslettan tvaa spøkjile sine Gjentu o toko te flaskre aa danse ette Laatto hass. Daa dei hadde spelt se ei Ævu paa Tuften, kom dæ ei taa dei burtaat Hjalle, vilde liggji hjaa hono. „Ko iltendæ vil du her!“ vraala Thronde’n. Daa skrahlelo’o dei aat hono: dei tøtte detta va løgle aa morot, Trøllstye.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.