Di tvo Baat-Iva-Karann’

H. Aschehoug & Co. (s. 258-260).
Fig. 25. Baat-Iva-Baat ve Flatningen, bygt paa Lag 1774.
Di tvo Baat-Iva-Karann.

Paa Lag 80 Aar ette ’om Bersvein Baatbyggjar va de ein heitte Baat-Iva, som budde paa Ulmo paa Sells-Verkje. Ti’e da han livde er ikje funne saa full-viss, men han er dø firi 1790. Denne Mann ha Orde for, aa vera beste Baatbyggjar’n i heile Norddale og de ha han vore ou te all Visse. For enno er de ingen ette ’om te i vore Ti’, som ha vore go-te aa skaapaa ein slik Baat, som han. Di gamle visste ikje naagaa be’re aa seja um ein Baat hell de, at han va „Baat-Iva-Baat“ og døm synte se utu og va lette aa kjenne fraa alle andre Baate. Døm laag som ei Aann[1] paa Vatne, tunne og lett-gjorde men trouste for Aalvor; kaar Ting fyl’dest[2] saa maakaaloust godt um de berre va ei Seto-Fjøl[3], allt va, som de skulde vore støypt. Baatann hans Iva ha stødt 3 Bord-Ferde, va rumme i Botte og godt ut-lagde[4], kaar ein Skjøyt og alle Fellingo er Ve’i-Ve’[5] saa døm mest ikje vise se og Baat-Borde ser ut te aa ha vore mjuke som ei Reim millom Hendom hans. Og han visste ’taa sjøl, ou, at han va over alle andre te aa byggjæ Baate: „Døm si se go’e for aa byggje ein slik Baat som eg, men døm er ikje Eingong go-te aa gjera ein slik Kjeip, som eg gjere,“ sa’n Iva.

De finnst enno att 3 hell 4 Baate ette ’om Baat-Iva; denne som her er skjildra, er bygt paa Ner-Bjønnsta i 1775 hell 76 og enno er han saa go, at han me var Me-Ferd kan staa ut ein Manns-Alder. Aat di gamle Melems-Karom gjorde han Iva ein Baat, som va mykjy umtaalaa; døm vilde ha ein liten, lett Baat, som døm kunde fløtja snøgt imillom nogre Tjønne inn-i Fjelle. Jou, da gjorde han Iva ein Baat aat døm som va slik, han kunde skjøljast aat midt paa og me di va de radt leggje han paa Øykje-Ryggen og kjøre ein Halving paa kaar Si’e. De va ein Jønn-Bolt i Bott’e og ein sterk Haakaa paa kaar Si’e som heldt han ihop og han va saa væl ihop-fellt, at han knatt ikje ein Draapaa i Skjøyte. Denne Baaten ska enno vera te.

Ei Ti’ ette han „gamle Baat-Iva“ livde, va de ein Baatbyggjar, som budde i Baatsta i Ottdale; han heitte ou Baat-Iva, men um di tvo va saamaa Folke, er de ingen som veit. Døm kalla han „den onge Baat-Iva’n“ og han ha ou vore ein gjild Baatbyggjar saa Baatann hans skjøl se utu, men han ha no ikje, lell, rokkje Namna sine te aa skaapaa ein Baat.

Av og te ve 1812 va de ein glup Baatbyggjar i Kvite ve Vaagaa-Vatne; han ha vore den Kar’n, at han kunde skaapaa Baatann sine, som han sjøl vilde, og de ska de baade Hugu og Hann-Lag te. Han heitte Sjugurd Kvite og enno er de att ein Not-Baat ette honom, som er bygt i 1810. I Kvite ha Baatbyggjar-Hannverke helde se te denne Ti’.

  1. Aann: And.
  2. fyl’dest aat: høvde me ein-a’an; „harmonerede“.
  3. Seto-Fjøl: Tofte.
  4. ut-lagd: flaa, rum, som ikje knipe tverrt ne mot Bott’e.
  5. Ve’-i-Ve: saa væl ihop-fellt, at de ikje finnst den mindste Opning.